JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Politiske oppløysingstendensar

Presidentvalet i Frankrike har eit heilt nytt spenningsnivå.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6364
20220422
6364
20220422

Bøker, stolar og andre laus-
øyrar hagla ned over politibilar og gendarmar oppstilte ved inngangane til prestisjetunge parisiske universitet og høgskular, okkuperte av studentar i protest mot fyrste omgang av presidentvalet. Etter ei lov frå 1229 som fylgde med inn i Code Napoleon, har ikkje politiet lov til å gå inn på universiteta utan ved katastrofetilstandar. Så der stod gendarmane og tok imot kva dei fekk, medan studentane dreiv hærverk inne i ærverdige bygningar.

Studentslagordet var «Korkje Macron eller Le Pen». Okku-pantane ville ikkje røyste på nokon av dei to kandidatane. Den største, tradisjonelt sosialistisk orienterte studentorganisasjonen går rett nok inn for Macron; fleire medieflinke konservative foreiningar argumenterer for Le Pen. Macron når mellomklassefolk og statstilsette i byane, og Le Pen folk på landsbygda, tidlegare industristrok og fleire grupper enn før, jamvel i kondisjonerte krinsar.

Det veks til ein større anti-Macron-kampanje enn nokon ville trudd. Tanken om å demme opp for Le Pen vert ikkje like automatisk godteken som sist. Ikkje eingong republikanarane er samde om det. Dette kan ha effekt i andre valomgangen. Det er uklårt korleis tilhengjarane av Dei Grøne vil te seg, ein mindre del vil også der gå til Le Pen.

Omvending

Sist søndag forkynte Macron si omvending til økologien. No vil han gjere alt for rein energi og Parisavtalen, han vil byggje fleire nye atomkraftverk, han vil gjere om på ein ettergjevande politikk overfor bønder og verksemder og i det heile tenkje samfunnet meir ut frå økologisk balanse.

Slik vonar han å treffe dei unge betre. Han lovar òg betre studiestipendordningar. Samstundes vil han reindustrialisere Frankrike, sa han i industribyen Lille, utan oppskrifter på korleis det skal gå til. Elles har Macron faktisk halde ein god del av valløfta sine; arbeidsløysa har gått monaleg ned for fyrste gong på fleire tiår, og bustadbygginga har gått radig opp. Over 15.000 nye lokale politistillingar er oppretta.

Problemet var i starten alle dei reformene han sette i gang, som skapte dei gule vestane-opprøra ved at dei svekte kjøpekrafta til pensjonistar, nybyrjarar i arbeidslivet og ikkje minst det såkalla «periferiske Frankrike», alle dei i rurale strok som var avhengige av offentleg transport, men mista lokaltoga og måtte betale meir for drivstoff enn før. Og det uklåre med stillinga for pensjonsreform og helsereform har auka angsten for framtida.

Djupe kløfter

Ei bok frå 1999 av den no avlidne økonomen Philippe Cohen predikerte ei utvikling der redsla for å hamne i prekære tilstandar ville skape omveltingar i politikken, undergrave elitane og skape djupe kløfter mellom samfunnsklassene.

Siste året er boka leita fram att og lese som eit profetisk skrift som skildrar den utviklinga som har øydelagt grunnlaget for både sosialistpartiet og det republikanske høgrepartiet. Og som den samlinga i sentrum som Macron sa han ville ha, heller ikkje klarar å gjere noko med.

Under pandemien vert det sett inn ei form for politisk anestesi, og alle reformer vart sette på vent. I denne fasen markerte Macron seg som internasjonal spelar, med utspel og krav overfor EU, Nato, Tyskland og afrikanske land – og dei siste par månadene med over 30 samtalar med Putin.

Då samtalane synte seg resultatlause, var det helst til nytte for Le Pen, som på den måten fekk indirekte støtte for oppfatninga om at ein må ta omsyn til Putin og interessene hans. Ho vil gjere Russland til bilateral samarbeidspartnar for Frankrike og sjå bort frå heile EU.

Le Pens politikk

Meiningsmålingar siste året har synt at mange unge mellom 20 og 35 har vorte større skeptikarar til internasjonalt samarbeid. Le Pen vil ut av EU for å motverke globalismen og fremje interessene til lokale og nasjonalt orienterte verksemder. Dei fleste av dei andre framlegga hennar, som avgrensingar av innvandrarrettar, skattefritak for arbeidstakarar under 30, fjerning av selskapsskatten og så bortetter, føreset òg at Frankrike er ute av EU.

For ungdommen vil ho elles ha vidaregåandereform og direkte støtte til lærlingar og arbeidsgjevarane deira, byggje 100.000 studentbustader og etablere rentefrie lån til unge familiar. Ho gir fleire løfte utan eigentleg budsjettdekning i eit statsbudsjett som for lengst har sprengt EU-grensa for å verte sett under overvaking av unionen. At det ikkje skjer, skal kome av at Frankrikes hærstyrkar er dei einaste verkeleg slagkraftige stridskreftene i EU som kan mobiliserast i tilfelle krise.

Macrons tabbar

Mellom dei retoriske tabbane Macron har gjort, er å utnemne illegal innvandring til eit hovudproblem. Meir høgrøysta folk, som den ekstremhøgre kandidaten Éric Zemmour, har fått mange til å tru at det er millionar av illegale innom grensene.

Men ifylgje det statlege organet Observatoire de la Démographie er det «berre» 900.000 papirlause i Frankrike, og mange av dei er asylsøkjarar som har fått avslag, men ikkje er utsende. Problemet har vore personalmangel i politiet og sosialtenestene og ikkje minst den vidgjetne ineffektiviteten i delar av statleg og regionalt byråkrati.

Macron lova i boka si frå 2016, Révolution, å gjere «vanlege folks» levekår sentralt som tema for arbeidet sitt. At leitinga etter syndebukkar no er allmenngjord, ser ut til å gje den konservative filosofen Luc Ferry, tidlegare utdanningsminister for Jacques Chirac, litt rett i at Frankrike er inne i ein tilstand av «dekomposisjon»: nedbygging av dei statsberande kreftene til eit nivå der tilliten til samfunnsmaktene løyser seg opp.

Profetboka til Philippe Cohen som kom ut for 22 år sidan, bar tittelen Protéger ou dispairaître, «vern eller forsvinn», med undertittelen «elitane overfor auken i utryggleik». Så Macron har valt seg motto for innspurten: «Protéger! Protéger! Protéger!».

Mottoet har nok ei dobbel meining. Eitt er å demme opp for Le Pen, igjen. Men mange merkar seg òg at Macron no vedgår at det demokratiske systemet kan vere truga av dei misnøyebylgjene han sjølv ikkje fekk stagga, men snarare forløyste.

Bjørn Kvalsvik
Nicolaysen

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Le Pen vil ut av EU for å motverke globalismen og fremje interessene til lokale og nasjonalt orienterte verksemder.

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis