Kommentar

Polsk fortid som ikkje forsvinn

Polen slit med arven etter naziokkupasjonen. Den nasjonalistiske regjeringa vil no bruka lova for å brenna ut debatten om den ømtolige sida av fortida til nasjonen.

Statsminister Mateusz Morawiecki vitjar Ulma familiemuseum for polakkar som redda jødar under den andre verdskrigen, i Markowa, Polen, 2. februar 2018. Oppgåva hans var å plastre omdømet til Polen, skriv Bernt Hagtvet.
Statsminister Mateusz Morawiecki vitjar Ulma familiemuseum for polakkar som redda jødar under den andre verdskrigen, i Markowa, Polen, 2. februar 2018. Oppgåva hans var å plastre omdømet til Polen, skriv Bernt Hagtvet.
Publisert

Polske styresmakter har eit høgt utvikla talent for å skyte seg sjølv i foten. For nokre veker sidan underteikna den polske presidenten Andrzej Duda lova som tek sikte på å verna «æra til den polske nasjonen», som det heiter.

Om presidenten trudde denne lova skulle retta opp Polens skadeskotne prestisje, tok han skammeleg feil – det syner ein internasjonal kampanje for skadeavgrensing som har gått føre seg i fleire veker no.

Polen er i dag diplomatisk temmeleg isolert i verda, ja, på grensa til å bli gjort til lått med den regjeringa landet har no.

I desember vart Mateusz Morawiecki utnemnd til statsminister i Warszawa. Oppgåva hans var å plastre omdømet til Polen etter at PiS-regjeringa – «Lov- og rettferdspartiet», styrt av landets sterke mann, Jaroslaw Kaczynski – hadde utsett seg for internasjonal kritikk for den ytterleggåande nasjonalistiske politikken sin, især frå EU.

Morawiecki må ha meint at ei lov om Polen og Endlösung ville utrette eit under: å rette opp Polens internasjonale prestisje.

Denne saka reiser viktige spørsmål om offentleg bruk av historia. Lat oss difor freista å få ei avklaring og gå trinnvis til verks.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement