Politikk

Vil gje løn for klimastrevet

Politikarar flest vil skjerme folk flest frå upopulære og drastiske aukar i klimagassavgifter. Ein idé utforma for avgiftsskye amerikanarar inspirerer fleire parti.

Karbonskatt til fordeling er i prinsippet enkelt: Dieselbilistane, til dømes, skal betala ei avgift for utsleppa sine direkte til elbilistane, ikkje via staten og Stortinget. Problemet oppstår når politikarane skal setje prinsippet ut i livet.
Karbonskatt til fordeling er i prinsippet enkelt: Dieselbilistane, til dømes, skal betala ei avgift for utsleppa sine direkte til elbilistane, ikkje via staten og Stortinget. Problemet oppstår når politikarane skal setje prinsippet ut i livet.

Klimaavgifter er ikkje for pysar. To og eit halvt år har gått sidan rørsla vi best kjenner som «dei gule vestane», protesterte i gatene i Paris. Demonstrantane var misnøgde med dei sosiale levekåra sine, og dropen som fekk det kjende begeret til å renne over, var ein planlagd auke i drivstoffavgifta.

Halvtanna år er gått sidan politikarar vart tekne på senga av eit bompengeopprør framfor kommune- og fylkestingsvalet. Det gav sterkt utslag på valresultata i fleire av dei store byane.

Dei kraftige protestane viser tydeleg kvifor det sit langt inne for enkelte politikarar å skru opp prisane på CO2-forbruk. Ei høg CO2-avgift kan føre til at ein del av oss køyrer bil sjeldnare og forureinar mindre, og ho kan på den måten medverke til at Noreg når målet om å halvere – eller meir enn halvere – utsleppet av klimagassar innan 2030 samanlikna med 1990-nivå. Ei slik høg avgift kan òg føre til at dei av oss som ikkje har eit godt alternativ til dieselbilen, vert hardare råka enn andre.

Så kva gjer ein? Alle dei politiske partia er på leit etter måtar å gjere klimaomlegginga som kjem, så eteleg som mogleg. Ein teori som tener til inspirasjon, tilbyr direkteoverføringar på konto, på line med barnetrygda.

Enkelt prinsipp

Prinsippet er enkelt: Ein legg ei avgift på all bruk av CO2. Pengane frå avgifta går ikkje inn på statsbudsjettet, men i ein eigen pott. Alle pengane i potten vert førte tilbake som ei flat utbetaling til forbrukarane (les: innbyggjarane) til dømes ein gong i månaden. Slik vil dei som har brukt mindre CO2 enn gjennomsnittet, vinne på ordninga, medan dei som har brukt meir, vil tape. Sagt på ein annan måte: Dei som har forureina mykje, får smake pisken i systemet, dei som har forureina lite, får gulrota.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement