Politikk
Trur ikkje på KrF
Åshild Mathisen meiner det framleis er rom for eit kristeleg folkeparti i Noreg, men trur ikkje KrF kjem til å ta det rommet igjen.
KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad på veg ut av Stortinget etter partileiardebatten valkvelden. Når han snart skal tilbake til Stortinget, er det med ei meir enn halvert stortingsgruppe.
Foto: Annika Byrde / NTB
Det er 20 år sidan Kristeleg Folkeparti var oppe i tosifra valresultat. Åra sidan har partiet lege eit prosentpoeng eller to over sperregrensa. Når det no duppa under, gjer partiet sitt dårlegaste val sidan 1936, då det berre stilte liste i Hordaland og fekk 1,35 prosent. Åshild Mathisen meiner det er lite truleg at partiet kjem til å kome over sperregrensa igjen nokon gong.
Mathisen er tidlegare sjefredaktør for Vårt Land og var politisk rådgjevar for Knut Arild Hareide i Miljøverndepartementet i 2004–2005. Nyleg har ho skrive bok om makt og strid i Kristen-Noreg. For å ha nemnt det er Mathisen òg styremedlem i Dag og Tid.
– Kvifor trur du ikkje KrF kan klare å reise seg att, slik andre parti har klart før?
– Ein grunn er veljardemografi. Partiet rettar seg mot konservative kristne, som no sjølv omtalar seg som ein minoritet i den norske kyrkja. Partiet har òg opplevd stadig større strekk i laget utan å klare å gripe fatt i det og ha ein god ideologisk diskusjon. Og så har dei fleste på venstresida forsvunne ut i den dramatiske splittinga. Partiet er svekt, profilane med brei appell er vekke, og kompetansen er svekt. No vert det fire år i skuggen med tre stortingsrepresentantar. Korleis skal dei klare å markere seg då, når dei ikkje klarte det i regjering og med fleire statsrådar i valkampen? Dei har verken kultur for eller ressursar til å ta ein skikkeleg diskusjon.
– Partiet gjekk fram ein del i valkampen, så noko har dei kanskje gjort rett?
– Ein skal aldri undervurdere dugnadsånda til kristenfolket. Dei har mobilisert enormt. Men appellane har handla om at no held eit kristent parti på å ramle ut av Stortinget, og at folk må løfte blikket. Det har mobilisert mange, også fordi lojaliteten til KrF har vore enormt sterk. Men han forvitrar snart med generasjonsskiftet. Avsløringa i Aftenposten om pendlarbustaden bidrog nok både til å svekkje og til å mobilisere. Opplevinga av at hovudstadspressa var ute etter KrF-leiaren, kan ha mobilisert. Men kristenfolket hatar eigentleg grådigskap.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.