Politikk
Når folket set grenser
Få hadde spådd at striden om storfylket Innlandet skulle utvikle seg til ein politisk thriller.
Kart frå Norsk Allkunnebok Atlas, Fonna Forlag
Det starta kontrollert. Då fylkestingsrepresentantane i Innlandet skulle ta stilling til fylkeskommunens framtid den 7. desember i fjor, trudde dei fleste at resultatet var gjeve på førehand.
Sjølv om storfylket Innlandet vart skipa mot fleirtalets vilje i både Hedmark og Oppland, var Arbeidarpartiet no samd med Høgre, Venstre og KrF i at blikket skulle rettast framover. Dei ville ikkje reversere fylkessamanslåinga, men halde stø kurs.
Klart råd
I sakspapira gav fylkeskommunedirektøren dei til saman 57 representantane eit krystallklart råd om kva dei burde vedta: «Innlandet fylkeskommune setter ikke i gang en prosess med søknad om oppdeling av Innlandet fylkeskommune.»
Ap, Høgre, KrF og Venstre ville følgje dette rådet, og dermed talte dei som no ville halde Innlandet samla, 29 representantar. Dei som kan rekne, ser at fleirtalet var skjørt. Eit einaste avvik kunne vippe det, men kva var sjansane for noko slikt?
På motsett side kravde Senterpartiet folkerøysting, og hadde fått fleire av dei mindre partia med seg. Framstegspartiet fekk ein politisk godbit med i forslaget. Dei ville også be regjeringa greie ut fylkeskommunen som forvaltingsnivå.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.