JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Pulveriserte prov

Gong på gong svikta rettssystemet Viggo Kristiansen. – Utan dei frivillige kunne ikkje Kristiansen vorte frifunnen, seier forfattaren Bjørn Olav Jahr.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Riksadvokat Jørn Sigurd Maurud offentleggjorde førre fredag avgjerda frå påtalemakta i saka mot Viggo Kristiansen.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

5167
20221028

SAMTALEN

Bjørn Olav Jahr

journalist og forfattar som har skrive to bøker om Baneheia-saka

AKTUELL

Riksadvokaten har bede om at Viggo Kristiansen vert frifunnen for overgrep og drap på Stine Sofie Sørstrønen (8) og Lena Sløgedal Paulsen (10) i år 2000.

christiane@dagogtid.no

Riksadvokat Jørn Maurud bad førre fredag om at Viggo Kristiansen vert frifunnen for drapa og overgrepa han, i lag med Jan Helge Andersen, vart domfelt for i 2001. Etter at saka er etterforska på nytt, er det klart at det ikkje finst prov som knyter Kristiansen til brotsverket. Tvert om byggjer prova opp under forklaringa hans, som er at han ikkje var i Baneheia då ugjerninga skjedde.

Forfattar og journalist Bjørn Olav Jahr har gjeve ut to bøker om Baneheia-saka, Drapene i Baneheia. To historier. En sannhet i 2017 og Prosessen mot Viggo Kristiansen i 2021. Han har vore overtydd om at Kristiansen er uskuldig.

– Korleis har det vore å jobbe motstraums med denne saka i fleire år?

– Motstanden eg møtte då bøkene kom ut, var kraftigare enn eg hadde venta. At det skulle vere så kontroversielt å sjå på prova på nytt og konkludere ut frå dei, overraska meg. Å tenkje sjølv var openbert ikkje god latin. Eg var overraska over kor sterk tiltru folk hadde til den dømmande makta. Det var ei heilag ku som ikkje skulle rørast. Sjølv syntest eg saka var enkel, fordi prova talte eit tydeleg språk. Det fanst ikkje prov, med unntak for Jan Helge Andersens forklaring, som var ufullstendig og full av hòl. Eg skreiv at her er det to historier og berre éi av dei er sann. Kva for ei av dei er mest plausibel? Min styrke er logikk og analyse, men fordi folk var så sterkt imot det eg skreiv, vart den faglege integriteten min trekt i tvil. Etter kvart vart ekkokammeret mitt større, med flinke folk som Hege Ulstein, Svein Tore Bergestuen og Frode Helmich Pedersen. Eg var bombastisk og sa at Kristiansen var uskuldig, med to strekar under svaret. Kanskje kunne eg vore meir tilbakehalden, men Kristiansen var i forvaring og såg ut til aldri å komme ut. Eg meiner det var bra at eg gjorde det eg gjorde.

– Kva synest du var det viktigaste i framstillinga til riksadvokaten?

– At han gjekk gjennom prova. Han var tydeleg på at mobilbeviset viste at Kristiansen var i bustaden sin. Eg oppfattar at han trur på Kristiansens forklaring, og det er første gong Kristiansen er trudd av påtalemakta. Det var sterkt. Riksadvokaten sa også at han på det sterkaste ville orsake. Finst det ein betre måte å be om orsaking på? Nei, orsakinga var krystallklar. Mange har snakka om at det har vore mørke dagar for rettsstaten, men denne dagen var ein lys dag for rettsstaten.

– Det er gjort mange feil i saka mot Viggo Kristiansen. Kva er dei grøvste feila, slik du ser det?

– Først at han vart arrestert og sikta i det heile teke, og at Andersen fekk ein redningsplanke ved å seie at han var eit slags offer. Rettssakene var forferdelege. Og så at gjenopptakingskommisjonen avslo å ta opp igjen saka i alle år, fram til tre av fem sa ja i fjor. Det har vore følgjefeil, fordi folk har stolt på politiet, domstolen og gjenopptakingskommisjonen, og ikkje har gjort eigne undersøkingar. Berre ei handfull har vore kritiske.

– Det dannar seg eit bilete av at representantar for rettsstaten gong på gong har svikta, medan jakta på sanninga og rettstryggleiken er driven fram av frivillige, i tillegg til av Kristiansen sjølv. Kvifor vart det slik?

– Det kan du seie. Noko av det grøvste var at då Kristiansen bad om å få oppnemnt advokat for å få saka teken opp igjen, sa gjenopptakingskommisjonen nei fordi saka var så enkel. Så nytta dei sjølv tre og eit halvt år på si eiga avgjerd. Kristiansen hadde 20 minutt telefontid i veka og stod utan tilgang til internett eller dokumenta i saka. På same tid jobba to bistandsadvokatar, to statsadvokatar og ein politiadvokat imot gjenopptakingskravet. Feigare lag får ein neppe. Heilt frivillige, som Halvard Sivertsen og Mikkel Tronsrud, har lagt ned tusenvis av timar i analysar. Utan dei frivillige kunne ikkje Kristiansen vorte frifunnen, og riksadvokaten trekte fram innsatsen deira. Det er eit tankekors.

– Baneheia-saka vil no verte granska. Kva spørsmål ønskjer du svar på?

– Grunnane til at motstanden i gjenopptakingskommisjonen har vore så stor. Det er også viktig å få fram kva som har skjedd i retts­medisinsk kommisjon, som mellom anna ikkje ville godkjenne ein dansk rapport som sa at det ikkje var grunnlag for å seie at det var to gjerningspersonar. Det var premissen i retten. Tvert om sa rapporten faktisk at det var meir truleg med fire personar enn med to.

–?Kva rolle har media spelt i denne saka?

– Media har med få unntak ikkje spelt noka rolle, men fungert som ein portvaktar som har beskytta makta framfor å utfordre henne.

– Kva kan vi lære av denne rettsskandalen?

– Vi må ikkje vere systemtru, og vi må ikkje ha berøringsangst. Ein må forstå at feil skjer, og at dei må rettast opp. Riksadvokaten har no vist vilje til å rette opp slike feil.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis