JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Pungar ut til hovudjegerar

Den norske staten har dei siste åra i aukande grad hyra inn hovudjegerar til rekruttering av nye leiarar. Ansvarsfråskriving, seier kritikarar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Då tidlegare justisminister Hanne Harlem vart utnemnd til sivilombod, var ho den einaste reelle søkaren. Likevel nytta Stortinget eit hovudjegerfirma.

Foto: Stortinget

11104
20200103

Bakgrunn

Det offentlege brukar stadig meir pengar på hovudjegerfirma ved rekruttering av leiarar og mellomleiarar.

I fleire tilfelle har det enda med tilsetting av ein intern kandidat.

Aukande bruk av hovudjegerfirma møter no kritikk for for unødig pengebruk og ein feig måte for å ha ryggen fri.

Rekruttering

vidar@dagogtid.no

Stadig fleire offentlege etatar tek i bruk godt betalte konsulentar ved rekruttering av nye medarbeidarar, både toppleiarar og mellomleiarar. Det siste året har Justisdepartementet hyra inn hovudjegerar i arbeidet med å tilsette ny politidirektør, ny overvakingssjef og ny riksadvokat. Politidirektoratet nytta hovudjegerar for å finne ny politimeister i Oslo. Høgsterett nytta konsulentfirma i arbeidet med å tilsette ny direktør og Stortinget engasjerte hovudjegerar for å finne ny sivilombodsmann. I 2016 brukte jamvel Statsministerens kontor for første gong hovudjegerfirma for å finne ny regjeringsråd, den øvste embetsstillinga ved Statsministerens kontor og i regjeringsapparatet, og enda opp med å tilsette ein av ekspedisjonssjefane ved kontoret.

Ein skulle kanskje tru at institusjonane sjølve var best skikka til å finne og velje kandidatar med «rett» kompetanse, men alle gjev uttrykk for at dei treng hjelp. Politidirektoratet seier også at ein nyttar konsulentar for å sikre habilitet.

Stortinget versting

Arbeidet med å kartlegge denne praksisen har teke lang tid på grunn av svært lang ventetid på svar frå fleire av institusjonane. Verst har Stortinget vore både når det gjeld tidsbruk og når det gjeld vilje til å gje innsyn. Stortinget brukte over tre veker på å handsame ein klage på innsynsnekt, men nekta framleis, som einaste institusjon, å opplyse om prislappen for konsulentbruken. Først etter ein ny klage der vi påviste at innsynsnekten er i strid med offentleglova, kom tala på bordet. Men dokumenta inneheldt omfattande sladdingar. Klart best var Høgsterett, som raskt gav fullt innsyn utan restriksjonar. Statsministerens kontor og Justisdepartementet hadde heller ingen problem med å gje slike opplysningar.

Magert resultat

Dag og Tid har fått tilgang til oppdragsbrev som hovudjegerane har fått. I fleire av dokumenta er det slege fast at konsulentane skal spore opp kandidatar. Resultatet er magert. I nesten alle sakene er det berre éin eller to reelle søkarar. Oppdragsgjevarane vil også at konsulentane skal gjennomføre testar av kandidatane. I oppdragsbrevet eller konkurransegrunnlaget frå Justisdepartementet for ny riksadvokat heiter det mellom anna om oppdraget for hovudjegeren: «Foreta dybdevurdering av aktuelle kandidater, herunder gjennomføre aktuelle tester (f.eks. evne-, rolle- og personlighetstester), dybdeintervju med kandidater og referanseinnhenting.» Også Statsministerens kontor ville i 2016 få utført testar av kandidatar med påfylgjande evaluering.

Sjølvskryt

Vi har også fått tilgang til tilbodsbrev frå hovudjegerane. Forutan å skryte av eigne kvalifikasjonar og merittar tilbyr dei personlegdomstestar av kandidatar til dei aktuelle stillingane. Nettsøk på firma som tilbyr slike tenester, gjev slike funn:

«(Selskapet) jobber med topplederrekruttering på tvers av bransjer og sektorer og legger mye energi i å forstå sammenhengen mellom selskapet og rollen. Like avgjørende er det å ha utviklet et meget dedikert og kompetent researchapparat som er i stand til å identifisere og tiltrekke seg de beste kandidatene. Vår evne til å jobbe både bredt og fokusert skaper muligheter for å dele erfaringer og ’beste praksis’ på tvers av både bransjer og selskaper.»

Og eit anna firma:

«(Selskapet) ble til som et resultat av et ønske om å være forskjellen som utgjør forskjellen for våre klienter. Hver dag minner vi oss selv på at alle våre handlinger skal legemliggjøre og realisere vår visjon om å være Norges mest anerkjente hodejegerbyrå, foretrukket for sin dyktighet, og som overgår alt annet i bransjen.»

Prislappen

Justisdepartementet har i år hyra inn hovudjegerfirma ved tilsetting av politidirektør, PST-sjef (overvakingssjef) og riksadvokat. Justisdepartementet hadde avtala 287.000 kroner til Amrop Delphi for å finne ny politidirektør som dei fann i PST. Her var det berre éin reell søkar, Marie Benedicte Bjørnland. Rekninga kom på 230.000 kroner, eksklusiv moms, ifylgje departementet. Departementet henta inn tilbod berre frå eitt firma av di ein kom til at berre eitt firma var kompetent for oppgåva.

Departementet bad om tilbod frå tre firma i arbeidet med å finne ny riksadvokat og ny PST-sjef. Berre to av dei tre leverte tilbod. Det tredje takka nei og grunngav det med manglande kapasitet. Tilbodsprisen på PST-sjefen var 200.000 kroner frå Amrop Delphi, som vart vald, og 220.000 kroner frå Mercuri Urval. Til denne stillinga var det berre éin reell søkar, Hans Sverre Sjøvold, politimeister i Oslo. Til riksadvokatstillinga låg tilbodet på 195.000 kroner frå Backer Skeie, som fekk oppdraget, og 185.000 kroner frå Visindi. Her var det berre to reelle søkarar.

Høgsterett måtte ut med 296.000 kroner til hovudjegerfirmaet, Isco Group, som var engasjert ved tilsetting av ny direktør i Høgsterett. Av tilbodsbrevet går det fram at konsulentfirmaet rekna med å bruke «160 effektive timer» på oppdraget, med ein timepris på 1850 kroner eksklusiv moms.

Politidirektoratet måtte ut med 245.000 kroner til konsulentselskapet Amrop Delphi, som var hyra inn i arbeidet med å finne ny politimeister i Oslo. Direktoratet opplyser at ein har avtale med fleire hovudjegerfirma og vel sjølv mellom dei. Her var det ingen konkurranse. Difor finst det ingen innkjøpsprotokoll. Direktoratet seier at ein nyttar konsulentfirma for å sikre habilitet og eit best mogeleg rekrutteringsgrunnlag til dei fleste leiarstillingane i politiet. Her var det fire reelle søkarar. Beate Gangås, avdelingsdirektør i PST, tidlegare politimeister i POD og tidlegare likestillings- og diskrimineringsombod, fekk jobben. Vidare søkte Terje Nybøe, førstestatsadvokat ved riksadvokatembetet, Bjørn Vandvik, konstituert politimeister, visepolitimeister i Oslo, og Johan Martin Welhaven, politiinspektør og leiar for felles eining for påtale ved Innlandet politidistrikt. Han er også tidlegare politimeister i Vest-Oppland og assisterande sjef for Spesialeininga for politisaker.

Sterkt kritisk

I 2016 hyra Statsministerens kontor for første gong inn eit hovudjegerfirma ved rekruttering til ny administrativ leiar ved kontoret, stillinga som regjeringsråd. Her betalte Statsministerens kontor 175.000 kroner til Delphi Consulting, som fekk oppdraget. (Selskapet slo seg i 2017 saman med det internasjonale selskapet Amrop International og skifta namn til Amrop Delphi.)

Dag og Tid har hatt kontakt med fleire tidlegare leiarar i statleg forvaltning som under handa er sterkt kritiske til ein aukande bruk av hovudjegerfirma ved rekruttering av nye leiarar. Synspunkta går ut på at konsulentbruken inneber mindre involvering og ei form for ansvarsfråskriving frå dei som eigentleg har ansvar for tilsettingar. Eller som det blir sagt: Det er greitt å ha nokon andre å skulde på om personvalet ikkje skulle bli vellukka. Samstundes blir det peika på at bruk av konsulentar kan vere ein metode for å velje bort kandidatar ein ikkje ynskjer, gjennom å gje underhandssignal til konsulentane og såleis likevel ha ryggen fri. Konsulentar som vil ha nye oppdrag, vil vere lydhøyre for slike signal, blir det peika på. Fagbladet Politiforum har tidlegare avdekt at Politidirektoratet har hatt ein praksis med å kontakte søkarar dei ikkje ynskjer for å få dei til å trekke seg før hovudjegerfirmaet leverer innstilling.

– Storindustri

Bruken av konsulentar, og ikkje minst metodane dei nyttar seg av, møter også motbør frå anna hald.

– Alle kan bli hovudjegerar. Det er ingen kvalifikasjonskrav. Lang erfaring er heller ikkje avgjerande. Å ha lang erfaring som far betyr ikkje at du er ein god far. Du kan godt ha lang erfaring utan at du er god, seier Paul Moxnes.

Han er spesialist i organisasjonspsykologi og tidlegare professor ved Universitetet i Oslo og ved Handelshøgskolen BI. Han er svært kritisk til det han kallar «hovudjegerindustrien». Han har fylgt utviklinga på nært hald gjennom mange år og meiner det er på tide å rope eit varsku mot det han meiner er ein aukande tendens til å overlate rekrutteringa til leiarstillingar til eksterne konsulentar.

– Hovudjegerbransjen er storindustri med store pengar involvert, slår han fast.

Han seier det er blitt meir og meir vanleg å setje ut – outsource – slike rekrutteringsoppgåver. Dels av di det er greitt å kunne skulde på andre om rekrutteringa ikkje blir vellukka, dels av di ein slepp å bruke tid og krefter på ein slik rekrutteringsprosess.

Særleg kritisk er Moxnes til bruk av «personlegdomstestar for å finne fram til «eigna kandidatar». Dette temaet tek han også opp i den siste boka si, Samspill og ledelse, som kom ut i 2019.

– Uetisk

– Rett ut sagt er det ingen vits i å bruke testar om det ikkje er eit stort rekrutteringsgrunnlag. Dersom det berre er éin søkar, har det null verdi. Dette meiner eg er ei heilt ukontroversielt utsegn. Dersom ein nyttar testar med berre éin søkar til ei stilling, må det berre vere for å tene ekstra pengar.

Moxnes viser til omfattande forsking som konkluderer med at personlegdomstestar har liten eller ingen verdi som middel til å seie noko om kor godt eller dårleg ein person vil vere eigna til ein jobb.

– Når ein veit dette, er det uetisk å bruke slike testar, og det er på høg tid at vi strammar til i personopplysningslova her i landet slik at det ikkje blir fritt fram for hovudjegerar å bruke slike testar ved rekruttering. Eg kan nemne at det no er lovstridig å bruke denne typen verktøy som bakgrunn for rekruttering i USA, seier Moxnes.

Stortinget

Stortinget har også teke til å bruke hovudjegerar for å finne sivilombodsmann. I tidlegare år var det aldri snakk om å lyse ut denne posisjonen. Det skjedde først gong i 2013. Før den tid søkte Stortinget råd hjå framståande juristar som til dømes legendariske professor Johs. Andenæs. Kjelder som kjenner rekrutteringsprosessen frå innsida, er i samtalar med Dag og Tid kritiske til at Stortinget har teke til å lyse ut dette ombodet som om det var ei ordinær stilling ein kan søke på vanleg måte. Sivilombodsmannen er eit tillitsombod valt av Stortinget, normalt for fire år om gongen, då det fylgjer valperioden på Stortinget.

Då ombodet vart lyst ut tidlegare i år, var det berre éin reell søkar: kommuneadvokat i Oslo, tidlegare justisminister Hanne Harlem. Konsulentfirmaet som mellom anna hadde i oppgåve å finne fleire kandidatar, fekk ikkje det til. Stortinget brukte fem veker og var først etter fleire purringar og klager viljug til å opplyse om at prislappen for konsulentbruken, med ein timepris på 2400 kroner, kom på 255.000 kroner.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Rett ut sagt er det ingen vits i å bruke testar om det ikkje er eit stort rekrutteringsgrunnlag.

Paul Moxnes, spesialist
i organisasjonspsykologi

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis