Politikk
Meiner folk må skjerpe seg
Det er ikkje lova det er noko gale med, meiner Ketil Solvik-Olsen. Problemet er oppførselen til folk på elsparkesykkel.
Som samferdsleminister likestilte Ketil Solvik-Olsen elsparkesyklane med vanlege syklar. Det vedtaket står han inne for.
– Eg meiner det var heilt rett å tillate både elsykkel og elsparkesykkel. Problemet er ikkje at det manglar reglar, men at folk ikkje følgjer reglane, seier Solvik-Olsen, som no er nestleiar i Framstegspartiet.
– Det er to hovudproblem med bruken av elsparkesyklane: Folk køyrer for fort på fortaua, og det skaper kaos i gatebiletet når folk slengjer dei frå seg. Det er ikkje regelverket som er problemet, men kulturen.
– I 2018 kunne du neppe sjå for deg kor mange elsparkesyklar som skulle kome dei neste åra?
– Vi såg for oss at bruken av elsparkesykkel kom til å ta seg opp. Men forsøplinga av byrommet vart mykje verre enn eg hadde venta.
– Det er over 20.000 elektriske sparkesyklar i Oslo, truleg fleire enn nokon anna by i Europa. Er det eit sunt tal?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.