Politikk
Reform i retur
Ei oppsplitting av regionreformkolossen Viken kan verte både dyr og vanskeleg, men er likevel kan hende det beste på sikt. Det meiner professor Jørn Rattsø ved NTNU.
Det er for mykje som splittar SV, Ap og Sp til at dei har funne grunn til å gå i regjering saman no. Men ein av tinga dei tre har vore heilt samde om sidan lenge før både valet og sonderingane, er at dei ønskjer å oppløyse fylka som Høgre, Frp, Venstre og KrF slo saman med tvang.
Buskerud, Akershus og Østfold vart til kolossen Viken, Oppland og Hedmark vart gjorde til Innlandet og Troms og Finnmark vart eitt, mot fleirtala i eigne fylkesting.
Samanslåingane tredde i kraft fyrst 1. januar 2020, men vart vedtekne og har vore jobba med sidan 2017. Er det då praktisk mogleg å løyse opp dei tre regionane i dag, eller har samanslåingsprosessane kome for langt?
Ja, det lèt seg gjere, og for eitt av dei samanslegne fylka er det kan hende òg det beste på sikt, men det vert òg både vanskeleg og kostnadskrevjande. Det meiner Jørn Rattsø, som er professor i samfunnsøkonomi ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU).
– Viken og Finnmark og Troms ser vanskelegare ut å leve med enn dei andre. Det vellukka regionar rundt om i verda har sams, er at dei har tyngdepunkt i ein by. Viken er ein smultring rundt storbyen, og i nord er ikkje Tromsø eit samlingspunkt for regionen. Begge delar er vanskelege konstruksjonar. Dei nye regionane som er enklast å forsvare, er Agder og Trøndelag, seier han.
– Må løyse meir
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.