Regjeringa får ståkarakter
– Me trur det hadde vore rett å prioritere tilsette i skular og barnehagar tidlegare i vaksineringa, seier Egil Matsen, leiar for Koronakommisjonen.
Koronakommisjonsleiar Egil Matsen før overleveringa av rapporten til statsministeren på ein pressekonferanse i Marmorhallen i Oslo tysdag denne veka.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Samtalen
Egil Matsen
Samfunnsøkonom, leiar for Koronakommisjonen
Aktuell
Koronakommisjonsrapporten

redaksjonen@dagogtid.no
Tysdag leverte Koronakommisjonen rapporten sin til statsminister Jonas Gahr Støre. Kommisjonen gjev Solberg-regjeringa ros for handteringa av pandemien, men kjem òg med kritikk på område som kriseførebuingar, intensivplassar, innreisereglar, skjerming av barn og unge og vaksineprioriteringar.
– Fleire barn og unge har under pandemien slite med psykiske vanskar. Har norske styresmakter vore for strenge i tiltaka dei har pålagt norske skular?
– Me peikar i rapporten på at styresmakter, både på stats- og kommunenivå, har gjort mykje for å verna barn og unge. Men det er likevel nokre manglar, meiner me. Det eine har å gjere med smitteverntiltak: Enkelte kommunar har «lagt på litt» og innført strengare tiltak enn nasjonale styresmakter har meint er naudsynte. Det har gått ut over barn og unge. Me trur òg det hadde vore rett å prioritere tilsette i skular og barnehagar tidlegare i vaksineringa. Det ville gjort det mogleg å halde skulane på lågare tiltaksnivå i lengre periodar enn det ein har gjort. Det har vore liten oversikt over kven av barna som blir definerte som sårbare, og som skulle ha tilbod heile tida, og det meiner me har gjort at barn og unge ikkje har blitt skjerma like mykje som målsetningane til regjeringa tilsa.
– De gjev regjeringa ros for handlekraft, men kritiserer ho for detaljstyring. De peikar på hastprega innreisereglar og stadige justeringar. Mangla regjeringa meir langsiktig planlegging under pandemien?
– Regjeringa har jobba med planlegging og strategi, men det me ofte har sett, er at alle sakene som har vore på regjeringsbordet, og det har vore mange av dei, har belasta underbyggande etatar med å førebu avgjerdsgrunnlag for regjeringa. Dermed har etatane, der fagekspertane jobbar, hatt mindre kapasitet til langsiktig planlegging og strategisk tenking.
– Var det verkeleg slik at ein midt i ein pandemi ikkje kunne auke intensivkapasiteten fordi fagfolk ikkje kunne bli samde om definisjonen av intensivplassar?
– Den faglege usemja byrja før pandemien. Me framhevar at styresmaktene visste at der var utfordringar med intensivkapasiteten, og at det ville oppstå problem med intensivberedskapen i ein krisesituasjon. Årsaka til at ein ikkje fekk gjort noko med det, var nettopp at det var fagleg usemje som hindra prosessar for å bli samde om kva intensivkapasiteten burde vere. Det har me peika på som kritikkverdig. Verken helseføretaka, sjukehusa eller Helse- og omsorgsdepartementet tok grep, noko dei kunne gjort alt før pandemien.
– Men problemet vart likevel ikkje løyst då ein stod midt i pandemien?
– Det vart ikkje løyst.
– Kunne ein med auka intensivkapasitet ha unngått eller korta ned nokre av smitteverntiltaka?
– Det meiner me ikkje. Sjølv om me hadde hatt ein litt høgare grunnkapasitet i intensiv- og intermediæravdelingane, ville det ikkje endra smitteverntiltaka, men det ville gitt oss litt betre tid før me innførte inngripande tiltak.
– Rapporten framhevar at folk og styresmakter har handtert pandemien godt. Noreg har ikkje teke i bruk meir drastiske tiltak som ein har sett i andre land, som portforbod og koronapass. Syner vurderinga dykkar at desse ikkje var naudsynte?
– Ja, vår vurdering er at tiltaka ikkje var naudsynte, iallfall ikkje portforbod. Med den gode handteringa har ikkje portforbod vore i nærleiken av å vere naudsynt i Noreg.
– Kva med koronapass?
– Koronapass er ein litt annan diskusjon, det er knytt til motivasjonen til å vaksinere seg. Det viste seg at me fekk høg vaksinedekning i Noreg utan å bruke den type verkemiddel, og det er viktig at mest mogleg er frivillig.
– Rapporten fann at styresmaktene var dårleg førebudde før pandemien. Er Noreg no i stand til å møte ein ny variant eller ein ny pandemi?
– Ja, eg trur me er betre førebudde.
– I rapporten står det at grunnlaget regjeringa hadde for å vedta smitteverntiltak i mange tilfelle var mangelfullt. Vil det seie at nokre av smitteverntiltaka har vore ineffektive? Og veit me meir no om kva som har fungert og ikkje fungert av dei forskjellige tiltaka?
– Me veit framleis for lite om kva tiltak som har hatt effekt på smittespreiinga. Ein viktig grunn til det er at ein har innført mange tiltak samtidig, og det er ikkje lett i ettertid å skilje mellom kva som verkar og ikkje verkar.
– Korleis vurderer kommisjonen styresmaktene si balansering av økonomisk aktivitet og smittevern?
– Me meiner balansen har vore god. Når ein ser på resultata, kan ein ikkje seie anna enn at Noreg har funne ein god balanse. Me har hatt færre døde og mindre alvorleg sjukdom, og økonomien har gått betre enn i dei fleste andre land. I det store biletet har balansen i Noreg vist seg å vere god.
– Er det gode politiske val eller gode underliggande strukturar som har gjort handteringa god i Noreg?
– Me trur strukturane i det norske samfunnet var viktige for handteringa av pandemien. Det gjeld til dømes det høge tillitsnivået i det norsk samfunnet, som har hjelpt oss gjennom pandemien. Det har gjort at folk har følgt smitteverntiltaka i stor grad, og at me har fått god vaksinedekning utan at tvang var involvert.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Me trur strukturane i det norske samfunnet var viktige for handteringa av pandemien.
Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.