Prisen for dei fem ringane

Kvifor skal eit Oslo-OL bli fire gonger så dyrt som OL på Lillehammer? Takk IOC for det, seier journalist Andrew Jennings.

Publisert Sist oppdatert

Det kan gå inflasjon i alt, men prisauken på OL-arrangement overgår det meste. Vinter-OL i Oslo i 1952 kosta omtrent 150 millionar etter dagens kroneverdi. Lillehammer-OL i 1994 kosta 8,4 milliardar av dagens kroner. No vil som kjent Oslo prøve seg att, og eit eventuelt Oslo-OL i 2022 er planlagt å koste det offentlege opptil 23 milliardar kroner, og 35 milliardar totalt. (Det er før overskridingane som alltid kjem – Lillehammer-budsjettet vart firedobla.)

Kva kjem denne ekstreme OL-inflasjonen av? Mange årsaker, sjølvsagt. Fleire idrettar, fleire utøvarar, fleire mediefolk, meir av alt. Men ein av dei viktigaste grunnane er truleg politikken til dei mektige herrane av OL, Den internasjonale olympiske komiteen (IOC).

Dei 100 medlemmene i denne stort sett sjølvrekrutterande klubben, leia av belgiske Jacques Rogge, avgjer kven som skal få arrangere OL. Krava IOC stiller til arrangørane, og konkurransen mellom søkjarbyane, får kostnadene til å skyte i vêret, meiner den britiske journalisten og forfattaren Andrew Jennings.

–?Det IOC driv med overfor arrangørlanda, er utpressing. Dei seier i praksis: «Om de verkeleg vil ha OL, må de ut med enorme summar av skattebetalarane sine pengar. Elles respekterer de ikkje IOC. Og om de ikkje respekterer oss, går vi heller til ein autoritær leiar som Putin, som vil bruke så mykje som helst», seier Jennings til Dag og Tid.

–?IOC ønskjer seg sjølvsagt ikkje gamle anlegg i eit OL. Dei vil ha flotte anlegg med nye stolar, enda meir behagelege enn sist.

Korrupsjon

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement