JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Stortinget fordømde sjølvrekruttering

Statsminister Erna Solberg har tre gongar utnemnt regjeringskollegaer til nye embete. SMK har opplyst at det aldri tidlegare har skjedd at sitjande statsrådar er utnemnde til nye embete. Det er feil.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jørgen Løvlands regjering 1907–1908 fekk etter avgangen kritikk for sjølvrekruttering. Frå venstre: 1. Sven Aarrestad (V), som vart amtmann i Nedenes, 2. Sofus Arctander (V), som sikra seg embete som finansborgarmeister i Kristiania, 3. Karl Friederich Griffin Dawes (V), 4. statsminister Jørgen Løvland (V), som fekk ny jobb som tollskrivar i Kristiania, 5. Johan Magnus Halvorsen (MV), 6. Abraham Berge (V), utnemnd til amtmann i Jarlsberg og Larvik.

Foto: Wikimedia Commons

8728
20210129

Bakgrunn

Solberg-regjeringa har innført ein praksis med å utnemne seg sjølv til nye statlege embete. På utsida blir det nå snakka om at det ser ut som «kameraderi».

Ein slik praksis vart fordømd av eit samstemt storting i 1909 etter at noko tilsvarande hadde skjedd i 1908.

Solberg-regjeringa vil ikkje svare på om det går ei grense for kor mange regjeringskollegaer ein kan tenkje seg å utnemne til nye embete.

Embetspolitikk

vidar@dagogtid.no

Stortinget tok i 1909 eit kraftig oppgjer med ein utnemningspraksis som den statsminister Erna Solberg (H) har innført etter at ho vart statsminister i 2013. Kong Haakon tok også avstand frå ein slik praksis.

Då regjeringa til Jørgen Løvland (V) gjekk av i mars 1908, sytte regjeringa for å utnemne fire av statsrådane, inkludert statsminister Løvland, til nye embete. I møte med den nye regjeringa leia av Gunnar Knudsen (V) gav kong Haakon klart uttrykk for at han mislikte det den avgåtte regjeringa hadde gjort. Han spurde Knudsen om regjeringa hans hadde tenkt å fylgje same praksis.

Knudsen svara kontant nei, og det gjorde også dei andre statsrådane som var i sitt første statsråd på slottet 19. mars 1908.

Dette går fram av dagbøkene til tidlegare stortingsrepresentant og statsråd, Johan Castberg, som representerte Venstre og Arbeiderdemokratene. Forholdet er også omtala av kong Haakon i dagbøkene han skreiv. Han mislikte det sterkt. Castbergs dagbøker vart publisert i 1953, medan kong Haakons omtale først vart kjend i Vintertronen, i serien av kongebiografiar om kong Haakon, forfatta av Tor Bomann-Larsen. Boka kom i 2006.

«Ubehageligt»

Dette skriv Castberg: «Den nye regjering mødte i dag paa slottet til første statsraad. Mødet var ganske kort; det besluttedes kun om fordelingen af departementene, og at de indtraadte embedsmænds tidligere embeder forbeholdtes staaende aabne indtil videre. Kongen holdt en liden tale hvori han bl.a. bad os ikke følge den afgaaende regjerings exempel med selv at udnævne sine medlemmer til ledigstaaende embeder, naar vi fratraadte som regjering. Han antydede temmelig ligefrem, at det havde været ham ubehageligt, at dette nu var gjort ved den Løvlandske regjerings afgang. G. Knudsen erklærte sig enig, hvortil vi alle sluttede os.»

Avisa Moss Tilskuer, som i utgangspunktet var ei Venstre-avis, gjekk i ein artikkel 24. mars 1908 til kraftig åtak på sjølvutnemning av sitjande statsrådar til nye embetsstillingar. Avisa viser til drøftingar som går føre seg i stortingskrinsar med bakgrunn i det som skjedde veka før, og der siktemålet er å få slutt på ordninga.

Avisa avsluttar slik: «Og opinionen vil blive beroliget ved at der på denne maade sættes bom for, hvad der ialfald kan se ud som en ublufærdig udnyttelse af egen magt til egen fordel.»

Etterspel i Stortinget

Utnemningspraksisen fekk eit kraftig etterspel i Stortinget året etter, viser stortingsdokument som Dag og Tid har gjennomgått. Protokollkomiteen på Stortinget som hadde i oppgåve å granske regjeringsprotokollane, mellom anna utnemningane som var gjorde i statsråd, slo ned på denne praksisen i ei samrøystes komitéinnstilling i 1909. Og då saka vart behandla i Odelstinget 13. september 1909, fall det mange harde ord om ein slik praksis frå alle talarane som hadde ordet. Utskriftene frå statsrådsbehandlinga i 1908 viser at kvar og ein av dei fire statsrådane veik sete ved utnemninga av seg sjølv då utnemninga vart klubba igjennom i statsråd på slottet.

Stortingsrepresentant, seinare Høgre-leiar, Jens Kristian Bratlie, formulerte seg slik: «at en mand, som har været medlem af en regjering, i regelen en ganske kort tid, gaar direkte fra regjeringen over i et som regel overordnet embede, som han ikke indehavde før, og hvortil han – ofte iallfald – ingensomhelst kvalifikationer har sammenlignet med andre, og som han derfor ingen udsigt vilde havt til at faa under nogen regjering, hvis ikke den omstændighed var tilstede, at hans egne kolleger i regjeringen indstillede ham til at faa det ved regjeringens afgang. Saa har forholdet været indtil nu i mange tilfælde, og det mener jeg, maa erkjendes at være en stor mangel og en feil, som maa søges rettet; det er en grov uretfærdighed mod de embedsetater, som det gaar ud over».

Forkasteleg

Under debatten opplyste statsråd Johan Castberg, som då var justisminister, at regjeringa hadde drøfta saka, og alle regjeringsmedlemene var samde om at det var forkasteleg at regjeringa skulle utnemne ein av sine eigne medlemer til ei ny embetsstilling. Han opplyste vidare at ein statsråd hadde gått av og blitt erstatta før vedkomande eksstatsråd kunne utnemnast til ny stilling.

Odelstinget la til grunn at det skulle bli slutt på sjølvutnemningspraksisen.

Dette har sidan vore fylgt av skiftande regjeringar gjennom tiår fram til Solbergs nyordning. Det er ikkje kjent at Stortinget på noko tidspunkt seinare har endra prinsippet som vart slege fast i 1909.

Temaet galdt i utgangspunktet at regjeringa utnemnde ein eller fleire statsrådar til nye embete når regjeringa gjekk av. Men det er gode grunnar til å hevde at dei same synspunkta gjer seg gjeldande når ein regjeringsmedlem blir utnemnd til eit nytt embete av regjeringskollegaene og held fram som regjeringsmedlem.

Misse lysta

Det er her naturleg også å vise til kva Ap-representanten Torgeir Vraa uttala under debatten om saka i Odelstinget i 1909. Han sat sjølv i protokollkomiteen og argumenterte med at sjølv om formuleringane i komitétilrådinga var forsiktig, var meininga ikkje til å misforstå. Og han at meinte dette ville vere «tilstrækkelig til for eftertiden at betage statsråderne lysten til at ansette sig selv. Thi saavidt man kan skjønne af regjeringens protokoller, saa er det vistnok tilsynelatende saadan, at regjeringen ansetter vedkommende, men dette selvfølgelig under meget intim konferanse med vedkommende statsraad selv. Forsaavidt er dette en statsskikk, som ganske vist er fordømmelig, særlig dette, at man kan tenke sig, at vedkommende statsraad, som ønsker det eller det embede, har gjort atskillige krafttag for at bevæge sine kollegaer i statsraadet til at ansætte ham i den eller den stilling».

Habiliteten

Dag og Tid har over tid skrive om utnemningspraksisen som statsminister Erna Solberg har innført ved å utnemne sitjande statsrådar til nye embete. Det har skjedd i tre tilfelle: då fiskeriminister Elisabeth Aspaker i 2014 vart utnemnd til fylkesmann i Troms, då helseminister Bent Høie i 2018 vart utnemnd til fylkesmann i Rogaland, og då forsvarsminister Frank Bakke-Jensen i 2020 vart utnemnd til fiskeridirektør.

Dag og Tid har også reist spørsmålet om kva slags habilitetsvurderingar som er gjorde ved Statsministerens kontor når regjeringa utnemner ein regjeringskollega til nytt embete. Statsministerens kontor opplyser at det ikkje er laga eigne habilitetsutgreiingar for denne typen saker, og viser til dei generelle reglane i forvaltningslova og meiner å ha sitt på det tørre.

«Statsrådane er omfatta av reglane om habilitet når dei opptrer som sjefar for departementa, men ikkje når dei opptrer i eigenskap av å vere medlemer av regjeringa, det vil seie i statsråd, førebuande statsråd og i regjeringskonferansar. Omsynet til tillit til forvaltninga gjer seg også gjeldande når ei sak blir handsama i statsråd. I praksis er det difor lagt til grunn at det gjeld ulovfesta krav til habilitet også når statsrådar opptrer i eigenskap av å vere medlemer av regjeringa», skriv Statsministerens kontor til Dag og Tid.

Av denne grunn deltok ikkje Aspaker, Høie og Bakke-Jensen i statsrådet då dei vart utnemnde.

Dag og Tid har også spurt Statsministerens kontor om det går ei grense for kor mange statsrådar ein kan tenkje seg å utnemne til nye embetsstillingar medan dei sit som statsrådar. Vi har ikkje fått svar.

Forvaltingsrettseksperten professor emeritus Jan Fridthjof Bernt ved Universitetet i Bergen seier til Dag og Tid at når ein har valt eit system som seier at regjeringa ikkje blir inhabil, er forklaringa at det ikkje vil vere råd å praktisere habilitetsreglar for regjeringa. For kven skulle avgjere om regjeringa var inhabil? Han seier vidare at sjølv om ein kan hevde at statsrådane reint formelt ikkje er inhabile når dei utnemner ein av sine eigne til eit embete, kan det likevel argumenterast mot ein slik praksis.

– Alle kan stille spørsmålet: Korleis tek det seg ut? Dette er ei etisk og politisk vurdering – ikkje eit juridisk spørsmål, seier Bernt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.

Foto: Vegard Giskehaug

Meldingar
HeleneGuåker

Der mørkeret bur

Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis