JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Truss vil føre ei hard line

LONDON: Liz Truss tek over etter Boris Johnson som leiar av Det konservative partiet og statsminister i Storbritannia. Ho tek også over dei store utfordringane landet står overfor.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den nye britiske statsministeren Liz Truss held tale utanfor Downing Street nr. 10 6. september.

Foto: Hannah McKay / Reuters / NTB

7559
20220909
7559
20220909

Politikk

magjerd2@online.no

Då Boris Johnson til slutt sa opp statsministerposten 7. juli etter fleire skandalar, var det duka for ein maktkamp om kven som skulle ta over etter Johnson. To kandidatar stod fram som favorittar: Rishi Sunak, finansminister under Johnson, og Elizabeth («Liz») Truss, utanriksminister og minister for kvinner og likestilling under Johnson. Sunak var mest populær blant dei konservative parlamentarikarane, men meiningsmålingar viste at Truss hadde eit forsprang blant partiets om lag 170.000 medlemmar.

Måndag vart resultata frå det interne partivalet erklært. Truss hadde fått 57,4 prosent av røystene, Sunak 42,6. Dermed vart Truss leiar for Det konservative partiet. Tysdag reiste ho til Balmoral Castle i Skottland der dronning Elisabeth II utpeikte henne som statsminister.

Med Truss som statsminister får britane ei ny regjering laga av same regjerande parti. Det er derfor ikkje snakk om store endringar, men store utfordringar gjer likevel valet viktig. Med inflasjon på over 10 prosent, levekostnadar som skyt i vêret, streikar og fare for økonomisk nedgang, vil vala Truss tek som statsminister, få stor betydning for britar flest.

Kven er Liz Truss?

Truss vart fødd i Oxford, vaks opp i ein venstreorientert heim og var aktiv i Liberaldemokratane då ho var student ved Oxford. I 1996 vart ho medlem av Det konservative partiet, og i 2010 vart ho vald inn i Det britiske underhuset.

Sidan 2012 har ho hatt forskjellige regjeringspostar under tre statsministarar, innan mellom anna utdanning, landbruk og internasjonal handel. Den viktigaste posten har vore som utanriksminister i Johnson-regjeringa sidan 2021. Til forskjell frå Sunak sa ho ikkje opp stillinga si for å legge press på Johnson, noko Johnson-tilhengarar i Det konservative partiet set pris på.

Ho har markert seg som ein tilhengar av friare marknadar og har presentert seg sjølv som ein arvtakar etter Margaret Thatcher. Ho har lagt vekt på å bruke skattelettar og deregulering for å få fart på den stagnerande britiske økonomien. Ho vil finansiere skattelettane gjennom å ta opp meir lån, noko rivalen Sunak har kritisert sterkt.

Ho var imot brexit, men har seinare blitt ein ihuga tilhengar av brexit. «Eg tok feil og er viljug til å innrømme at eg tok feil. Nokre av dommedagsspådommane har ikkje slått til, og me har heller sleppt laus nye moglegheiter», sa Truss i juli. Fleire meiningsmålingar tyder på at trenden blant britar flest har gått i motsett retning, der ein større del av befolkninga er skeptisk til brexit no enn tidlegare.

Etter invasjonen av Ukraina har Truss gått hardt ut mot Russland, og Storbritannia var blant landa som var tidlegast ute med å sende militær hjelp til Ukraina. Forholdet til EU vil truleg ikkje bli betre med Truss som statsminister, ettersom ho har stått bak planar som vil endre og bryte med Protokollen om Irland og Nord-Irland, noko EU er imot.

Er ho populær?

Det er lite som tyder på at Truss er spesielt populær i Storbritannia. Ifølge ei meiningsmåling frå YouGov er halvparten av britane misnøgde med at Truss blir ny statsminister, medan berre 22 prosent er nøgde. Ei annan meiningsmåling frå YouGov syner at 27 prosent av britane trur at Truss blir ein dårlegare statsminister enn Johnson, 14 prosent trur at ho blir betre, medan 40 prosent trur ho vil vere like god/dårleg som Johnson.

Endå fleire blant dei som stemmer på Det konservative partiet, trur ho kjem til å vere dårlegare enn Johnson. Det er ikkje eit godt utgangspunkt for ein ny statsminister.

Tre utfordringar

Då Boris Johnson heldt avskjeds­talen tysdag, skrytte han av regjeringstida si og det dei har oppnådd. Brexit, rask vaksineutrulling og våpenstøtte til Ukraina er noko av det han peikte på. Dei som leita etter sjølvkritikk, måtte leite vidare. På borisiansk vis samanlikna han seg med ein hjelperakett som har tent sitt formål og no vil lande usynleg i «eit fjernt og bortgøymt hjørne av Stillehavet». Det spørst om Truss er like nøgd med kursen og tilstanden til fartøyet Johnson overlèt til henne.

I talen etter at ho vart erklært ny partileiar, framheva Truss tre store utfordringar ho vil gjere noko med.

– Eg vil levere ein modig plan for å kutte skattar og få økonomien til å vekse. Eg vil handtere energikrisa og energikostnadane folk har, men også dei langsiktige utfordringane me har med energiforsyning, og eg vil levere for den nasjonale helsetenesta.

Energi

Noko av det viktigaste for Truss er å handtere dei veksande energikostnadane i Storbritannia. Ein auke i energikostnadar på 80 prosent er venta i oktober. Ho har lagt fram ein plan som går ut på å sette ei øvre grense for energirekningar på rundt 2500 pund (om lag 29.000 kroner) for hushald dei neste to vintrane. Folk vil òg få ei eingongsutbetaling på 400 pund. Støttepakken vil kunne koste meir enn 100 milliardar pund og vil bli finansiert gjennom statslån.

Dei gjennomsnittlege straumkostnadane for britiske hushald er minst 30 prosent høgare enn for mange andre europearar. Det kjem hovudsakleg av at Storbritannia produserer rundt 40 prosent av elektrisiteten sin frå naturgass, eit fossilt brensel som har gått kraftig opp i pris etter invasjonen av Ukraina.

Helsevesenet

Det britiske helsevesenet, NHS (National Health Service), har ei venteliste som er lengre enn heile det norske folkeregisteret. 6,7 millionar venter på behandling i NHS.

Helsevesenet har også store bemanningshol, éi av ti stillingar er ikkje fylte. Storbritannia har for få legar og sjukepleiarar. Dette har gått utover responstida til ambulansar og ventetida før pasientar får sjukehusseng. Truss må ta grep fort dersom ho vil unngå at sjukepleiarane går ut i streik.

Resesjon

Truss tek over ein økonomi på randa til resesjon. Innan både produksjon og tenester har det vore nedgang i august, og bedrifter slit med høge energiprisar. Den engelske sentralbanken meiner inflasjonen vil nå rundt 13 prosent, hovudsakleg driven av energiprisar. I starten av august publiserte banken ein rapport med prognosar om at Storbritannia vil gå inn i ein resesjon i fjerde kvartal av 2022.

Gigantbanken Goldman Sachs meiner at inflasjonen kan nå heile 22,4 prosent dersom energiprisane held seg høge. Det vil bety ein endå skarpare økonomisk nedgang. Med høgare energi- og levekostnadar generelt vil britiske forbrukarar få mindre kjøpekraft. Dette vil ha negativ innverknad på forbruk i sektorar som til dømes hotell-, restaurant- og utelivsbransjen, som nettopp har slite med å kome seg gjennom pandemien.

Sjølv om arbeidsløysa har vore låg fram til no, spår sentralbanken at ho vil vekse mellom 2023 og 2025. Britiske arbeidarar vil måtte kjempe vidare for høgare lønningar for å halde følgje med inflasjonen.

Sommaren 2022 har blitt kalla «the summer of strikes» etter at titusenvis av britiske arbeidarar har gått ut i streik. Transportarbeidarar, advokatar, posttilsette og telekommunikasjonsarbeidarar har alt streika, og no vurderer mellom anna sjukepleiarar, tilsette i brannvesenet og utdanningsarbeidarar å streike.

Liz Truss har uttalt at ho vil føre ei hard line mot arbeidarane og ikkje la landet bli «halde som gissel av militante fagforeiningsfolk». Det spørst om ho vil lykkast med det viss folkeopinionen støttar streikane.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Eg vil levere ein modig plan for å kutte skattar og få økonomien til å vekse.

Statsminister Liz Truss

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis