JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Nederlagsforteljingar

Teoriane om arbeidarpartifallet er mange. AUF-leiar Astrid Hoem spør om partiet har klart å gje unge ei tru på framtida.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Astrid Hoem er leiar i AUF.

Astrid Hoem er leiar i AUF.

Foto: AUF

Astrid Hoem er leiar i AUF.

Astrid Hoem er leiar i AUF.

Foto: AUF

5183
20230915

Samtalen

Astrid Hoem

AUF-leiar

Aktuell

Arbeidarpartiets tilbakegang i kommune- og fylkestingsvalet

christiane@dagogtid.no

– Arbeidarpartiet har mista statusen som det største partiet i landet, for første gong på om lag hundre år, og no kappast politikarar og kommentatorar om å presentere den mest truverdige historia om kvifor. Kva meiner du er hovudforklaringa?

– For det første er det altfor dårleg, og vi ligg for lågt i alle veljargrupper. Samtidig trur eg ikkje at dei som presenterer den sanne historia så kort tid etter valet, er dei som har rett. Det tar tid å gå grundig gjennom valet for å finne ut kva som har vore problema, og det skal vi bruke tid på i AUF.

– Men du har kanskje nokre foreløpige tankar?

–?Ja, eg trur at høgresida mange stader har klart å snakke ned konfliktlinjene i norsk politikk. Det gjeld saker som privatisering, kva ein bruker offentlege midlar på, og om ein skal nytte pengar på velferd eller på å kutte i eigedomsskatten. Og så trur eg også vi har lege for lågt for lenge i for mange grupper. Då kan vi ikkje berre seie at veljarane har misforstått oss – det er vi som har gjort ein for dårleg jobb med å byggje tillit hos folk. No må heile Arbeidarpartiet ta ansvar for å finne ut korleis vi skal nå ut med dei løysingane som eg reelt meiner er dei beste for folk. Eg trur også at vi må klare å vere det politiske partiet som gjev håp for framtida, særleg for den unge generasjonen. Det handlar om å stake ut ein kurs. Vi må vite og vise kva samfunn vi ønskjer.

–?Ja, skulevalet gav ein forsmak på kva som skulle kome. Den blå bølgja ser ut til å femne breitt. Kva gjer at dei borgarlege no appellerer så sterkt til mange unge?

–?No har ingen parti i posisjon vunne skulevalet, med unntak for Ap i 2011. Målet vårt i år var å bryte den historikken og vinne, men det klarte vi ikkje. Eg trur det er fleire grunnar. Vi kom for seint på banen på TikTok, slik at høgresida kunne forklare kven vi var, kome med sine løysingar og setje agendaen før vidaregåandeelevar møtte til skuledebatt. Eg trur også at vi må sjå på om vi godt nok har klart å nå fram til gutane, og om det har vorte ei større polarisering mellom kjønna som vi ikkje har teke høgd for.

– Få dagar før valet sa den no avtroppande byrådsleiaren i Oslo Raymond Johansen til Klassekampen at venstresida støyter unge menn frå seg ved å vere for moralsk sjølvtilfreds – for woke. Har han eit poeng?

– Eg bryr meg ikkje om woke-debatten. Det er ein importert kulturkrig frå USA og eg bruker korkje omgrepa woke eller anti-woke. Eg trur at mange har laga eit fiendebilete der venstresida er ein wokegjeng. Det som uroar meg då, er at vi ikkje får diskutert dei reelle utfordringane. Som at unge gutar ikkje får lærlingplass eller ikkje fullfører skulen, eller at dei som slit psykisk, får den hjelpa dei treng. Eg trur kulturkrig er eit sidespor.

Fleire lokale Ap-kandidatar luftar i desse dagar djup frustrasjon over ei regjering og partileiing som dei meiner har gjort lokalvalet vanskeleg for dei. Er det på tide med nytt leiarskap i partiet?

– Nei, no har det nett vore landsmøte, der det var einstemmig oppslutning om heile partileiinga. Så eg meiner vi må gå i oss sjølve og spørje om vi klarer å nå ut med bodskapen vår. Har vi dei politiske løysingane som faktisk gjer at folk får like vilkår? Klarer vi å byggje framtidstru? Får vi ein persondebatt no, så trur eg ikkje at vi klarer å ta den debatten, for då går vi ikkje i oss sjølve.

– Regjeringa har over tid forklart låg popularitet med dyrtida vi er inne i. Kor truverdig er den forklaringa?

– Eg trur det er ein del av forklaringa, men ikkje heile forklaringa. Vi må spørje om vi har treft godt nok med politikken og med historieforteljinga om det norske samfunnet i dag. Har vi forstått tida vi lever i godt nok?

–?Ein del lokale Ap-folk har peikt på senterpartisigrar som problematiske. Som at pengar i krisetid har vorte brukte på oppsplitting av kommunar og nye politikontor. Kjenner du på den same frustrasjonen?

–?Det er ikkje hemmeleg at AUF ønskte SV med då vi gikk i regjering, og også ønskjer det i framtida. Eg meiner vi må bruke tid på å byggje eit raudgrønt lag, der alle tre er i regjering.

– Trur du ei regjering med SV ville vore meir populær?

– Det er vanskeleg å svare kontrafaktisk, men SV er det einaste partiet på venstresida som har gått litt fram. Vi har gått frå 100 raudgrøne mandat i 2021 til det resultatet vi ser no med borgarleg fleirtal. Skal vi klare å demme opp for det i 2025, treng vi ei regjering som kan få fleirtal. Eg meiner også at vi politisk står betre når Ap, Sp og SV står samla.

– Kan forklaringa på høgrebølgja rett og slett vere at dei blå partia har utvikla ein politikk folk har tru på for tida?

– Nei, eg meiner Høgre har sete stille i båten utan å vise korta sine. No skal dei styre fleire av dei største byane. Eg håper at dei ikkje skal privatisere og kutte i velferda, men eg trur det ikkje før eg får sjå det. Eg trur vi vil få sjå dei reelle konsekvensane av høgrepolitikken ganske snart.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Natur er ikkje berre idyll. Kvart år blir over 100.000 lam og sau borte på beite, dei fleste døyr av sjukdom eller ulukker.

Foto: Paul Kleiven / NTB

KunnskapFeature

Dauden i utmarka

Ei framtid utan konflikt mellom rovdyr og beitedyr er ikkje tenkjeleg.

Arve Nilsen

Det norske damelandslaget etter å ha vunne sitt fyrste EM. F.v. trenar Leif-Erik Stabell, Torild Heskje, Gunn Tove Vist, Bodil Nyheim Øigarden, Liv Marit Grude, ikkje-spelande kaptein Anne-Lill Hellemann, Marianne Harding og Ann Karin Fuglestad.

Foto: Torild Heskje

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

EM-eufori

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Det tyske Ensemble Polyharmonique.

Foto frå nettsida til gruppa

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Lite skakande

Ungdomsverka til Heinichen og Telemann treng meir livfull musisering.

Jack Grealish iført dei minste leggbeskyttarane det er mogleg å oppdrive. 

Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB

SportFeature
Maren

Lukta av leggbeskyttarar

Leggen er klart ein utsett kroppsdel i fotball.

Det er berre to ferieområde ved Svartehavet som er tilgjengelege for ukrainarar i det frie Ukraina: Mykolaiv og Odesa fylke. Her frå Svartehavet i 2020.

Foto: Sergei Poliakov / AP / NTB

Samfunn

Krig invaderer sommaren

Førre helg kunne hotell i Odesa melde «Fullt» for første gong sidan starten på fullskalakrigen.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis