JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Postmann
og heimehjelp

Posten vil flytte hundrevis av arbeidsplassar til Austlandet. Kan ei omlegging til andre arbeidsoppgåver berge jobbane?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kan ei omlegging i arbeidsoppgåvene medverke til at dei posttilsette ikkje hamnar på hylla, slik som denne bortkomne posten? Biletet er frå Postens ulevertavdeling på Lørenskog.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

3027
20190208
3027
20190208

Eg kikar bort på den raude postbilen som humpar nedover bakken mot huset til mor mi. Eg kjenner att postdama i grå og raud jakke når ho stig ut av bilen. Ho har levert aviser, brev og uønskt reklame så lenge eg kan hugse. No har kvinna smetta den siste konvolutten ned i den siste postkassen på runden. Ho smiler, vinkar og forsvinn inn i bilen att.

Denne veka melde NRK at Posten vil flytte hundrevis av arbeidsplassar rundt om i landet til Austlandet.

Pressesjef John Eckhoff i Posten Noreg vil ikkje seie nøyaktig kva Posten tener på sentraliseringa, men seier dei vil spare stort. Og endringa var varsla før jul. Mengda brev som skal leverast, har minka med 65 prosent sidan 1999, og ein biverknad er redusert postbering. Dei tre siste åra har posten òg kutta 1500 årsverk.

Men uavhengig av sentraliseringa har posten starta eit prøveprosjekt i Bodø, i samarbeid med Telenor og kommunen. Er folk villige til å betale for besøkstenester som kan hjelpe eldre og pårørande? vil dei vite. For kanskje vert ikkje postbodet berre postbod, men òg litt støttekontakt og heimehjelp, ein som ser til bestefar, skiftar lyspærer og går ut med boset. Slike ordningar er nemleg vanlege utanfor Noreg; i Frankrike leverer postbodet medisinar, hentar og leverer film og bøker og dreg på sosiale vitjingar til dei eldre. I Finland har dei prøvd ut om postbodet kan levere mat og klippe plenen òg, og i Nederland hentar dei og sjekkar inn bagasje når ein skal reise, melder Avisenes Nyhetsbyrå.

I Noreg er Telenor er alt i gang med å utvikle ein app der eldre og pårørande kan tinge skift av lyspærer, pakke på døra og boshenting. Dei ser òg om talestyring er mogleg, slik at eldre utan teknologikunnskap lettare kan tinge tenestene dei treng. Og SV melde før jul at dei ville leggje fram forslag om ei liknande ordning for Stortinget for å berge postberinga.

Kan slike omleggingar av tenester berge arbeidsplassar som elles går tapt?

Heime i Oslo ser eg ned på bosposen som ventar meg ved døra.

– Eg ville aldri betalt nokon for å gå ut med deg, seier eg som om posen kan høyre meg. Men kunne ei farmor ha nytte av eit slikt tilbod? Ville eg sleppe ein ukjend posttilsett inn til henne jamleg?

Ny forsking viser at eldre med kroniske sjukdommar har pårørande som er overbelasta. Og Posten har eit nett av lokalkjende postbod over heile landet.

Etter at eg flytta til byen, ser eg sjeldan snurten av postbil eller postdame. Posten har på mirakuløst vis hamna i mi postkasse i rada av identiske postkasser i gangen, kvar gong. Kan eg stole på at eg får posten eg skal ha, kan eg kanskje òg stole på at postbodet kan tømme boset og skru inn lyspærer. Og i staden for at postdama bed meg helse farmor i forbifarten, kan ho helse på henne sjølv.

Mone Celin Skrede er frilansjournalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kanskje vert ikkje postbodet berre postbod, men òg støttekontakt og heimehjelp.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis