JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Noko har skjedd med Arbeidarpartiet

Eitt valnederlag. Éin historisk augneblink. To diagnosar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Partileiar Jonas Gahr Støre på valvaka i Folkets hus i Oslo måndag kveld. Valresultatet gav ikkje grunn til å feire.

Foto: Terje Pedersen / NTB

10986
20230915

Bakgrunn

Arbeidarpartiet fekk 21,9 prosent av røystene i kommunevalet.

Høgre fekk 4 prosentpoeng fleire røyster enn Ap.

Dette er første gongen sidan 1924 at Ap ikkje er størst i eit norsk val.

Finn Olstad er historikar med arbeidarhistorie som spesialfelt.

Hans Olav Lahlum er forfattar, historikar og SV-politikar og har skrive fleire bøker om tidlegare Ap-leiarar.

Politikk

peranders@dagogtid.no

Kommunevalet 2023 vart historisk: Dette var første gongen på 99 år at Arbeidarpartiet ikkje vart det største partiet i Noreg ved eit val. Ap fekk 21,6 prosent av røystene, medan valvinnar Høgre fekk 25,9 prosent. Dette er det førebelse lågmålet i ein lang, negativ trend for Ap. I 1950-åra fekk Arbeidarpartiet nærare 50 prosent av røystene i fleire val. Stortingsvalet i 1985 var siste gongen Ap fekk over 40 prosent av røystene, og kommunevalet i 2015 var siste gongen partiet fekk over 30 prosent.

I historiske augneblinkar er det naturleg å gå til historikarane. Først Finn Olstad, som sjølv er gammal Ap-mann og mellom anna har skrive bøkene En historie om Arbeiderpartiet (2021) og Einar Gerhardsen. En politisk biografi (1999). Noko av den lange tilbakegangen til Arbeidarpartiet følgde av store samfunnsendringar og var neppe til å unngå, slik Olstad ser det.

I skvis

– Samfunnet endra seg, og industrien gjekk attende. Det vart fleire funksjonærar, fleire kvinner kom ut i arbeidslivet, og Arbeidarpartiet måtte vende seg til nye grupper. Langt på veg slutta Arbeidarpartiet å vere eit arbeidarparti. Dette skiftet var mest tydeleg under Gro Harlem Brundtland (partileiar i 1981–1992, red.merk).

Ap klarte å rekruttere nye veljargrupper, men kom samstundes i ein slags skvis, meiner Olstad.

– Partiet stod med beina i to leirar. Somme heldt framleis fast ved det tradisjonelle sosialdemokratiet. Samtidig kom det nye politikarar som var marknadsorienterte og meir opptekne av globalisering og Noregs plass i verda enn av nasjonale løysingar. Jonas Gahr Støre er ein utprega verdipolitikar med europeisk orientering, og lite oppteken av interessepolitikk.

Eit brot

Olstad meiner Ap langt på veg har brote med tradisjonen sin.

– Partiet kallar seg sosialdemokratisk, men det er lite att av dei tradisjonelle sosialdemokratiske løysingane. Og straumkrisa er eit godt døme på dette. Politikken ville neppe vore annleis med ei Høgre-leidd regjering. Men straumkrisa er verre for Ap, fordi ho råkar grunnfjellet til partiet. Jonas Gahr Støre har vore uheldig, men Arbeidarpartiet bidreg til krisa med energipolitikken dei fører.

– Var ikkje straumstøtta eit forsøk på handtere dette på sosialdemokratisk vis?

– Eg opplever straumstøtta som ein merkeleg konstruksjon. Først tek dei inn pengane, så gjev dei noko av dei attende.

Slik Olstad ser det, har Noreg ein politisk elite med mykje sams, som er sterkt prega av omsynet til EØS-avtalen og byråkratiet i statsapparatet.

– Her står Ap og Høgre for mykje av det same. Dei to er truleg dei to partia som ligg kvarandre nærast.

– Politikken til den sitjande regjeringa når det gjeld arbeidsliv og privatisering av velferd, er vel prega av tradisjonell venstresidetenking?

– Ja, det er framleis skilnader. Det er mange positive tiltak, men dei druknar i andre ting som folk oppfattar som viktigare. Eg trur mange har ei kjensle av at regjeringa ikkje tek omsyn til vanlege folk.

Sprik

Arbeidarpartiet har ambisjon om å trekkje til seg mange ulike typar veljarar. Men dette skaper òg problem for partiet, meiner Olstad.

– Ap har meir indre sprik enn alle andre parti. Det gjer at politikken kan bli uklar, slik vi ser no. Mindre parti kan ha ein klarare profil på dei felta dei er mest opptekne av.

– Ap har teke opp i seg mange av konfliktlinene i samfunnet og handtert dei internt. Det gjekk an så lenge dei hadde oppslutnad frå 40 prosent av veljarane. Men er det mogleg å romme det spennet no?

– Eg har ikkje noko patent svar på det. Ap vart eit stort parti i ein spesifikk historisk situasjon, og det er ikkje sikkert det er mogleg å oppretthalde den posisjonen i dag.

Lyttepostar

Olstad er òg usikker på kor god kontakt partileiinga har nedover i apparatet.

– Eg er ikkje overtydd om at partileiinga har særleg god kontakt med grasrota. I stordomstida til partiet var leiarane gode til å snakke med folk og finne ut kva dei var opptekne av. Slik fekk leiinga innspel og eit korrektiv. Eg tviler på at den politiske klassen no er like flink til det. Dette er eit generelt problem i politikken, men det råkar Ap hardt.

– Somme hevdar at Ap no er Oslo-dominert og sentralstyrt. Men partiet var vel meir toppstyrt før, og partidisiplinen mykje sterkare?

–?Ja, det stemmer. I Gerhardsens Ap vart folk i stor grad fortalde kva dei skulle meine, av leiinga. Partiet var meir sentralstyrt og mindre demokratisk enn no, men leiarane var samtidig gode til å følgje med på kva folk snakka om på arbeidsplassane.

Nye parti

– Nedgangen til Arbeidarpartiet er ikkje unik. Dei breie folkepartia er i krise over heile Europa.

– Ja, dei er det, og dei sosialdemokratiske partia er råka ekstra hardt. Arbeidarpartiet i Noreg har greidd seg betre enn mange andre, mykje på grunn av den sterke fagrørsla. Men politikarane slit med å fange opp straumane i folket, og misnøye og utanforskap breier om seg i urovekkande grad.

At det kjem nye parti i landskapet, er i seg sjølv berre sunt, meiner Olstad.

– Framveksten til Industri- og næringspartiet er eit teikn i tida. Dei ser ut til å fronte ein del av det sosialdemokratiske tankegodset og har hatt gjennomslag i ein del lokalsamfunn der Ap har stått sterkt. Det viser at det er politisk interesse for tradisjonell sosialdemokratisk politikk.

– Det dømet viser òg noko av dilemmaet for Ap: Dei må både verke seriøse på klimafeltet og vere positive til oljeutvinning og industri. INP kan sjå bort frå heile klimaproblemet.

– Ja. Det er slikt du kan gjere når du er eit lite og uansvarleg parti, seier Olstad.

– Kritisk

Hans Olav Lahlum er ein annan historikar med sterk interesse for Arbeidarpartiet. Han har mellom anna skrive bøker om Ap-politikarane Oscar Torp, Haakon Lie og Reiulf Steen. Men Lahlum er òg politikar for SV i Innlandet og Gjøvik. Det kan vere eit habilitetsproblem, så vi må be han om ei sjølvmelding først:

– Korleis vil du skildre forholdet ditt til AP?

– Som politikar ser eg på Arbeidarpartiet som gode naboar. Eg har samarbeidd med Ap-folk i både kommunen og fylket, og iblant hatt usemje med dei.

– Ut frå kunnskapen din om helsetilstanden til Ap gjennom dei siste 100 åra: Kva er diagnosen din no?

– Partiet er i ein ganske kritisk situasjon. Sidan dei sit med regjeringsmakta dei neste to åra, er det enno mykje dei kan gjere, men dei er under press. Om trenden held, blir valet i 2025 ein katastrofe.

Lahlum meiner hovudårsaka til tilbakegangen er at regjeringsprosjektet med Senterpartiet ikkje har lukkast dei første to åra.

– Regjeringa har ikkje levert slik mange håpa. Men det skal seiast at det har vore ein krevjande situasjon med Ukraina-krig og kraftkrise. Dette ville vore vanskeleg same kva regjering som sat med makta.

Trass i det svake valresultatet kjem ikkje Støre til å bli utfordra som partileiar og statsminister dei neste to åra, trur Lahlum.

–?Det er ingen utfordrarar. Det er ein del misnøye i partiet, men partileiinga verkar ganske samla. Så er det somme kritikarar som vil kvitte seg med heile partileiinga, men det er ikkje realistisk.

Paradoks

– Kritikken av partileiinga er mangfaldig: Somme hevdar at Ap er elitestyrt og Oslo-dominert. På den andre sida får Ap kritikk for vingling og svak styring.

– I gamle dagar var styringa av partiet mykje fastare, men det er ingen veg attende dit. Sentralstyret kan ikkje lenger bestemme kven dei skal danne fleirtal med rundt om i kommunane. Eg trur ikkje sentralstyringa er for sterk, det er meir eit problem at regjeringa ikkje leverer som mange håpa.

Lahlum trekkjer fram ein annan skilnad frå Gerhardsen-epoken: I det gamle Ap var det nulltoleranse for alt som kunne likne på utnytting av politisk posisjon til personleg vinning.

– Sonen til Oscar Torp (statsminister i 1951–1955, red. merk.) utnytta eit smetthol i skattelova for å redusere skatten sin. Det han gjorde, var lovleg. Men Torp betalte likevel inn det same beløpet til statskassa, fordi han meinte det var uakseptabelt. Tida har endra seg, men slike mistankar kan nok framleis skade Arbeidarpartiet. Det var ikkje noko pluss for Ap med habilitetssakene og Anniken Huitfeldt-saka som kom opp rett før valet. Det er slikt som kan henge over deg som politikar.

Urimeleg

Noko av kritikken mot Jonas Gahr Støre har vore urimeleg, meiner Lahlum.

– Støre kjem frå ein borgarleg familie, og han er rik. Han kom seint inn i arbeidarrørsla og har brukt tid på å setje seg inn i ting. Men det er jo ein idealisme i det. Ein kan sjå Støre som Aps store adoptivson. Det er trist om folk har fordomar mot ein person på grunn av klassebakgrunnen hans.

– Ap har hatt eit krevjande år på regjeringsnivået. Men om vi deler opp regjeringsnivået, har utfordringa vore statsrådar meir enn statsministeren sjølv. Støre sjølv har klart seg ganske bra, seier Lahlum.

– Truleg er det eit større problem om politikken blir oppfatta som utydeleg. Ap må inngå mange kompromiss. Dei samarbeider med eit sentrumsparti i regjering, AUF trekkjer dei mot venstre, dei må ta omsyn til LO, dei må inngå miljøpolitiske kompromiss. Aps styrke er å vere allsidig, men det kan bli ein veikskap om dei ikkje har eigarskap til viktige saker.

– Det ser ut til å vere eit problem no: På somme meiningsmålingar i år har ikkje Ap kome ut som partiet med størst truverd på eit einaste saksfelt.

– Ja, det er ikkje bra. Skal du vere det største partiet, bør du ha ein del sakseigarskap.

Ikkje over enno

– Ap har i periodar vore gode til å sameine ulike interesser i same parti. Blir det vanskelegare når oppslutnaden minkar, og det er fleire parti med skarpare profil?

– Det er rett at partilandskapet no er meir fragmentert. Også Høgre hadde større stortingsgruppe på 1980-talet enn i dag, og det er fleire mindre parti inne på Stortinget no. Men anten oppslutnaden er på 20 eller 35 prosent, må du ha rom for ganske mange ulike ting i eit parti. Om du blir utydeleg eller vinglete, er det derimot eit problem.

Nett det har vore ein viktig del av kritikken mot Jonas Gahr Støre, både som partileiar og statsminister. Men Hans Olav Lahlum tek det ikkje for gjeve at leiartida til Støre kjem til å ende trist om to år.

– Støre var kanskje på sitt beste som utanriksminister, men eg vil vere varsam med konkludere enno. To år inn i første presidentperioden til Bill Clinton såg det meste mørkt ut, så snudde det. «Ei veke er lang tid i politikken», sa ein britisk statsminister ein gong. Om regjeringa får to år på seg til å konsolidere politikken, og får litt arbeidsro, kan ting endre seg. Det største slaget står i 2025, seier Hans Olav Lahlum.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis