JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Ytre høgre-dronninga

TRIESTE: Det var her i byen partileiar for Brør av Italia, Giorgia Meloni, henta eit neofascistisk symbol inn i partilogoen. Etter valet sundag kan ho som fyrste italienske kvinne verta statsminister.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ho reknar seg som korkje feminist eller fascist, Giorgia Meloni, leiar for ytre høgre-partiet Brør av Italia, her på eit valmøte i Milano 11. september.

Foto: Flavio Lo Scalzo / Reuters / NTB

11619
20220923
11619
20220923

Italiensk val. Del 1

havard@dagogtid.no

– Kva tenkjer du om at de no ser ut til å få ein kvinneleg statsminister for fyrste gong? I Noreg fekk me det for meir enn førti år sidan. Er du ikkje glad?

Nei, dei krympar seg og ser ein annan veg, dei italienske kvinnene eg pratar med – ho som driv ein bokhandel med historisk litteratur, og ho som er med og arrangerer den store havforskingskonferansen i Trieste.

– Berre namnet hennar, forklårar ei som ikkje veit at eg har budd i Italia og at ordet er likeins på norsk, do you know what it means? Watermelons!

Kvifor er det så mange italienske kvinner som ikkje ynskjer ei kvinne velkomen som statsminister? Av di fleire ser på henne som fascist, stundom mildna av førestavingar som neo- eller post-.

Andre ser ein feminist i jenta frå eit av Romas arbeidarklassestrok som 15 år gamal skilde seg ut og vart politisk aktiv, partileiar og no truleg statsminister.

Meloni sjølv mislikar båe karakteristikkane.

Lega-teltet

På Piazza della Burso, kalla opp etter børsen som var bygd her i 1806, ein av dei mange storslåtte torga i Trieste, har parti slått opp valtelt. Daniela er på vakt i teltet til Lega.

– Me krev meir sjølvstyre for Trieste-regionen, fortel Daniela.

– På kva felt?

– Til dømes vil me sjølve kontrollera innvandringa.

Så langt frå Lampedusa er ho mest uroa over innvandringa frå Aust-Europa, via slovenske grensebyar som ligg berre kilometer frå Trieste.

Valinteressa er så laber at ho får god tid til å lesa sjølvbiografien til Trieste-kandidaten Massimiliano Fedrigo.

– Han er god. Og han er ung. Me treng unge politikarar.

I Noreg held me oss med statsrådar i tjueåra, men i Italia er Fedrigo ein ung politikar, 42 år, og dimed akkurat gamal nok til kunne ta eit sete i Senatet, der ein lyt vera 40 år.

Og for å røysta til Senatet laut ein vera 25 år – fram til valet i år. No kan 18-åringar røysta inn folk til båe husa, sett bort frå at mange ikkje gjer det. Valdeltakinga i Italia er som fødselsraten, søkkande, mest hjå dei unge.

Partigjeld

Namnet på partiet til Daniela var opphavleg Lega Nord, som somme hugsar, eit regionalt parti, skipa i 1991, med mål om å lausriva det rikare Nord-Italia frå det fattigare Sør-Italia. Då dei vart riksparti, fall Nord naturleg nok bort, og no er eigenleg Lega avvikla òg ­–?ifylgje somme kommentatorar for å få sletta den omfattande gjelda til partiet.

Så for å vera heilt presis står Daniela i valteltet til Lega per Salvini Premier (LSP), eit nyskipa parti som vil ha Matteo Salvini – tidlegare Lega-leiar, no LSP-leiar –?som statsminister.

Det vert han truleg ikkje, heller ikkje om høgresida vinn, som alle trur dei gjer. Statsminister vert nok heller ikkje den andre store høgreprofilen, Forza Italia-leiar Silvio Berlusconi, som alt har vore italiensk statsminister ved fleire høve, og som torsdag går inn i sitt 87. år.

Kvifor korkje Salvini eller Berlusconi? I Sverige gjekk ikkje statsministerposten til partiet som vart størst på den sigrande høgresida i valet for to veker sidan, Sverigedemokraterna, men til partiet med lengst ansiennitet, Moderaterna, skipa då Noreg og Sverige framleis var i union.

Eit slikt uformelt ansiennitetsprinsipp kan ein ikkje nytta her i Italia, der parti og partialliansar vert avvikla og nyskipa heile tida.

Tradisjonsløyse

Det liknar ein søreuropeisk trend. Hugsar du det franske presidentvalet i 2017? Medan gamle styringsparti forsvann, vann eit heilt nytt parti valet, La République en Marche (LREM), og fekk presidenten. Og no skiftar det namn alt. Medan eg er i Italia, lyt eg læra at president Macrons LREM no heiter Renaissance.

Endå lenger er utviklinga komen i Italia. Det leiande sentrum-venstre-partiet, Partito Democratico (PD), er berre 15 år gamalt. Alle dei tre store høgrepartia er yngre enn ti år.

Høgreleiarane

– Kvifor er Salvini betre enn Meloni? spør eg Daniela i LPS-teltet.

Ho svarar:

– Brør av Italia ser alt svartkvitt. Dei ser ikkje nyansane. Jamvel slovenarar reknar dei som framande.

Ved sida av Lega-teltet står teltet til det mest moderate av høgrepartia, Forza Italia.

Medan høgrepartia i Sverige framleis driv med interne forhandlingar etter valsigeren, har dei store høgreparti her alt skipa ein allianse, Per L’Italia, For Italia. Dei er samde om at partiet som vert størst sundag, får statsministeren, og dei har snikra ei regjeringsplattform.

Ei regjeringserklæring vart ikkje høgresida til svenskane samde om, av di dei har så stort strekk i laget, med Sverigedemokraterna langt ute til høgre. I Italia er høgresida meir samla. Her ligg alle ute til høgre, og lengst ute ligg Brør av Italia.

Som Sverige

Frå det svenske valet har eg reist rakt til det italienske. Ytre høgre vinn i båe land, ligg det an til. Kan henda ser me ein europeisk trend – ein vest-europeisk trend, for å vera presis. I Aust-Europa har jo høgreradikale alt kome til makta.

Men ein finn skilnader: I Sverige vart det jamt mellom venstre- og høgresida. Det vert det ikkje i Italia. Leiaren for det største sentrum-venstre-partiet, Demokratipartiet, har alt utropt høgresida som vinnar. Spaninga dreiar seg om kor stor høgresida skal veksa. Spaninga vert ikkje mindre av at det ikkje er lov med meiningsmålingar dei siste to vekene før valet.

På somme av målingane frå tidlegare i september låg høgresida an til å få eit stort fleirtal i både Representanthuset og i Senatet, kan henda så stort at høgrealliansen kan få gjennom grunnlovsendringar.

Og slik dei italienske partia ikkje er så tradisjonsrike, er ikkje grunnloven det heller, men eit posttraumatisk kompromiss frå 1947. I ein aldrande folkesetnad er grunnloven yngre enn mange av veljarane.

Landsfaderen

Nei, italiensk politikk liknar ikkje skandinavisk. Ikkje berre har me styringsparti som er meir enn hundre år gamle, men me har hatt landsfedrar òg. Tage Erlander var statsminister i 23 år, Einar Gerhardsen i 13, Stoltenberg og Solberg i førebels åtte. I Italia sit ein statsminister i snitt i om lag eitt år.

Dei få italienske statsministrane som dei siste hundre åra har sete lenge, har lite landsfadarleg over seg. I etterkrigstida er det Silvio Berlusconi, statsminister i ni år i alt. Han som har sete lengst av alle, i tjue samanhengjande år, frå 1922 til 1943, er Benito Mussolini.

Låtteleggjering

Somme meiner at ikkje alle italienske parti er så tradisjonslause som skipingsåret kan tyda på, og at eit parti som Brør av Italia har røter i fascismen. Dei som freistar å nå breitt ut med ei slik stigmatisering, tyr gjerne til låtteleggjering.

Men som ein såg i den svenske valkampen, verkar det som om brunskvetting har vorte mindre effektivt. I ei radiosending i fjor nytta ein historieprofessor ved Siena-universitetet nedsetjande uttrykk om Meloni. At han kalla henne «ei gneldrekjerring», «ei ku» og «ei purke», råka han verre enn henne. Professoren vart suspendert i fleire månader.

To politisk medvitne DJ-ar frå Milano sampla i 2019 eit utdrag frå ein tale nasjonalkonservative Meloni heldt: «Eg er Giorgia. Eg er kvinne. Eg er mor. Eg er kristen.»

Men i staden for å gjera henne til lått, gjorde danselåten henne meir populær hjå unge veljarar. Ein Brør av Italia-tilsett uttala: «Dei unge dansa til songen på diskoteka. Som kampanje ville stuntet ha kosta oss éin million euro.»

Men partileiaren skaffar seg merksemd utan hjelp av motstandarar òg. Protestane var høglydte då ho i august delte med dei 1,2 millionar Twitter-fylgjarane sine eit videoopptak frå ein italiensk by der ei eldre ukrainsk flyktningkvinne vart valdteken på eit fortau av ein asylsøkjar frå Guinea.

Meloni forsvarte seg med at ho gjekk til val på sivil tryggleik, men delinga vart fordømd, av andre politikarar, og av den valdtekne òg, som meinte seg identifisert. Oppslutnaden om Meloni i meiningsmålingane heldt seg, på kring 25 prosent.

Trikolorflammen

Det var her i høgrebyen Trieste Brør av Italia heldt ein viktig partikongress for snart fem år sidan. Framleis låg partiet og vaka kring den italienske sperregrensa på 3 prosent. Men pågangsmot prega Trieste-kongressen.

Giorgia Meloni vart attvald som partileiar. Partinamnet vart forkorta frå Brør av Italia – Vårt Land til berre Brør av Italia. Ein kvinneleg høgreradikal veteran, Daniela Santanche, melde overgang frå Berlusconis Forza Italia. Og kongressen samla seg om ny partilogo. Trikolorflammen, i fargane til det italienske flagget, har vore eit sentralt neofascistisk symbol i Italia.

Meir enn migrasjon

Eg trudde eg kom til eit Nord-Italia i turke, men har møtt flaum. Granneregionar vart verre råka. Fleire omkom. Her i Trieste vart hovudtorget oversumt og kollektivtrafikken seinka. Men nett som i Sverige: Same kva som hender, vert ikkje klimapolitikken hovudsak i valet.

Som i Sverige har innvandring og kriminalitet vore viktig. Men for Meloni handlar valet om meir enn migrasjon.

Kva handlar det då om? EU? Nei. Meloni har lang røynsle som EU-politikar. Kampen for Italexit er det no småparti som held på med. Dei europeiske ytre høgre-parti vil ikkje forlata, men endra EU.

Treng du ein knagg til dei høgreradikale saksfelta hennar, er han ein i: innvandring, islam, integrering og identitetspolitikk.

Identitetspolitikken er viktig for Meloni. Då ho i 2016 tok del i Familiedagen, markerte ho seg som motstandar av LHBTQ-adopsjon, samstundes som ho kunngjorde at ho var gravid. Abortloven ser ho ikkje ut til å røra som lov, men ho seier at ho «vil styrkja kvinners rett til ikkje å ta abort».

Ein skal ikkje langt under yta før ein ser at innvandrings- og identitetspolitiske standpunkt heng saman. Samnemnaren er demografi ­– ei uro over den høge aldringa og låge fødselsraten. Dei italienske fødselstala i fjor skal ha vore dei lågaste ein har sett sidan landet vart samla til eitt kongedøme i 1861.

Eit av dei 15 hovudpunkta i høgrealliansens For Italia-erklæring heiter: «Styrking av familien og fødselsraten». Det neste hovudpunktet heiter: «Tryggleik og kamp mot ulovleg innvandring».

Framtida

Eit høgreradikalt parti vart det største på den svenske høgresida som fekk fleirtal i valet for to veker sidan. Eit høgreradikalt parti vert truleg det største på den italienske høgresida som truleg får fleirtal i valet sundag. Og størst på meiningsmålingane er Giorgia Melonis Brør av Italia.

Ikkje berre får Italia truleg sin fyrste kvinnelege statsminister, men Vest-Europa får truleg sin fyrste høgreradikale statsminister etter andre verdskrigen.

Dei høgreradikale rørslene er ikkje nye. Kva er det nye? At dei kjem til makt, mykje av di venstresida, som i Italia, er nede i kneståande. Å måla skremmebilete på veggen vil neppe ha den magiske verknaden mange vonar, for endringane kjem jo for ein del av at skremmebileta ikkje lenger skremmer folk.

Kvifor ikkje? Teikn i både Sverige og Italia tyder på at me står midt oppi eit lite, men likevel avgjerande vendepunkt for ein kultur- og verdiradikalisme som i tiåra etter 1968 fekk meir og meir makt.

Kjernegenerasjonen – dei me kallar boomerane og sekstiåttarane, med referanse til 1945 og 1968 –?er no i slutten av syttiåra. Dei vert gamle som den fyrste generasjonen utan røynsle med eller minne om krig.

Dei kan sjå attende på ei nær 80 år lang og stabil fredstid med økonomisk vekst. Det mest apokalyptiske dei får auge på, er figurar som Georgia Meloni.

Men dei som lyt sjå framover, ser eit anna Europa. For dei lèt det til at nasjonalkonservatisme kan vera vel så lokkande som kulturradikalisme.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Kongsbonden Johan Jógvanson bur i den Instagram-venlege bygda Saksun. Men sjølv om han skjeller ut turistar, er det ikkje dei han er forbanna på. Det er politikarane inne i Tórshavn.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Turistinvasjonen

Kvar sommar invaderer fleire tusen turistar garden til Johan Jógvanson i Saksun. Det har gjort han til den sintaste bonden på Færøyane.

Hallgeir Opedal

Teikning: May Linn Clement

UtanriksSamfunn

Den nyreligiøse avantgarden

NEW YORK: Blant trendsettarar på Manhattans Lower East Side
er katolisisme siste skrik. 

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis