Produsentar, samein dykk!
Samanslåingar av offentlege tenesteytarar og kommunar, større verksemder og auka tilflytting til dei store byane vert resultatet om Jørn Rattsø får viljen sin.
Tysdag denne veka kom Siv Jensens store baby, den fyrstefødde av ei rekkje planlagde avkom: «NOU 2015:1 Produktivitet – grunnlag for vekst og velferd», altså den fyrste delrapporten frå produktivitetskommisjonen eller Rattsø-utvalet. Rapporten er på heile 542 sider og såleis eit godt døme på høg produktivitet, om vi då ser bort frå dei rundt tretti menneska som har vore med å laga han.
Så kva er produktivitet? Du sit truleg i ein stol når du les dette. Stolen er produktet, måten stolen er laga på, er produktivitet. Di raskare og meir effektivt vi lagar det same produktet, di billegare vert det, og di rikare vert samfunnet.
Eit døme: For fire år sidan kom den fyrste elbilen som vart folkeeige, ein Mitsubishi. Han kosta i 2011 220.000 kroner, no kostar han berre 150.000. Di fleire produkt du kan laga, di billegare vert det sist produserte produktet, såkalla marginalproduksjon. Dessutan gjer vi ting stadig betre di oftare vi gjer det. Mitsubishi kan dimed seia opp eller omplassera arbeidarar, og dessutan kjem det stadig betre robotar som kan gjera jobben i staden for menneske. Så godt som heile rikdomen og velstanden vår er basert på at vi vert stadig meir produktive når vi lagar stadig betre produkt på ein stadig meir innovativ og nytenkjande måte.
Litt nytt
Det er måten vi produserer ting og tenester på, Rattsø-utvalet, etter leiaren Jørn Rattsø, er sett ned for å sjå nærare på. Rapporten må vel kallast eit lærebokprodukt; han er truleg meint for politikarar og byråkratar med ei viss interesse for korleis velstand vert skapt. For økonomar og politikarar med særleg interesse for velstand og vekst inneheld han neppe mykje grunnleggjande nytt. Utvalet ynskjer færre reguleringar, oppmykjing av tariffavtalar og arbeidsmiljølov, mindre landbruksstønad, større verksemder, meir sentralisering og ein forskingsbasert samferdslepolitikk, alt basert på kva som gjer samfunnet og kvar einskild arbeidar meir effektiv. Dag og Tid kjem i månadene og for den del åra framover til å presentera dei ulike delkapitla nærare. Her skal vi mest drøfta det teoretiske grunnlaget som kommisjonen og Rattsø ritar opp.
Det fyrste Rattsø strekar under, er at produktiviteten må underordnast samfunnsøkonomien, som avgjer den samla velstanden i Noreg. Eit døme han stadig kjem attende til, er oljesektoren. I mange år no har han hatt ein stagnerande eller fallande produktivitet. Slik er det av di vi har produsert dei enklaste felta – dei lågthengande fruktene – fyrst, og av di den høge oljeprisen har gjort oljeselskapa og politikarane likesæle og altfor viljuge til å gje dei tilsette stadig høgre løningar og betre arbeidsvilkår. Produksjonskostnadene på norsk side av sokkelen har difor vorte 90 prosent høgre enn på britisk side av sokkelen, der konkurransen er mykje hardare og politikarane mykje fattigare.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.