Smekk til Nybø frå ombodsmannen
Nærings- og fiskeridepartementet ved statsråd Iselin Nybø får klar kritikk frå Sivilombodsmannen for hemmeleghald.
Næringsminister Iselin Nybø får kritikk frå Sivilombodsmannen.
Foto: Torstein Bøe / NTB
vidar@dagogtid.no
Departementet får kritikk for å ha halde søknaden frå forsvarsminister Frank Bakke-Jensen hemmeleg då han ville bli fiskeridirektør.
Bakke-Jensen søkte på direktørstillinga 16. juni i fjor, meir enn ein månad etter at søknadsfristen var ute. Søknaden vart hemmeleghalden av heilt til han vart utnemnd i stillinga i statsråd 21. september.
Dag og Tid tok hemmeleghaldet opp med departementet og bad om grunngjeving for avgjerda, som framstod som eit klart brot på hovudregelen i offentleglova og rettleiaren Justisdepartementet har laga til lova.
Departementet opplyste at Bakke-Jensen hadde bede om anonymitet, og departementet argumenterte med at statsråden var avhengig av tillit i arbeidet i Forsvarsdepartementet, og at det kunne verke motsett om det vart kjent at statsråden søkte ny stilling.
Dag og Tid utfordra departementet til å konkretisere og utdjupe forklaringane sine utan at det gav meir informasjon.
Avgjerda om hemmeleghald vart derfor klaga inn for sivilombodsmannen, som tok opp saka.
Onsdag denne veka kom avgjerda frå ombodsmannen.
Ombodsmannen slår fast at stillinga som fiskeridirektør er ei stilling det knyter seg særleg stor interesse til. Då må det krevjast særlege grunnar for å ta til fylgje eit ynske om ikkje å stå på søkjarlista. Omsynet til kontroll med tilsettingsprosessen gjer seg særleg gjeldande for slike stillingar.
«Kontrollhensynet står i tillegg i en særstilling når en av søkerne er medlem av det organet som forestår tilsetting», skriv ombodsmannen.
Ombodsmannen har kome til at grunngjevinga departementet brukte for å unnta Bakke-Jensens namn frå søkjarlista, ikkje er tilstrekkeleg. Det krevst særlege grunnar. Rolla som statsråd er ikkje i seg sjølv tilstrekkeleg til at slike særlege grunnar ligg føre. Det krevst konkrete omsyn. Slike konkrete omsyn er ikkje gjeldande i denne saka, skriv ombodsmann Hanne Harlem.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.
Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB
Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger
Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.
Foto: Andreas Roksvåg
Syltynt
E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.
Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.
Foto: Vegard Giskehaug
Der mørkeret bur
Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.