Regjeringa vil ikkje levere lovevaluering
Stortinget kravde i 2006 ei evaluering av den nye offentleglova etter at ho hadde verka i nokre år. Men korkje Solberg-regjeringa eller Støre-regjeringa har kome med ei slik evaluering til Stortinget.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) i Stortingets spørjetime i fjor. Høgreleiar Erna Solberg i bakgrunnen.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Politikk
vidar@dagogtid.no
Offentleglova som skal gje innsyn i offentlege dokument, er det viktigaste verktøyet for at presse og opinion skal kunne fylgje med og delta i samfunnsutviklinga, ein føresetnad for demokratiet. Dette blir jamt slege fast i 17. mai-talar frå politikarane, ikkje minst i Stortinget.
I mai 2006 vedtok Stortinget ei ny lov som skulle avløyse den gamle lova frå 1970. Den nye lova vart først sett i verk frå 1. januar 2009. Det uttala siktemålet var å utvide og sikre innsynsretten.
Kravde evaluering
I innstillinga frå justiskomiteen på Stortinget gjekk alle partia inn for at Regjeringa skulle utarbeide ei evaluering av korleis lova fungerte etter at ho hadde fått verke nokre år. Justisdepartementet hyra i 2014 inn det private selskapet Oxford Research AS til å evaluere den nye lova. I februar 2016 vart rapporten send ut på open høyring med svarfrist 25. mai 2016. Det kom inn 116 høyringssvar. Men så var det stopp. Korkje Solberg-regjeringa, Støre-regjeringa eller Justisdepartementet har på noko tidspunkt kome med vurderingar eller konklusjonar om korleis dei ser på praksis med den nye offentleglova.
Når Dag og Tid nå har etterlyst korleis det går med denne evalueringa, er svaret å vise til rapporten frå konsulentfirmaet. Kritikk og innspel som har kome frå alle instansane som tok seg bryet med å utarbeide høyringssvar, har departementet openbert ikkje funne grunn til å bry seg med, langt mindre informere Stortinget om.
Flengande kritikk
I desember 2021 kom Riksrevisjonen med kritikk i ein granskingsrapport om «arkivering og åpenhet i statlig forvaltning». Justisminister Emilie Mehl (Sp) freista i eit tilsvar til Riksrevisjonen i november 2021, før rapporten vart oversend til Stortinget, å tilbakevise mykje av kritikken, men til lita nytte. Ein samrøystes kontrollkomité på Stortinget slutta seg til kritikken då saka vart behandla i Stortinget 18. mars i fjor.
I brevet, stila til Riksrevisjonen, kom Mehl med ein interessant opplysning: «Når det gjelder oppfølgingen av evalueringen av offentleglova, ble det fra desember 2017 til januar 2018 gjennomført en departementsforeleggelse av mulige forslag til endringer i offentleglova og tilknyttet regelverk. Dette ble gjort på bakgrunn av evalueringen og høringen av evalueringsrapporten. I hvilken grad det skal gås videre med slike endringsforslag, er et politisk spørsmål.»
Uvilje
Det handlar altså om politisk vilje – eller uvilje. Svara Dag og Tid nå har fått frå Justisdepartementet, ved berre å vise til rapporten til konsulentselskapet, vitnar om at Støre-regjeringa fylgjer i spora til Solberg-regjeringa: ikkje presentere vurderingar og konklusjonar om korleis den nye lova fungerer 14 år etter at lova vart sett i verk.
Riksrevisjonen kom i 2017 også med ein sterkt kritisk rapport om mangelfull arkivering og feil journalføring i departement og statlege etatar. I rapporten frå desember 2021 slo Riksrevisjonen fast at Justisdepartementet i liten grad hadde fylgt opp tilrådingane frå 2017-rapporten.
Etter pågang frå Dag og Tid opplyser Justisdepartementet at det er gjort «organinterne vurderingar». Desse har Dag og Tid bede om innsyn i. Departementet svarar etter fleire purringar at: «Departementet har ikkje gjort noka evaluering eller samla vurdering av evalueringa. Dei tidlegare nemnde interne vurderingane som vart gjorde, var generelt munnlege, og dei kunne til dømes typisk gjelde om eit bestemt moment var omtala i evalueringsrapporten eller ikkje. Det er såleis ikkje aktuelt med innsyn i desse i noko tilfelle.»
Vi får difor ikkje vite kva departementet og regjeringane har meint og meiner om saka.
Det vi veit, er at Solberg-regjeringa i 2018 gjorde ein framstøyt for å stramme inn innsynsretten i offentleglova. Det skjedde etter at Sivilombodsmannen gav Dagbladet medhald i retten til å krevje innsyn i elektroniske innføringar i kalenderen til statsrådane.
Sterkt kritisk
Thomas Breen, som var Aps hovudtalsmann då Stortinget behandla offentleglova i 2006, er svært misnøgd med det Dag og Tid nå kan presentere.
– Vi hadde tydelege merknadar frå komiteen for å sikre reell meiroffentlegheit. Og vi ville ha ei tilbakemelding til Stortinget om røynslene med lova etter nokre år. Det kunne skje anten ved at Regjeringa la fram ei stortingsmelding om saka, eller gjennom ein ny lovproposisjon. Det er sikkert fleire på Stortinget som kunne ha interesse av å ta opp igjen denne saka, seier Breen.
Odd Einar Dørum (V) fremja som justisminister framlegget til ny offentleglov i 2005.
– Mi generelle haldning har vore at fleire lover burde evaluerast etter at dei har verka ei tid. Og då er det sjølvsagt at evalueringane må presenterast for lovgjevaren, Stortinget. I denne saka er det ekstra sterk grunn til det ettersom Stortinget gjennom behandlinga si eksplisitt har bede om at det blir laga ei slik evaluering. Det er nå rimeleg at Stortinget sjølv tek opp denne saka, seier Dørum.
– Etterlys evalueringa
Professor emeritus Jan Fridthjof Bernt ved Universitetet i Bergen er truleg den fremste eksperten i landet på offentleglova. Han har tidlegare forfatta kommentarutgåve til den nye offentleglova og har nyleg avslutta arbeidet med ei ny utgåve saman med Olav Haugen Moen.
– Når Stortinget har bede om at det blir laga ei evaluering, er det rimeleg å forstå dette slik at Stortinget vil ha ei tilbakemelding frå Regjeringa om korleis ein vurderer og tenkjer om praktiseringa av den nye lova. Det er alminneleg god skikk for forholdet mellom Stortinget og Regjeringa. Nokon i Stortinget burde etterlyse ei evaluering av lova frå Regjeringa si side. Sjølv meiner eg at lova inneheld så mange snirklete reglar og er laga så komplisert at ho gjev altfor vide opningar for at forvaltninga kan unnta frå innsyn slik det passar forvaltninga. Kompleksiteten gjer at lova beskyttar forvaltninga mot å gje innsyn om ho ikkje sjølv vil. Og i tillegg er det ikkje knytt sanksjonar til sjølv klåre og medvitne brot på lova frå forvaltninga si side, seier Bernt.
Bukken og havresekken
Eit anna viktig tema er måten krav om innsyn blir behandla på i forvaltninga.
– Det vanlege er at det er den eller dei ansvarlege saksbehandlarane som i første hand behandlar innsynskrava, og som også behandlar og avgjer klager over avslag, før dei går vidare til klageorganet. Klager går gjerne til eit overordna organ med nær tilknyting til underinstansen. Det er fagleg sett heilt uforsvarleg. Det betyr at det er bukken som passar havresekken, for å seie det direkte. Eg meiner det er avgjerande viktig at det skjer ei uavhengig fagleg vurdering før det vert gjeve avslag på krav om innsyn, og at klage over avslag vert behandla av ein uavhengig instans med fagleg kompetanse på offentleglova. Kompetansen her må også omfatta kva som ligg i kravet om at det skal gjevast meirinnsyn om det ikkje er tungtvegande omsyn som talar mot det, seier Bernt.
Vil krevje evaluering
Venstre vil nå ta initiativ for å få Regjeringa til å gjennomføre ei evaluering av lova for Stortinget, opplyser stortingsrepresentant Ingvild Wetrhus Thorsvik (V) til Dag og Tid. Ho er sjølv jurist og sit i justiskomiteen. Ho vil nå sende brev til statsråden om denne saka.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Skodespelar Svein Tindberg flettar saman eigne barndomserfaringar med 4000 år gamle forteljingar frå Bibelen.
Foto: Marcel Leliënhof
Høgaktuelle forteljingar frå Midtausten
Trur vi Bibelen er ei utdatert bok, tek vi feil. Svein Tindberg syner korleis gamle jødisk-kristne soger talar til vår eksistens no når bombene fell mellom folkeslag.
Foto: Dag Aanderaa
Pyntesjuke og luksuslov
Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.
Miridae, ei bladtege med oval form.
Foto: via Wikimedia Commons
Levande innsikt om døyande insekt
Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.
Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.
Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB
Pengegaloppen i ferjetoppen
Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.
Yrka med det høgste sjukefråværet er kvinnedominerte med relasjonelt arbeid og høge emosjonelle krav, skriv Lill Sverresdatter Larsen.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Langvarig overbelastning gir rekordhøyt sykefravær
«Vi har lenge drevet en dugnad for å holde skuta flytende.»