JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Vil ta eit oppgjer i Stortinget

Fleire av opposisjonspartia på Stortinget varslar at dei vil ta eit oppgjer med utnemningspraksisen til statsminister Erna Solberg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Stortingsrepresentant Dag Terje Andersen og statsminister Erna Solberg i ein munnleg spørjetime i Stortinget.

Foto: Heiko Junge / NTB

2766
20210205
2766
20210205

Embetsstillingar

vidar@dagogtid.no

Det er utnemningane av eigne regjeringskollegaer som vekker reaksjonar.

Oppslaget i førre nummer av Dag og Tid om Solberg-regjeringas utnemningspraksis som er på kollisjonskurs med det Stortinget tidlegare har uttala, får nå etterspel i Stortinget. Det er også sterke reaksjonar på hemmeleghaldet av søknaden til forsvarsminister Frank Bakke-Jensen, som vart utnemnd til fiskeridirektør i september. Hemmeleghaldet vart kritisert av Sivilombodsmannen etter klage frå Dag og Tid.

­– Manglande respekt

– Eg har reagert på desse utnemningane kvar gong. Det gjeld både dei to fylkesmannsutnemningane og stillinga som fiskeridirektør. Den siste utnemninga, av Bakke-Jensen til fiskeridirektør, tek denne praksisen til eit nytt nivå. Her er det snakk om ei sentral stilling i ei fagleg forvaltning, seier Dag Terje Andersen (Ap).

Han er leiar i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget.

– Innhald og implikasjonar av denne praksisen vart grundig presentert i Dag og Tid. Eg finn det skremmande at ikkje regjeringa ser det problematiske i at ein utnemner sine eigne vener og kollegaer. Det vitnar også om manglande respekt for andre søkjarar. Vi vil nå fylgje opp denne saka i Stortinget, seier Andersen, som også er tidlegare stortingspresident.

Han meiner hemmeleghald av søknaden vitnar om at ein har noko å løyne.

­– Politisk tilsetting

Også SV vil fylgje opp denne saka. Det varslar Torgeir Knag Fylkesnes. Han er nestleiar i SV og første nestleiar i næringskomiteen på Stortinget.

– Vi vil nå fremje framlegg i Stortinget om at regjeringa aldri kan utnemne eigne medlemer til nye stillingar. Og eg reknar med at det vil bli fleirtal for eit slikt framlegg, seier Fylkesnes.

Han er i tvil om han vil anerkjenne tilsettinga av Frank Bakke-Jensen som fiskeridirektør.

­– Det er så openbert at det var ei rein politisk tilsetting. For meg står det openbert at han ikkje ville fått denne stillinga om han ikkje sat i regjeringa. Det er kameraderi, og slikt skal vi ikkje ha, seier Fylkesnes.

Dag og Tid har også bede om ein kommentar frå næringsminister Iselin Nybø til kritikken frå Sivilombodsmannen mot hemmeleghaldet av søknaden frå Bakke-Jensen.

– Vi tek til etterretning at Sivilombodsmannen ikkje er samd i avgjerda vår i denne tilsettingssaka, og merkar oss at vi hadde ei anna vurdering av grunnane til unntak enn Sivilombodsmannen. Vi tek med oss utsegna i framtidige prosessar som gjeld unntak av offentleggjering av søkjarar, seier Nybø.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Det er kameraderi, og slikt skal vi ikkje ha.

Torgeir Knag Fylkesnes, stortings­representant for SV

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

Ja til skule, nei til studentfabrikk

Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn
Andrej Kurkov

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis