Prisen for stormaktspeletIran har gjort det godt i rivaliseringa med Saudi-Arabia. Men sponsinga av krigar og opprør andre stader i Midtausten har ein stor kostnad på heimebane.

Iran har gjort det godt i rivaliseringa med Saudi-Arabia. Men sponsinga av krigar og opprør andre stader i Midtausten har ein stor kostnad på heimebane.

Dei siste dagane har tusenvis av menneske teke del i demonstrasjonar rundt i Iran. Dette biletet skal vere teke under ein demonstrasjon ved universitetet i Teheran 30. desember.
Dei siste dagane har tusenvis av menneske teke del i demonstrasjonar rundt i Iran. Dette biletet skal vere teke under ein demonstrasjon ved universitetet i Teheran 30. desember.
Publisert

I dette høvet kom egget først: Uroa i Iran skal ha starta med ein protest mot prisauken på egg og andre matvarer i storbyen Mashhad 29. desember, og den siste veka har tusenvis av iranarar gått ut i gatene for å demonstrere. Styresmaktene har gått hardhendt til verks for å stogge uroa, og fram til torsdag føremiddag skal over 20 menneske ha blitt drepne i demonstrasjonane. Blant klagemåla til demonstrantane er den høge arbeidsløysa og den nylege prisauken på mat og bensin: 22. desember varsla styresmaktene ein prisauke på 50 prosent for drivstoff, og slikt kan setje sinna i kok kor som helst.

Men slagorda i gatene no rettar seg òg mot den iranske deltakinga i den syriske borgarkrigen og pengestøtta til Hizbollah og andre utanlandske militsgrupper, melder Reuters. Og desse tinga heng saman. Krigføringa i Syria og maktspelet som Iran driv med rundt i Midtausten, kostar landet svært dyrt. Demonstrasjonane no kan vere eit teikn på at Teheran har strekt ambisjonane sine lenger enn økonomien gjev grunnlag for.

Den grøne rørsla

Hendingane dei siste dagane er den største politiske uroa i Iran sidan 2009, da den såkalla Grøne rørsla stod bak massedemonstrasjonar mot styresmaktene. Den gongen var protestane utløyste av mistanken om valfusk bak attvalet av den daverande presidenten Mahmoud Ahmadinejad. Iran er ikkje noko verkeleg demokrati: Det meste av makta ligg hos den øvste leiaren Ali Khamenei og Vaktarrådet, og dei kan ikkje kastast gjennom val. Men presidenten skal veljast av folket, og i 2009 reagerte mange iranarar med sinne på det dei såg som tukling med det avgrensa demokratiet i landet.

Den meir liberale motkandidaten, Mir-Hossein Mousavi, hevda at Ahmadinejad hadde juksa seg til braksigeren i valet, og det same meinte svært mange av Mousavi-tilhengjarane. Millionar av iranarar demonstrerte i gatene i Teheran, minst 36 (men truleg langt fleire) vart drepne, fleire tusen vart arresterte, og mange av desse vart torturerte i fengsel. No vågar altså iranarar seg ut i gatene for å protestere att, men av andre grunnar enn i 2009.

Vonbrot

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement