Politiske oppløysingstendensar

Presidentvalet i Frankrike har eit heilt nytt spenningsnivå.

Publisert Sist oppdatert

Bøker, stolar og andre laus-
øyrar hagla ned over politibilar og gendarmar oppstilte ved inngangane til prestisjetunge parisiske universitet og høgskular, okkuperte av studentar i protest mot fyrste omgang av presidentvalet. Etter ei lov frå 1229 som fylgde med inn i Code Napoleon, har ikkje politiet lov til å gå inn på universiteta utan ved katastrofetilstandar. Så der stod gendarmane og tok imot kva dei fekk, medan studentane dreiv hærverk inne i ærverdige bygningar.

Studentslagordet var «Korkje Macron eller Le Pen». Okku-pantane ville ikkje røyste på nokon av dei to kandidatane. Den største, tradisjonelt sosialistisk orienterte studentorganisasjonen går rett nok inn for Macron; fleire medieflinke konservative foreiningar argumenterer for Le Pen. Macron når mellomklassefolk og statstilsette i byane, og Le Pen folk på landsbygda, tidlegare industristrok og fleire grupper enn før, jamvel i kondisjonerte krinsar.

Det veks til ein større anti-Macron-kampanje enn nokon ville trudd. Tanken om å demme opp for Le Pen vert ikkje like automatisk godteken som sist. Ikkje eingong republikanarane er samde om det. Dette kan ha effekt i andre valomgangen. Det er uklårt korleis tilhengjarane av Dei Grøne vil te seg, ein mindre del vil også der gå til Le Pen.

Omvending

Sist søndag forkynte Macron si omvending til økologien. No vil han gjere alt for rein energi og Parisavtalen, han vil byggje fleire nye atomkraftverk, han vil gjere om på ein ettergjevande politikk overfor bønder og verksemder og i det heile tenkje samfunnet meir ut frå økologisk balanse.

Slik vonar han å treffe dei unge betre. Han lovar òg betre studiestipendordningar. Samstundes vil han reindustrialisere Frankrike, sa han i industribyen Lille, utan oppskrifter på korleis det skal gå til. Elles har Macron faktisk halde ein god del av valløfta sine; arbeidsløysa har gått monaleg ned for fyrste gong på fleire tiår, og bustadbygginga har gått radig opp. Over 15.000 nye lokale politistillingar er oppretta.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement