Kommentar

President i naud

Zelenskyj fekk ein varm velkomst i Oslo og ein kjølig mottaking i Washington.

President Volodymyr Zelenskyj og statsminister Jonas Gahr Støre i Oslo 13. desember.
President Volodymyr Zelenskyj og statsminister Jonas Gahr Støre i Oslo 13. desember.
Publisert

Då Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj landa i Oslo onsdag, kom han til vener. Støtta frå Noreg og dei nordiske landa ser ut til å vera botnsolid. Norden har ingen problem med å forstå at om Russland vinn krigen mot Ukraina, vil tryggleiken til heile Nord-Europa koma i spel. Difor vil Volodymyr Zelenskyj alltid vera velkommen til oss.

Sur stemning

Kontrasten var tydeleg til det Zelenskyj opplevde då han rett i førevegen var i Washington DC. Der var stemninga sur, ikkje minst i det republikanskdominerte Representanthuset. Typisk var det at den nye fleirtalsleiaren der ikkje ynskte å bli fotografert saman med Zelenskyj etter møtet mellom dei to.

Mike Johnson, som for kort tid sidan blei vald til leiar av Representanthuset, sa til Zelenskyj at han i og for seg gjerne såg at Ukraina fekk meir hjelp til å slå dei russiske invasjonsstyrkane tilbake. Men samstundes som Ukraina blir invadert frå aust, blir USA invadert av immigrantar frå sør. Ein kunne ikkje senda pengar for å sikra den ukrainske grensa mot Russland så lenge ein ikkje sikra den amerikanske grensa mot Mexico, argumenterte Johnson.

Uklart om støtte

Korleis det går med den amerikanske støtta til Ukraina, er i skrivande stund ikkje klart. Om politikarane i Washington lytta til Jonas Gahr Støre og høyrde korleis den norske militære og sivile støtta til Ukraina blir trappa opp, ikkje ned, er meir enn uklart. Noreg er i absolutte tal den fjerde største gjevaren til Ukraina, noko som er imponerande i seg sjølv. Men om den amerikanske hjelpa sviktar, vil det vera fatalt for den ukrainske fridomskampen. Mest sannsynleg går den amerikanske kongressen ut i juleferie i dag utan at noka ny støttepakke er vedteken.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement