JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Pressa svikta i Bakke-Jensen-tilsetjinga

Om norsk presse hadde følgt med, kunne dei alt 14. august ha avslørt at forsvarsminister Frank Bakke-Jensen var hemmeleg søkar til stillinga som fiskeridirektør.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frank Bakke-Jensen vart utnemnd til ny fiskeridirektør i statsråd 21. september.

Jil Yngland / NTB

3839
20201023
3839
20201023

Politikk

vidar@dagogtid.no

I statsråd 14. august vart næringsminister Iselin Nybø oppnemnd som settestatsråd for fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen i tilsettingsaka for ny fiskeridirektør. I statsrådsvedtaket, som vart publisert fredag 14. august, heiter det mellom anna at «Ingebrigtsen på grunn av sin relasjon til en av søkernes ektefelle av forsiktighetsgrunner fratrer».

Kva denne samanhengen var, og kven søkaren var, vart først kjent då Bakke-Jensen vart utnemnd til ny fiskeridirektør i statsråd 21. september. Søknaden hans vart halden hemmeleg heilt frå han søkte 16. juni.

Kongeleg resolusjon

Dag og Tid bad nyleg Statsministerens kontor (SMK) om innsyn i statsrådsforedraget, den kongelege resolusjonen, som forklarar bakgrunnen for at Nybø vart oppnemnd som settestatsråd. Her står fylgjande å lese:

«Statsråd Frank Bakke-Jensen er blant søkerne til stillingen som fiskeridirektør. Statsråd Ingebrigtsen er en bekjent av statsråd Bakke-Jensens ektefelle, Hilde Sjurelv. Statsråd Ingebrigtsen har vært styremedlem i Sjurelv AS, hvor Hilde Sjurelv både er daglig leder og leder av styret. Statsråd Ingebrigtsen deltok også i feiringen av Sjurelvs 50 årsdag i 2018. Statsråd Ingebrigtsen anser at relasjonen til statsråd Bakke-Jensens ektefelle er av en slik karakter at han bør avstå fra å delta i den forberedende saksbehandlingen av søknadene til stillingen som fiskeridirektør.»

Gav grønt lys

Dette inneber at søknaden frå Bakke-Jensen ville ha blitt kjend om nokon hadde bede om å få oppnemningsdokumentet utlevert frå SMK.

Det ville ha gjeve grunnlag for open debatt om søknaden frå statsråden til denne stillinga, slik tanken bak opne søkarlister er. Hemmeleghaldet avskar all debatt.

Dag og Tid har nå fått klarlagt at statsråd Ingebrigtsen kontakta SMK 23. juni og varsla om at Bakke-Jensen hadde søkt stillinga som fiskeridirektør. Ifylgje SMK gav Ingebrigtsen då dei opplysningane som er nemnde i den kongelege resolusjonen. SMK opplyser no også at Bakke-Jensen, før han søkte, spurde statsminister Erna Solberg om ho hadde noko imot at han som sitjande statsråd, søkte stillinga. Det hadde ho ikkje.

Vil ikkje forklare

Vi har stilt fylgjande spørsmål til Bakke-Jensen:

1. Kva er det ved deg som person eller stillinga di som gjer at du fann grunn til å be om anonymitet då du søkte stillinga som fiskeridirektør, medan statsrådane Elisabeth Aspaker og Bent Høie ikkje fann grunn til å be om anonymitet då dei søkte stilling som fylkesmann i høvesvis Troms 2014 og Rogaland i 2018?

2. Var det andre grunnar enn at du var redd du ikkje skulle få stillinga, eller var det av di du var redd det skulle bli offentleg debatt om kandidaturet ditt før du var utnemnd?

Statsråd Frank Bakke-Jensen svarar slik:

– Eg bad om unntak frå å bli ført med namn på søkjarlista for å unngå uro rundt stillinga mi som forsvarsminister.

Han avslår å forklare eller utdjupe dette.

Nærings- og fiskeridepartementet uttalar at «departementet var samd i at den særlege tillita som posisjonen som statsråd krev, gjorde det rett at han vart unnateken frå å bli ført med namn på søkjarlista».

Vi har også stilt spørsmål til statsråd Nybø. Ho opplyser at ho vart orientert om søknaden frå Bakke-Jensen «før sommarferien», og at ho kanskje måtte tre inn som settestatsråd.

Vi har spurt statsråden om korleis hemmeleghaldet av søknaden frå Bakke-Jensen, som ho er ansvarleg for, harmonerer med Venstres haldningar, Venstre som tidlegare hadde offentleglov og innsyn som noko av ei paradegrein.

Statsråd Nybø svarar at ho har ingen motførestillingar mot hemmeleghaldet av søknaden frå Bakke-Jensen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Hemmeleghaldet avskar all debatt.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis