Lita skrift

Puch

Publisert

Ein dag såg eg naboen trilla inn i tunet ein gamal moped, ein Puch som han hadde arva etter faren. Ein kuriositet for naboen og for andre, men for meg var det som å møta seg sjølv i døra! Rettare sagt, som å møta ein snautt 50 år yngre versjon av seg sjølv i døra, ein konfirmant. Mopeden var den same, ein MS 50 modell 1958. Med to gir og pedalar.

Kul var han ikkje, og den teite hjelmen som følgde med, hjelpte lite, men kva gjorde det? Så lenge mopeden gjekk, og gjekk, og eg slapp å gå.

Slik eg minnest det, gjekk heile konfirmasjonskapitalen med til å kjøpa denne mopeden brukt av ein nabogut som sjølv hadde rykt opp i avdelinga for lett motorsykkel. Konfirmasjonen min var stort sett over etter det obligatoriske programmet i kyrkja, blådressen kunne bytast ut med ein meir høveleg i bevernylon som truleg var, som alt anna der i bygda, stole på kraftverket. Kjensla av fridom då eg kunne skreva over og trø i gang mitt eige køyretøy, kor vesalt det enn var, var så overveldande at eg gløymer aldri den stunda. (Sjølv om eg til så lenge måtte køyra på bøen, for eg vanta framleis skilt og, for den del, lovleg alder.)

Sidan har eg ofte tenkt på kva som i dag kunne gje ei slik kjensle av eufori (om ein dristar seg til å sjå vekk frå kvinner, born, barneborn osb.). Kva i 2023 kan måla seg med ein 58-modell Puch med to gir og trøder som kosta eit par tusen konfirmasjonskroner i 1974?

Førre veke fekk eg svar!

Svaret kom i form av ein Toyota Land Cruiser. Som sjølvsagt ikkje var ny, for då ville han kosta trekvart million og såleis gjeve fleire sorger enn gleder. Min Land Cruiser j9 er av 1998-modell, køyrd 323.000 kilometer, og så godt som utan plett og lyte. Han kosta om lag det same som Puch-en – omrekna i 1974-kroner – ein konfirmasjonskapital.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement