JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Til glede og plage

Kastar rikspolitikarane glans eller skugge over den lokale valkampen?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Partileiarane Jonas Gahr Støre (Ap) og Erna Solberg (H) fotograferte før det NRK-sende folkemøtet på Storgata Camping i Tromsø.

Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB

4890
20230908

SAMTALEN

Jonas Stein

førsteamanuensis ved Universitetet i Tromsø

Aktuell

Kommune- og fylkestingsvalet den 11. september

christiane@dagogtid.no

– Korkje Høgre-leiar Erna Solberg eller Ap-leiar Jonas Gahr Støre stiller til val i kommune- eller fylkesting. Likevel reiser dei rundt i landet for å kaste glans over lokal valkamp. Generelt: Er rikspolitikarar til hjelp i eit lokalval, eller skuggar dei for lokale kampsaker og kandidatar?

– Rikspolitikarar medverkar først og fremst til merksemd om valet. Fordi dei også er kjendisar, får dei oppslag. Og sidan mange av dei er flinke og erfarne, er det underhaldande å sjå dei i debattar. Men det finst også lokalaviser som er meir opptekne av dei lokale kandidatane. Til dømes prøvde Raudt-politikar Mímir Kristjánsson å selje seg inn til Suldalsposten, men han fekk til svar at avisa ikkje prioriterte rikspolitikarar.

– Regjeringspartia har lenge slite med populariteten. I kva grad smittar misnøye med nasjonal politikk over på dei lokale kandidatane?

– Her kjem vi til poenget. Det er ikkje slik at den nasjonale politikken avgjer lokalvalet, men ofte er det som i uttrykket: Høgvatnet løftar alle båtar. Det vil ein kanskje kunne sjå også den andre vegen. Dersom ein har ein nasjonalt trend imot seg, så er det som å jobbe i skikkeleg motvind.

– Alt i april kunne vi lese på NRK.no at varaordførar i Færder Richard Fossum (Sp) helst ikkje ville ha partileiaren på vitjing. Trygve-effekten var borte, sa han. For nokre dagar sidan lufta Richard Storevik frå Fellesforbundet i Bergen frustrasjonen sin i VG over at nasjonale skandalar skugga for lokal debatt. Ikkje alle lokale politikarar er nøgde med den rolla rikspolitikarane speler i valkampen.

– Nei, men det er nok mest fordi desse partia er inne i ein negativ trend. Dei lokale Høgre-politikarane er nok veldig glade for å få besøk av Erna. Det er lett å føle at nasjonale trendar slår inn, og det er også litt sant. Sjå på framgangen Senterpartiet hadde i førre lokalvalet. Når Senterpartiet løfta seg frå om lag 2 til 10 prosent i Tromsø, var jo ikkje det fordi lokalpolitikarane hadde ei genial lokalsak, men fordi dei var del av ein nasjonal trend.

– Statsminister Støre har under valkampen måtta svare for totalt fire statsrådar som har brote reglane for habilitet. Korleis trur du dei mange politikarskandalane vil påverke valresultatet?

– Vi har litt forsking på dette, som seier at veljarane klarer å skilje ting frå kvarandre, så det er ikkje sikkert at det får så mykje å seie.

– Det finst òg eksempel på at rikspolitikarar legg føringar på lokalpolitikarar. I eit valkamputspel har Erna Solberg sagt at Høgre-kommunar skal halde gebyr, avgifter og skattar nede dei neste fire åra, eit løfte fleire Høgre-ordførarar har omtala som krevjande. Korleis verkar slike føringar inn i valkampen?

– Dette vert gjort for å prøve å gje valkampen ein ideologisk bodskap. Kva er det dette partiet står for?

– Men kan det ikkje også verke negativt, dersom ordførarar veit at dei står framfor store investeringar, som til dømes å byggje opp klimaberedskap?

– Jo, men bodskapen får ingen konsekvens. Det er ein generell ideologisk bodskap frå Høgre. Men Erna ville sikkert vere den første til å seie at her, av lokale årsaker, må ein auke vassavgifta, fordi vatn- og avlaupssystemet må moderniserast.

– Regjeringspartia har den siste tida reist rundt og lansert politikk med lokal og regional effekt. Ei stor og omstridd sak er elektrifisering av Equinors gassanlegg på Melkøya i Hammerfest, som regjeringa har sagt ja til. Kan du seie noko om korleis denne saka har påverka valkampen i regionen?

– Ja, den saka har nok hatt ein viss effekt. Særlig har Senterpartiet fått utfordringar, fordi dei har eit landsmøtevedtak som går imot.

– Men dette er jo ikkje ei lokalsak?

– Nei, men ho vil verke inn på lokale saker, som til dømes om Lebesby skal seie ja eller nei til vindkraftanlegg, for å levere kraft til Melkøya. Slik blir saka indirekte ei lokalsak.

– Har du merka deg andre rikspolitiske saker som kan gje utslag på lokalvalet?

– Kanskje ikkje enkeltsaker, men den negative trenden for regjeringspartia trur eg vil gje eit visst utslag. Min hunch har heile tida vore at dei vil gjere det litt betre enn det ser ut til, fordi både Arbeidarpartiet og Senterpartiet har mange gjerdesitjarar. Men mest truleg vert Høgre det største partiet i landet for første gong på over hundre år.

– Regjeringspartia nyttar valkampen til å leke det dei meiner er godbitar frå budsjettet. Dette er jo ein fordel opposisjonspartia ikkje har. Fungerer det på oppslutninga?

– Nja, lokale saker speler den største rolla, men kanskje kan det fungere ved å utjamne noko av effekten av den negative nasjonale trenden.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Rikspoliti­karar med­verkar først og fremst til merksemd om valet.

Fleire artiklar

Andrev Walden er journalist og illustratør. Debutromanen frå i fjor kom på norsk i vår.

Foto: Jessica Gow / TT / NTB

LitteraturKultur

Livet med ein flaum av stefedrar

I mange år tenkte Andrev Walden at han skulle skrive om oppveksten sin, men han visste ikkje korleis. Då han omsider fann den rette tonen, blei romandebuten ein internasjonal suksess.

Jan H. Landro

NTNU, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, med hovudsete i Trondheim, er det største universitetet i Noreg, med campusar i Gjøvik og Ålesund.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– Universiteta treng ei realitetsorientering

Me bør ikkje ha studietilbod som ingen etterspør, meiner Ola Borten Moe.

Feature
Svein Gjerdåker

Bønder i krigstid

UKRAINA: Ukraina har noko av den mest grøderike jorda i verda. Svartjorda deira er fascinerande. Denne djupe, humusfylte jorda som går milevis innover dei ukrainske steppene. Eg reiste til Ukraina for å møta bønder i dette enorme jordbrukslandet.

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Eivor Andersen Oftestad

Menneskeverdet er ikkje så sjølvsagt som vi trur

Sjølv om den sekulariserte versjonen av menneskeverdet framleis vert forstått som retten til liv og omsorg, er det noko som har vorte borte på vegen.

«Lodderáidaras / Melkeveien» (2022), detalj.

KunstMeldingar

Som ein trojansk hest

I utstillinga til Britta Marakatt-Labba, Sylkvasse sting, er dei fleste verka broderi, men her er ingen søte blomar. Sting for sting får me ei sirleg framstilling av blodig alvor. Museumsvaktene står for ei eiga absurd framsyning som dessverre ikkje er dagens performance.

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis