SV meiner det er behov for å vurdere dei folkerettslege og etiske rammene etterretningstenesta skal arbeide innanfor.
Globus-radaren i Vardø er driven av norsk etterretningsteneste på vegner av USA.
Foto: Norsk etterretningsteneste / Wikimedia
Etterretning
vidar@dagogtid.no
Stortinget har nå til behandling eit framlegg frå SV om å sette ned eit offentleg utval for å vurdere dei overordna politiske, organisatoriske og økonomiske rammene for den norske etterretningstenesta. SV meiner det er behov for å vurdere dei folkerettslege og etiske rammene etterretningstenesta skal arbeide innanfor. Partiet vil også ha svar på i kva grad tenesta er under nasjonal kontroll, og om utanlandsk finansiering påverkar prioriteringane til e-tenesta.
Saka ligg til behandling i utanriks- og forsvarskomiteen, som har frist til 5. november med å levere innstillinga si. Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) argumenterer i brev til komiteen mot å gå inn for SVs framlegg.
To djuptpløyande bøker om norsk etterretning utgjer eit viktig grunnlag for SV-framlegget. Den eine boka, Etterretning, er forfatta av to tidlegare etterretningsoffiserar, Frode Kristoffersen og Kjetil Hatlebrekke. Den andre boka, Spionkrigen. Det hemmelige spionsamarbeidet mellom Norge og USA, er forfatta av Bård Wormdal. Begge bøkene gjev grunnleggande ny kunnskap om den norske etterretningsverksemda. Og forfattarane tek til orde for å gje meir offentleg innsyn i etterretningstenesta sitt arbeid.
To forsvarsministrar, ein av dei dagens statsråd Bjørn Arild Gram, har avslege å svare på spørsmål om organisering, finansiering og arbeidsmetodar for tenesta.
Wormdal kjem med nye avsløringar om det tette tosidige etterretningssamarbeidet mellom Noreg og USA og korleis norske styresmakter held dette hemmeleg overfor både Stortinget og det norske folket. Wormdal arbeidde med denne boka i fleire år før ho kom ut i 2023. Hausten 2020 gjorde han avtale med Frank Bakke-Jensen som då var forsvarsminister, om eit intervju om temaet. Men departementet trenerte oppfølginga.
I desember 2022 kontakta Wormdal forsvarsminister Bjørn Arild Gram for å få eit intervju om same tema. Departementet svarte nei og ville heller ikkje gje ei grunngjeving for avslaget.
Det tosidige avtaleverket mellom Noreg og USA er ein raud tråd gjennom boka til Wormdal. Det kontroversielle radaranlegget i Vardø, som i fleire omgangar er finansiert av USA, er ein del av dette biletet. Men Wormdal omtalar også fleire andre lytte- og peilestasjonar i Noreg.
Finansiering og interesser er viktige element i denne samanhengen. Wormdal viser til at dagens regjeringsadvokat, Fredrik Sejersted, som advokat hjå Regjeringsadvokaten i 2005 skreiv at USA og Nato på førstninga av 1990-talet finansierte meir enn 90 prosent av budsjetta til e-tenesta. Wormdal viser også til opplysningar historikaren, professor Rolf Tamnes, gav i verket Norsk utenrikspolitisk historie: Om lag 70 prosent av dei tilsette i e-tenesta fekk på slutten av 60-talet løna si frå USA. Han skreiv vidare at over halvparten av dei tilsette i e-tenesta arbeidde med prosjekt finansierte av USA så seint som i 1992.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.