Populær eller populist?
Trygve Slagsvold Vedum har leidd Senterpartiet til nye høgder. Det kan vere fordi Senterpartiets politikk har vorte meir aktuell – eller fordi Vedum er ein populist av rang.
Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum møtte i bunad under Stortingets munnlege spørjetime med Erna Solberg i mai i fjor, for å markere støtte til bunadsgeriljaens protest mot eit redusert fødetilbod i distrikta.
Foto: Vidar Ruud / NTB
Det verkar alt lenge sidan, men då Trygve Slagsvold Vedum vart vald til leiar i Senterpartiet ein aprildag i 2014, klappa partiet på mange måtar inn den snillaste guten i klassen. Senterpartiet var prega av intern strid. Frå éin leir i partiet hadde det i lang tid hagla stygge ord om Liv Signe Navarsete og kor mislykka ho var som leiar. Ein annan leir mobiliserte for å fjerne Ola Borten Moe frå leiinga i same slengen, med både politiske argument og grove personåtak som middel.
Vedum, som med sine 35 år vart vald til den yngste senterpartileiaren i historia, var det ingen som hadde noko negativt å seie om, sjølv om han på den tida ikkje hadde same «stjernestatus» i partiet som Ola Borten Moe og Marit Arnstad. Bonden og småbarnsfaren frå Stange i Hedmark hadde halde seg unna alle gruppedanningar og personåtak i partiet, og han hadde halde på humøret mens partiet låg nede på 5,5 prosent. På landsmøtescena heldt han fram ein kaffikopp og rådde alle i partiet til å ta ein kaffi med den dei skulle ha noko uoppgjort med.
På dette tidspunktet visste ingen at amerikanarane skulle stemme fram Donald Trump til president i USA eit par år seinare. Få eller ingen kunne heller sjå for seg at mannen bak kaffikoppstrategien, alt kjend som Danse-Trygve, eit par år seinare skulle verte skulda for «rå populisme» av statsminister Erna Solberg (H).
Trump og Vedum
Om lag ei veke etter Trump-sigeren, den 16. november 2016, gjekk Vedum ut i Dagbladet og sa nei til å auke drivstoffavgifta. Han var tydeleg på kven som ville tene og tape på politikken til regjeringa, ut frå kva inntekt ein har, og kvar i landet ein bur.
– Tenk på det neste gong du fyller bensin eller diesel, at du deltek i ein nasjonal dugnad for å kutte skatten til Stein Erik Hagen og Christen Sveaas, Høgres og Frps rike onklar som sponsa dei i valkampen, sa Vedum i avisa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.