Sanning er ikkje alltid nok

Det er ikkje gjeve at rapporten frå Sannings- og forsoningskommisjonen verkar forsonande, seier kommisjonsmedlem Einar Niemi.

Rein og vindturbinar på Fosenhalvøya. Striden om vindkraftverka på Fosen blir av mange sett i lys av fornorskinga retta mot samane.

Politikk

Publisert

Det har gått to veker sidan «Kommisjonen for å granske fornorskingspolitikk og urett overfor samer, kvener og norskfinner» la fram den store rapporten sin, og debatten rullar og går. Vona er at rapporten skal vere med på å skape forsoning mellom folkegruppene. Men det resultatet er ikkje noko ein kan ta for gjeve, seier kommisjonsmedlem Einar Niemi, professor emeritus i historie ved Universitetet i Tromsø.

– Vi håpar jo rapporten skal verke forsonande, men kan ikkje vere sikre. Ingen kan påtvinge noka forsoning.

– Sannings- og forsoningskommisjonen har henta namn og inspirasjon frå oppgjeret etter apartheid i Sør-Afrika, eit land med ei historie svært ulik Noreg. Kva medvitne eller umedvitne føringar gav dette for arbeidet?

– Eg vil ikkje seie at vi har hatt sannings- og forsoningskommisjonen i Sør-Afrika som mal, men han har vore ein del av bakgrunnen for arbeidet, seier Einar Niemi. Han viser til at fleire land med etniske minoritetar har hatt liknande prosessar dei siste tiåra.

– Den canadiske kommisjonen som granska overgrepa mot urfolk, er nok den som har inspirert oss mest. Men Canada hadde ein meir brutal assimileringspolitikk med store overgrep. Den kanadiske kommisjonen brukte eit nokså tøft språk med sterkt verdiladde omgrep, og kanskje har det sterke språket i rapporten bidrege til at forsoningsprosessen ikkje har gått så bra. I rapporten vår har vi prøvd å halde språket ganske nøkternt og balansert.

Ulik status

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement