JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Val som braut trendane

– Det er eigentleg ein sjokkerande siger for demokratane, seier fyrsteamanuensis Hilde Eliassen Restad om valresultatet frå USA.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Demokraten Wes Moore er vald til ny guvernør i delstaten Maryland, etter republikanaren Larry Hogan. Her er Moore saman med USAs president Joe Biden, Jill Biden og senator Chris Van Hollen.

Foto: Leah Millis / Reuters / NTB

5000
20221111

Samtalen

Hilde Eliassen Restad

fyrsteamanuensis ved Oslo Nye Høyskole

Aktuell

Valet i USA

5000
20221111

Samtalen

Hilde Eliassen Restad

fyrsteamanuensis ved Oslo Nye Høyskole

Aktuell

Valet i USA

eva@dagogtid.no

Det var venta at demokratane kom til å tape fleirtalet i Representanthuset med god margin, og at fleirtalet kunne ryke i Senatet òg. Sjølv om senatsvalet framleis er uavklart, er det klart at dei har gjort det betre enn venta.

Hilde Eliassen Restad er fyrsteamanuensis ved Oslo Nye Høyskole og gav nyleg ut boka Det amerikanske paradokset. Ho har tidlegare studert og budd i USA i til saman ni år.

– Korleis vil du oppsummere valresultatet til no?

– Vi ventar framleis på resultatet i dei svært spanande delstatane Nevada og Arizona, men elles er dette eigentleg ein sjokkerande siger for demokratane. Dei har klart å stå imot veldig sterke historiske trendar. Fyrste mellomvalet etter at ein ny president har innteke Det kvite huset, brukar å vere bra for opposisjonen. Når det går dårleg med økonomien, brukar veljarane òg å straffe partiet som sit med makta. Gjeve dei trendane, burde natt til onsdag ha vore ein raud tsunami, men det skjedde ikkje.

– Kva forklarar at det ikkje vart det?

– I meiningsmålingar seier amerikanske veljarar at dei er svært opptekne av økonomien, av inflasjon og bensinprisar, og vi veit at dei skuldar det at det ikkje går bra her, på president Biden. Med andre ord har veljarane røysta på det demokratiske partiet, sjølv om dei ikkje likar den økonomiske situasjonen dei held Joe Biden ansvarleg for. Alt tyder på at det som har vore viktigast, er retten til sjølvbestemt abort og å ta vare på det amerikanske demokratiske systemet. Det republikanske partiet har skote seg sjølv i foten ved å vere for radikalt, og særleg Trump-fløya har no fått eit tilbakeslag.

– Donald Trump skrytte av resultatet onsdag morgon og kalla tala fantastiske.

– Det gjev meg litt «Baghdad Bob»-vibbar, faktisk.

– Ut frå valresultatet å døme, kva retning er USA no på veg i?

– Trump vann valet i 2016 med det største tapet av røyster nokon gong. I 2018 slo demokratane kraftig tilbake i det som var eit mellomval som handla om demokratiet. I 2020 tapte Trump til fordel for Biden, og Biden gjorde heile valet til eit battle for the soul of our nation, og no har demokratane stått imot sterke historiske trendar som tilseier at republikanarane burde gjort det betre. Alt dette syner at Trump-fløya i det republikanske partiet ikkje representerer fleirtalet i USA, og at ho no er på vikande front.

– Republikanarane vinn likevel Representanthuset. Kva får det å seie i praksis?

– Det kjem litt an på kor mange representantar dei endar med å få inn. Representanthuset representerer den mest radikale versjonen av det republikanske partiet, og på grunn av det har det sidan Obama-perioden vore vanskeleg for partiet å opptre som samla gruppe når dei har hatt fleirtal. Får dei no eit knapt fleirtal, kan det framleis vere vanskeleg for den republikanske leiarskapen i Representanthuset å klare å ha partidisiplin. Likevel vil dei framleis kunne setje i gang etterforsking av Biden-administrasjonen og lage mykje bråk for presidenten.

– New York Times skriv at nesten 200 republikanarar som har sett spørjeteikn ved valresultatet i 2020, no er valde, inkludert 30 av dei som har nekta for at Joe Biden vann presidentvalet. Kva betydning får dette?

– Det er ikkje så mange som frykta, men det syner jo berre kor dårleg det står til med det republikanske partiet.

– Er dette valet byrjinga på slutten for Trump?

– Det kan vere byrjinga på slutten for Trump, men det er ikkje nødvendigvis det for trumpismen. Trumps moglege arvtakar Ron DeSantis vart attvald (som guvernør i Florida, journ. merk.) med stor margin og har styrkt posisjonen sin i partiet. Han har køyrt ein veldig typisk Trump-liknande kampanje prega av identitetspolitikk, om innvandring og mykje om at skulepensumet er for lite patriotisk.

– Er det han som er den sterkaste utfordraren til Trump som ny presidentkandidat?

– Det kjem an på kven andre som vinn, så det må vi avvente å sjå til resultatet er klart, men Ron DeSantis har styrkt posisjonen sin.

– Kva for andre namn er verde å merke seg etter dette valet?

– Det er fleire som har utmerkt seg, men det at demokratane slår tilbake i Midtvesten og tek tilbake territorium av kvite mannlege, arbeidarklasseappellerande kandidatar, betyr noko. Det kan vere at nokon av dei er aktuelle som neste presidentkandidat. Gretchen Whitmer som vart attvald i Michigan, er det òg mange som tenkjer på som ein mogleg framtidig demokratisk presidentkandidat.

– Michigan har røysta for fri abort. I kor stor grad har abortsaka påverka valresultatet generelt?

– Det må vi vente på dei stadfesta tala for å sjå. Valdagsmålingane er ikkje så vitskaplege. Men vi ser jo at alle dei fem delstatane der det var avstemming om abort, har gått i favør av retten til sjølvbestemt abort.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis