Politikk
Sjølvkritikk i andre land
Ettertankane vart formulerte fem år etter åtaket.
Håkan Juholt då han i Stockholm 10. mars 2011 vart presentert som valkomiteens framlegg til partileiar i Socialdemokraterna.
Foto: Fredrik Sandberg / NTB scanpix
Eit oppgjer med manglande oppfylging av eit Libya utan Muammar Gaddafi har vore vel så viktig i sjølvkritikken som eit oppgjer med dei militære operasjonane i seg sjølve. Den britiske granskingsrapporten kritiserte ikkje berre krigen og etterspelet, men forspelet òg: Nato stolte på etterretning som Irak-krigen hadde synt at ein ikkje kunne stola på. Den dåverande sosialdemokratiske partileiaren i Sverige, Håkan Juholt, er ein av ytst få som kan seia: Kva sa eg?
Mars 2016: Carl Bildt
Sverige var det einaste vestlege landet utanfor Nato som tok del i Libya-åtaket. Jamvel Vänsterpartiet røysta for utanriksminister Carl Bildts (Moderaterna) framlegg i Riksdagen om at Sverige skulle senda krigsfly til Libya i ein USA-leidd Nato-operasjon.
I mars 2016 skreiv Bildt i artikkelen «Dei sju leksene om statsbygging» i tidsskriftet Medium mellom anna: «I Libya nådde naiviteten nye høgder etter plyndringa av dei enorme våpenlagera til det tidlegare regimet. Nær sagt ingen umak vart gjord for å avvæpna rivaliserande grupper. Faktisk var det ulike aktørar i det internasjonale samfunnet som tvert om væpna somme av dei. At Libya vart destabilisert, spreidde seg gjennom Sahara og gjorde det naudsynt med nye invasjonar og internasjonale fredsoperasjonar.»
April 2016: Barack Obama
Kritikken og sjølvkritikken til Barack Obama, dåverande president i USA og dimed øvste sjef for dei militære styrkane, er samanfatta i artikkelen «Obama-doktrinen» av Jeffrey Goldberg, sjefredaktøren i The Atlantic, i april 2016. Her er eit utdrag:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.