Politikk
Rekviem for ei reform
Solberg-regjeringa har kutta milliardar i driftsbudsjetta i offentleg sektor for å avbyråkratisere og oppnå systematisk effektivisering. Kutta har ikkje oppnådd måla, meiner professor Christine B. Meyer ved Norges Handelshøyskole.
Erna Solbergs regjering har lagt opp til eit nytt ABE-kutt i offentleg sektor i budsjettet for 2022.
Foto: Javad Parsa / NTB
Den nye regjeringa av Ap og Sp vrakar den mykje kritiserte avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma, ABE, som Solberg-regjeringa innførte.
Sidan reforma vart innført, har ho frå og med 2015 gjeve regjeringa 12,5 milliardar kroner i ekstra handlingsrom i statsbudsjettet ved at det kvart år er kutta minst 0,5 prosent i driftsbudsjetta i offentleg sektor. Kutta, som har inkludert universitet, høgskular, forskingsinstitusjonar og spesialisthelsetenesta, har nokre år vorte oppjusterte til 0,6, 0,7 eller 0,8 prosent etter budsjettforhandlingar i Stortinget.
Målet med reforma har vore at eit føreseieleg kutt, år etter år, skulle gje insentiv til systematisk effektiviseringsarbeid og føre til at det vart brukt mindre pengar på byråkrati.
Medan kritikarane har kalla ABE både retningslause kutt, brutal ostehøvel, ein manglande vilje til å prioritere, ein feig strategi og ein demonstrasjon av ansvarsfråskriving, har medlemmer av Solberg-regjeringa omtalt reforma som ein suksess.
I budsjettet som vart lagt fram av den avtroppande regjeringa tidlegare denne veka, er det igjen lagt opp til 0,5 prosent, eller vel 1,9 milliardar kroner, i nye ABE-kutt.
Har reforma så levd opp til namnet og intensjonane? Nei, meiner Christine B. Meyer. Ho er professor ved Norges Handelshøyskole og både tidlegare Høgre-politikar og tidlegare leiar i staten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.