JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Presidentkampen på Stortinget

Abid Raja (V) fekk 31 blanke røyster då han vart vald til visepresident på Stortinget sist veke. Blanke protestrøyster har vore eit fast innslag ved den årlege konstitueringa av Stortinget.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Abid Raja vart vald til femte visepresident på Stortinget.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

4012
20191011
4012
20191011

Politikk

vidar@dagogtid.no

I nesten alle årlege konstitueringar av Stortinget sidan 1961 har det vore blanke røystesetlar mot nokre av kandidatane. Unntak har vore i få tilfelle når det har vore lansert to kandidatar. I 1965 vart Bernt Ingvaldsen frå Høgre vald med 80 mot 69 røyster for Nils Langhelle (Ap) og ei røyst for Trygve Bratteli (Ap).

Men også når det har vore to kandidatar til ein posisjon, har det hendt at det er levert blanke røystesetlar. Som ved valet av visepresident i 1993, då Edvard Grimstad frå (Sp) vann med 94 mot Jan P. Syse (H) med 64. Då var det fem blanke røyster.

Grøndahl og Grimstad

Tospannet Kirsti Kolle Grøndahl (Ap) og Edvard Grimstad (Sp) fekk også blanke røyster som høvesvis president og visepresident i åra 1993–96. Då Kirsti Kolle Grøndahl i 1993 vart stortingspresident, fekk ho 15 blanke røyster. Talet auka til 24 ved konstitueringa i 1996.

Det skjedde etter at Frp-formann Carl I. Hagen hadde kritisert Grøndahl i harde ordelag under konstitueringa for å kome med politiske utspel som ein stortingspresident ikkje burde gjere, ifylgje Hagen. Og Hagen opplyste at han kom til å røyste blankt. Det er den einaste gongen i løpet av alle åra sidan 1961 ein representant har sagt frå talarstolen i Stortinget at han ville røyste blankt.

– Syse hadde, med bakgrunnen sin, fortent å bli visepresident, seier Hagen til Dag og Tid i dag.

Dei mange blanke røystene som Grimstad fekk, var ifylgje fleire tidlegare stortingsrepresentantar Dag og Tid har snakka med, ein demonstrasjon mot at Sp hadde inngått avtale med Ap om fordeling av posisjonar for heile fireårsperioden.

Inge Lønning

Det er vel kjent at Inge Lønning hadde ei kvass tunge og ikkje var elska av alle. Men den viktigaste forklaringa på dei mange blanke røystene er mest truleg at det var ein reaksjon mot at KrF, Høgre og Venstre «gjorde opp rekning utan vert», slik Frp-formann Carl I. Hagen såg det den gongen.

Hagen heldt eit kjensleladd innlegg i Stortinget under konstitueringa i 2001 der han gjorde kjent at han hadde hatt ein «dagdrøm» om å bli stortingspresident. Han viste til at det hadde vore spekulasjonar i pressa om at dei tre partia som søkte regjeringssamarbeid saman, hadde planar om å gjere Hagen til stortingspresident for å sikre parlamentarisk støtte frå Frp.

Men, sa Hagen: «Søndag fikk jeg min dagdrøm knust. Dagen etter kommer de to hovedpersonene som har ansvar for knusingen av min dagdrøm, til meg og ber om støtte til å gjøre dem til statsminister og utenriksminister. (Kjell Magne Bondevik og Jan Petersen, red. merk.) Noen vil bruke sterke uttrykk om dette. Jeg vil nøye meg med å si at jeg synes dette er en litt selsom historie, en litt selsom måte å oppføre seg mot andre mennesker.»

Visepresident Hagen

Carl I. Hagen vart ikkje stortingspresident som han hadde drøymt om. Men i 2005 vart han vald til visepresident under Thorbjørn Jagland. I røystinga fekk Hagen 132 røyster, medan 25 setlar var blanke og éin røysta på Donald Duck.

Året etter vart begge attvalde samrøystes utan skriftleg votering. Men i 2007 kravde Rolf Terje Klungland frå (Ap) skriftleg votering då ein kom til val av visepresident. Jagland var då attvald samrøystes. Resultatet vart at Hagen fekk 118 røyster, 29 setlar var blanke, medan tre røyster fall på andre det ikkje var gjort framlegg om.

– Eg meinte at Hagen ikkje var verdig til å vere visepresident i Stortinget. Eg hadde ikkje snakka med nokon på førehand, men gjorde det eg meinte var rett, seier Klungland til Dag og Tid i dag.

Han seier det var ein reaksjon mot måten Hagen hadde opptredd på i valkampen i 2007, med utfall mot politiske motstandarar og mot flyktning- og innvandringspolitikken.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I røystinga i 2005 fekk Carl I. Hagen 132 røyster, medan 25 setlar var blanke og éin røysta på Donald Duck.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis