Politisk vald frå Virginia til BarcelonaTrump rota det til i , men lat oss ikkje gløyme dei andre ekstremistane.

Trump rota det til i Charlottesville, men lat oss ikkje gløyme dei andre ekstremistane.

Samanstøyt mellom demonstrantar i Charlottesville i Virginia.
Samanstøyt mellom demonstrantar i Charlottesville i Virginia.
Publisert

For eit par veker sidan gjekk Donald Trump endeleg for langt for alle dei som meinte at han ikkje hadde gått langt nok tidlegare. Folk trekte seg frå presidentens ulike rådgjevande komitear i full fart. Nettselskap som til no har forsvara ytringsfridomen, bestemde seg for at nok var nok. Og talrike republikanske politikarar stod fram for å fordøme mannen partiet deira plasserte i Det kvite huset, den fremste av dei var den tidlegare guvernøren i California, Arnold Schwarzenegger.

Grensa Trump gjekk over, var retorisk. Han unnlét å fordøme tilstrekkeleg raskt, med tilstrekkeleg overtyding og tilstrekkeleg klart, tilhengjarane av kvitt overherredøme og nynazistane som demonstrerte i Charlottesville, Virginia. Ein demonstrasjon som førte til at ei ung kvinne mista livet.

Trump sa, noko seint, det som seiast måtte førre måndagen. «Rasisme er vondskap», erklærte han, «og dei som nyttar vald i rasismens namn, er kriminelle og bandittar, inkludert Ku Klux Klan, nynazistar, tilhengjarar av kvitt overherredøme og andre hatgrupper». Men både før og etter at han hadde kome med den utsegna, sa han òg at det hadde vore valdelege handlingar «frå mange sider». Tysdag morgon insisterte Trump på at det var «skuld på begge sider» (i tillegg til «svært fine folk på begge sider») og at somme «ytterleggåande venstreorienterte» grupper hadde vore «svært, svært valdelege» i gatene i Charlottesville. «Dei hadde med seg klubber», hevda han.

«Det finst berre éi side», tvitra den tidlegare visepresidenten Joe Biden til svar.

Eg står ikkje tilbake for nokon i motviljen mot fascistar og rasistar. Eg har brukt mykje av karrieren min som historikar til å freiste forstå kvifor tullete teoriar om raseforskjellar vart så omfattande og fanatisk trudde på at millionar av menneske kunne bli drepne i rase«reinleikens» namn. Dei som marsjerte i Charlottesville medan dei messa «Jødar skal ikkje ta plassen vår» og vifta med hakekross, er verkeleg bortanfor vanakt.

Det skal vere prov for at James Alex Fields jr. dundra bilen sin inn i ein annan i nærleiken av ei gruppe motdemonstrantar i ein freistnad på å drepe og skade menneske ut frå eit politisk motiv. (Tidlegare same dagen vart Fields fotografert saman med medlemar av Vanguard America, ei gruppe som er for kvitt overherredøme.) Denne handlinga kan og bør bli handsama av rettsstellet som ei terrorhandling. Trumps freistnad på å spreie skulda for at Heather Heyer vart drepen, er det med andre ord uråd å forsvare.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement