Sideblikk

Post-sosialdemokratisk demens

Arbeidarpartiet taper retningssansen når dei prøver å koma på sporet av den nye tid.

Helseminister Ingvild Kjerkhol då ho deltok i Debatten på NRK torsdag i førre veke.
Helseminister Ingvild Kjerkhol då ho deltok i Debatten på NRK torsdag i førre veke.
Publisert

I daglegtale blir senil ofte brukt i tydinga senil demens. Det inneber at demens kjem av aldring. Folkelege uttrykk er alderdomssvekt, åreforkalka, gå i barndommen. Alderdom er rett nok ein sterk risikofaktor, men senilitet er ikkje ein direkte årsak til demens, for den tilstanden kjem av ulike kroniske hjernesjukdomar, til dømes Alzheimers sjukdom.

SPALTISTEN FEKK eit lite sjokk då fastlegen diagnostiserte han med «senilvorter». Det hjelpte med «seborreiske keratosar», som er vanlege og ikkje vond­arta brune flekkar i huda. Dei går også under namnet «gamalmannsvorter», sjølv om overdriven soling er ein medverkande årsak.

Senile endringar kjem med aldring. Dei oppstår i ulike organ, som hjernen, auga, øyra, nyrene og beina, og dei kan føra til kroniske plager og svekt funksjonsevne. Til trøyst er at senil kjem frå det latinske senex. Det tyder «olding» og var kopla til røynsle, klokskap og respekt.

Å VERA GLØYMSK, distré og ha dårleg minne er naturlege endringar med stigande alder. Somme kjenner seg presenile, slit med afasi og må gå ekstra­rundar for å koma på namn. I vår digitale verd tyr ein til Google.

Ein senil kan ha godt langtidsminne, hugsa mangt som hende i gamle dagar, og trivast i det. Den som er stutthugsen, har berre tak på det som hender her og nå, eller som nyleg har skjedd.

DET NARRATIVE sosialdemo­kratiet slit med minnet, og dermed også med kven dei er, kvar dei kjem frå, kvar dei er og kvar dei skal. Dei gjer høviske visittar til Gerhardsen, men held seg helst til åtte Erna-år. Orienteringsevna sviktar når dei prøver å koma på sporet av den nye tid og finna ein veg framover.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement