Bakgrunn
Porten til paradis
Tysdag melde pakistansk fjernsyn: «Talet på martyrar i Gaza har nådd 10.000» – mange nok til å stogga normaliseringsprosessane mellom Israel og arabarstatane, men enno ikkje mange nok til ein storkrig.
Skjermdump frå ein video lagd ut på sosiale medium 15. oktober. Reuters har stadfesta den geografiske staden, men ikkje tidspunktet. Truleg ser me eitt av hòla i tryggleiksgjerdet kring Gaza som Hamas-krigarar tok seg gjennom om morgonen 7. oktober.
Skjermdump
Ein arabiskkunnig lesar var så venleg å gjera merksam på at eg førre veke feilstava shahid, martyr, og melde elles at ho fann saka særs interessant. Takk, det er no retta i nettutgåva, og det er berre å læra seg ordet fyrst som sist. Det er kjent av fleire enn det bur menneske i Europa. Breitt gjennomslag er ikkje uvanleg for religiøse nykelomgrep.
Slik det greske ordet for vitne, martyr, er teke inn som lånord i mange språk, er det arabiske ordet for vitne, shahid, teke inn, med ulik stavemåte, i mellom anna persisk, somalisk, tyrkisk, sundanesisk, hindi, kasakhisk, kurdisk, malayisk, tadsjikisk, turkmensk, usbekisk og urdu.
I samband med «Al Aqsa-syndfloda», Hamas-namnet på Gaza-krigen, les og høyrer folk i heile verda no om shahid, martyr. Dei 40.000 pakistanarane i Noreg, og dei 230 millionane i Pakistan, som fylgjer nyhendekanalen Dawn, høyrde tysdag at «talet på martyrar i Gaza no har passert 10.000». Få trekkjer Hamas-tala i tvil. Kring?4.000 av dei er hylla som barnemartyrar.
Krig og tru
Sjølvmordsåtak mot sivile kan gjera så stor skade at dei utløyser krig. Men dei krev martyrar. Når krigen fyrst er i gang, vil han rekruttera fleire martyrviljuge. Kvifor? Kvifor vert mange meir religiøse av krig? Av di krig mot muslimar er det viktigaste teiknet på at domedag er nær.
Ein gong sat eg ein sein kveld i ein bil langt sør i Egypt. Eg hugsar ikkje kvifor, men sjåføren kom til å nemna profeten Job, og då eg som vestleg overraska han med god kjennskap til Job, vart han tillitsfull og fortalde at Golfkrigen endra han. For fyrste gong fór han til Mekka på hajj.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.