Politikk
Regjering utan retning
Det kan bli lenge til dei borgarlege partia klarer å lage eit truverdig regjeringsalternativ att, meiner Minerva-redaktør Nils August Andresen.
Erna Solberg tok eit sjølvportrett med kabinettet sitt 22. januar 2019, etter at KrF hadde kome inn i regjeringa. Eitt år seinare gjekk Frp ut.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
At dei fire borgarlege partia tapte valet, er som ein kan vente etter åtte blå år. Men regjeringssamarbeidet viste òg kor vanskeleg det er å sameine desse partia, og det kan bli lenge til Noreg igjen får ei borgarleg regjering, meiner Nils August Andresen. Han er ansvarleg redaktør i det konservative tidsskriftet Minerva, utdanna historikar, og var ein kort periode rådgjevar for stortingsgruppa til Høgre.
– Ikkje sidan Einar Gerhardsens tid har ei norsk regjering klart å sitje i meir enn åtte år. Det normale er at regjeringsparti misser oppslutnad, og slik sett er det ikkje overraskande. Men dette er òg det svakaste valresultatet for borgarleg side sidan krigen. Så ja, det er eit dårleg resultat, seier Andresen.
– Kvifor tapte regjeringspartia så klart?
– Når dei borgarlege partia ikkje klarer å samarbeide, blir det vanskeleg å selje ein visjon til veljarane. Partia på venstresida kan krangle om mykje, men det er lettare for dei å samle seg om nokre ting dei er samde om, som å redusere dei økonomiske skilnadene. Splittinga er djupare på borgarleg side, partia har mindre felles å falle attende på. Det er fire parti der tillitsmannskorpset til dels hatar kvarandre, og da er det vanskeleg å skape entusiasme kring eit felles prosjekt.
Misbrukt sjanse
– Meiningsmålingar tyder på at dei aukande skilnadene har blitt viktigare for veljarane. Det var ikkje ei god sak for denne regjeringa?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.