Helse

Portugisiske tilstandar

Rusreforma er langt på veg laga i Portugal. Men kor vellukka var eigentleg avkriminaliseringa av narkotika?

Ein seljar med cannabisprodukt på gata i Lisboa i mai 2014. Portugal har ikkje legalisert narkotika, men bruk av narkotika vart avkriminalisert i 2001.
Ein seljar med cannabisprodukt på gata i Lisboa i mai 2014. Portugal har ikkje legalisert narkotika, men bruk av narkotika vart avkriminalisert i 2001.
Publisert

Rusreforma er ei av dei store politiske stridssakene i Noreg denne våren. Regjeringa vil avkriminalisere bruk og oppbevaring av mindre mengder narkotika til eige konsum. Kritikarane fryktar at resultatet blir auka forbruk, medan tilhengjarane av reforma meiner frykta er grunnlaus. Kanskje kan vi finne nokre svar lenger sør i Europa, for forslaget til regjeringa liknar mykje på reforma som Portugal innførte i 2001.

Inspirasjonen går tydeleg fram i utgreiinga som ligg til grunn for reforma, Rusreform – fra straff til hjelp frå 2019. Der blir den portugisiske modellen drøfta over mange sider (og eit søk på stikkordet «Portugal» gjev 190 treff i utgreiinga).

Avkriminaliseringa av narkotika i Portugal er eit referansepunkt i internasjonal debatt om ruspolitikk. Men kva kan Noreg og andre land lære av erfaringane derifrå? Det er ikkje enkelt å svare på, og den liberale og den restriktive sida i dette ordskiftet tolkar resultata i Portugal heilt ulikt. Først treng vi litt historisk bakgrunn for å skjøne kvifor portugisiske styresmakter la om kursen kring tusenårsskiftet.

Omvelting

Slik tilfellet gjerne er i ein politistat, hadde portugisarane svært lågt narkotikaforbruk under diktaturet som varte til nellikrevolusjonen i 1974. Med fridomen følgde aukande bruk av narkotika. I tillegg kom mange portugisiske soldatar heim frå dei tapte koloniane med eksotiske rusvanar.

Og geografien skapte særeigne problem: Portugal vart eit svært viktig transittland for narkotikasmugling. Store mengder cannabis frå Afrika, kokain frå Latin-Amerika og heroin frå Spania vart sende gjennom Portugal, og slik transport set som regel spor langs vegen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement