Forteljingar om frykt – russisk kvardagsliv i skuggen av krigen

Prisen folket betaler

Dei russiske styresmaktene har funne endå ein måte å halde Ukraina-krigen i gang på – ved hjelp av pengane til innbyggarane.

Publisert Sist oppdatert

Det finst ei humorside på X der det same innlegget har blitt lagt ut kvar dag i fleire år: «Alt er mykje verre enn det var i går.» Sida heiter «Livet i Russland».

Eg har merka meg at spalta mi liknar litt på denne X-sida. Kvar veke set eg meg ned med PC-en og tenker at no er det på tide å skrive om noko hyggeleg til europeiske lesarar. Korleis vi enn ser på det, er eg nemleg glad i landet mitt.

Men vekene går utan at det kjem gode nyhende, i motsetning til dårlege. Så då er det same visa igjen: Ei av dei viktigaste hendingane denne veka var ein skatteauke.

I slutten av september fekk vi vite at finansdepartementet har planar om å endre skattelova: Dei vil auke meirverdiavgifta med 2 prosentpoeng og senke fritaksgrensa frå 60 til 10 millionar rublar i året.

Eg skal ikkje ta alle detaljane her, sidan vi risikerer å kjede oss i hel, men kort sagt er det slik at næringslivet må betale meir pengar til staten. Og å «senke fritaksgrensa» betyr at folk som ikkje har betalt meirverdiavgift før, fordi dei driv verksemder utan store inntekter, som frisørsalongar, småbutikkar og bilverkstader, no må begynne å gjere det.

Livet til vanlege russarar som har valt å satse på si eiga verksemd, blir med det vesentleg meir komplisert og vanskeleg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement