JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Stortingspolitikarar bryt opplysningsplikta

To sitjande stortingsrepresentantar og 32 vararepresentantar bryt pålegget om å gje opplysningar til stortingsregisteret over eigne økonomiske interesser.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Øystein Mathisen (Ap) har ikkje gjeve opplysningar om eigne økonomiske interesser til stortingsregisteret.

Foto: Stortinget

5721
20230804
5721
20230804

vidar@dagogtid.no

Stortingsregisteret, som også omfattar regjeringsmedlemene, var ein nøkkel til å oppdage Ola Borten Moes kontroversielle aksjekjøp. I motsetnad til to tidlegare statsrådar som nekta å gje opplysningar til registeret, gav Borten Moe utfyllande opplysningar om eigne økonomiske interesser. Det viser kor viktig registeret er om regelverket blir fylgt opp. Men her skortar det mykje. Det er ingen sanksjonar mot dei som bryt rapporteringspliktene.

Registeret

Registeret vart innført etter vedtak i Stortinget i 1990. Meininga var å avdekkje eventuelle uheldige bindingar eller økonomiske interesser representantane kunne ha. Frå starten i 1991 var det friviljug for representantane å gje opplysningar til registeret. Det resulterte i at mange representantar unnlét å gje opplysningar. Fleire representantar, særleg frå Frp, uttrykte direkte motstand mot registreringa. Ein av desse var Frp-representanten Hans Røsjorde frå Hordaland. Han var då visepresident på Stortinget og vart seinare fylkesmann i Oslo og Akershus. Partiformann Carl I. Hagen, derimot, leverte opplysningar frå første stund.

Sjølv om registreringa var friviljug, var det ein føresetnad at dersom ein først lét seg registrere og gav opplysningar, skulle opplysningane vere korrekte og fullstendige. Her vart det opp gjennom åra avslørt at mange synda ved å gje ufullstendige opplysningar.

Jagland synda

Ein av syndarane var Thorbjørn Jagland. Han vart innvald på Stortinget i 1993. Året før var han vald til partileiar i Ap. Til stortingsregisteret opplyste han at han hadde «ingen registreringspliktige interesser». Han unnlét å opplyse om at han hadde ekstraløn og fri bil som partileiar. Det gjorde derimot forgjengaren hans som partileiar og statsminister, Gro Harlem Brundtland. Det gjorde også nestleiarane til Jagland, Hill-Marta Solberg og Jens Stoltenberg. Dei opplyste begge at dei hadde fri bil og lønstillegg frå partiet. Den mangelfulle rapporteringa frå Jagland var til stigande frustrasjon mellom nære medarbeidarar. Etter at Jagland vart statsminister 25. oktober 1996, kom registreringa i orden. Men etter at han gjekk av som statsminister i oktober 1997, var han tilbake i gamle spor.

Alle regjeringane etter 1990 har hatt som uttala politikk at alle regjeringsmedlemer skal gje opplysningar til stortingsregisteret om eigne økonomiske forhold. Det gjorde likevel ikkje Tore Tønne, som var helseminister for Ap i Stoltenberg I-regjeringa 2000–2001. Hadde han registrert seg, måtte han ha opplyst om bindinga han hadde til Kjell Inge Røkke. Det var denne bindinga som i sin tur førte til Tønnes fall. Han vart etterforska av Økokrim, som tok ut tiltale 20. desember 2002. Same dag som han fekk forkynt tiltalen, tok Tønne livet sitt.

Heller ikkje Kristin Clemet (H) ville gje opplysningar til registeret. Ho var statsråd i Bondevik II regjeringa 2001–2005.

Obligatorisk frå 2009

Det bygde seg etter kvart opp misnøye med etterlevinga av registerordninga, og i desember 2008 gjorde Stortinget vedtak om at registrering vart obligatorisk. Vedtaket var samrøystes. Det skjedde også ei klar skjerping av retningslinene for registreringspliktige opplysningar med verknad frå 1. oktober 2009. I 2018 skjedde det ei ytterlegare innstramming i regelverket. Regelverket er ikkje perfekt, det finst smotthol. Men skulle ein bli avslørt for å ha utnytta desse, er risikoen stor for ein kraftig baksmell.

Administrasjonen på Stortinget opplyser til Dag og Tid at alle representantar og vararepresentantar får utlevert skjemaet for registreringar i registeret første dag dei møter på Tinget, med ein frist på 30 dagar til å levere utfylt svar. Så har det representantane sjølve ansvar for å sørgje for registrering. Det kan skje anten elektronisk eller ved å levere dokumentet skriftleg.

Bryt pliktene

To sitjande stortingsrepresentantar har ikkje gjeve opplysningar og eigne økonomiske interesser til stortingsregisteret. Det er Øystein Mathisen (Ap), Nordland, og Kari Mette Presterud (Sp), Akershus. Presterud møter som vararepresentant for statsråd Sigbjørn Gjelsvik.

Ikkje mindre enn 32 vararepresentantar som har møtt på Stortinget sidan valet 2021, har late vere å levere opplysningar til registeret, trass i at regelverket krev at dei leverer opplysningar første gong dei bli innkalla og møter på Tinget.

Alle stortingspartia er representerte på denne lista, med unntak av Pasientfokus, som er innvalt med ein representant frå Finnmark. Representantane fordeler seg med to frå MDG, tre frå Raudt, tre frå Frp, fire frå Sp, sju frå Ap, to frå KrF, tre frå V, fire frå SV og fire frå H.

Desse toppar lista

Dag og Tid har samanhalde registrerte møtedagar for vararepresentantane med registeropplysningane som viser kven som ikkje har levert opplysningar dei er pliktige til. Alle opplysningar er henta frå Stortingets nettsider.

Sigurd Myrvoll (Ap), Nordland, har møtt 174 dagar utan å ha levert det han pliktar. Deretter fylgjer Henning Wold (H), Vestfold, 110 dagar; Ane Breivik (V), Hordaland, 97 dagar; Guro Angell Gimse (H), Sør-Trøndelag, 96 dagar; Steinar Krogstad (Ap), Sør-Trøndelag, 89 dagar; Emma Watne (Raudt), Rogaland 59 dagar; Sigrid Simensen Ilsøy (Sp), Buskerud, 44 dagar; Gunnhild Berge Stang (V), Sogn og Fjordane, 39 dagar; Sigbjørn Framnes (Frp), Hordaland, 32 dagar; og Hadle Rasmus Bjuland (KrF), Rogaland, og Christian Torset (SV), Nordland, begge 22 dagar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Ikkje mindre enn 32 vararepresentantar som har møtt på Stortinget sidan valet 2021, har late vere å levere opplysningar til registeret.

Fleire artiklar

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis