JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Medvind for Merkels mann

Valet i den vesle austtyske delstaten Sachsen-Anhalt vart ein uventa opptur for Armin Laschet, mannen som håpar å bli Tysklands neste kanslar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Partileiaren i CDU, Armin Laschet, då han heldt tale i samband med valkampstarten i Berlin 30. mars i år.

Foto: Michael Kappeler / AP / NTB

10851
20210611
10851
20210611

Det er val til Forbundsdagen i september, og Tyskland ser ut til å tørste etter forandring. I ei fersk måling frå det velrenommerte Allensbach-instituttet seier 60 prosent at dei vil ha regjeringsskifte. Akkurat det er det slett ikkje sikkert at dei får.

Ei ny tid er uansett i emning. Det er heilt sikkert at landet kjem til å få ny regjeringssjef. Angela Merkel takkar for seg etter 16 år som kanslar. Partiet Dei grøne går til val med ein eigen kanslarkandidat. Det har dei aldri gjort før. Dei gjer det fordi dei for første gong i historia har ein reell sjanse til å få posisjonen.

Konservativt valskred

Interessa for valet i den vesle austtyske delstaten var usedvanleg høg denne gongen. Grunnen er at ytre høgre-partiet Alternativ for Tyskland (AfD) heilt fram til sluttspurten såg ut til å kunne bli det største partiet i delstaten. Hadde det skjedd, ville det skapt ei nasjonal krise.

På valkvelden var det full fest på den tyskspråklege twitterstraumen eg følgjer. For AfD-vart ikkje størst. Dei fekk berre 20,8 prosent av stemmene. Då Hajo Funke, professor i statsvitskap ved Freie Universität Berlin, analyserte delstatsvalet for internasjonal presse denne veka, omtalte han resultatet som eit nederlag for AfD. Han sa også at partiet har mista moment, og at dei kjem til å tape stort i valet i haust.

Funke er ein av Tysklands fremste ekspertar på politisk ekstremisme. Han har bakgrunn frå den politiske venstresida og er blant dei som gler seg over resultatet i Sachsen-Anhalt.

Angela Merkels partifellar i CDU vart den soleklare vinnaren i dette delstatsvalet. Partiet fekk 37 prosent av stemmene. Ei veke før valet var AfD og CDU jamstore på målingane. Det endra seg då den lokale CDU-toppen Reiner Haseloff garanterte at han aldri under nokon omstende kom til å samarbeide med AfD. Det var ei naudsynt avklaring. Partiet hans er delt i synet på konkurrenten på ytre høgre fløy. Nokre vil samarbeide, andre vil overta retorikken og kampsakene. Det var Haseloffs nei til AfD som gjorde partiet hans til valvinnar.

Radikalt parti

Det er eit teikn på ei nesten avgrunnsdjup splitting i det tyske samfunnet når eit så radikalt parti som AfD i Sachsen-Anhalt får ei av fem stemmer i val. Dei er blant dei aller mest ekstreme innanfor eit svært ytterleggåande parti.

Tryggingstenesta (Verfassungs­schutz) i Sachsen-Anhalt klassifiserer delstatspartiet som ekstremistisk. Grunngjevinga er at dei meiner partiet ikkje aksepterer dei demokratiske spelereglane som ligg i landets grunnlov. Tryggingstenesta ser på AfD som ein fiende av demokratiet.

Når AfD-medlemmene omtaler andre tyske parti, brukar dei ofte samleordet «dei gamle partia». I mange tilfelle er dette ein enkel, populistisk oss mot dei-retorikk. Men i Sachsen-Anhalt, og i dei fleste austlege delstatar, har det ifølgje vurderingane til tryggingstenesta også ei anna tyding. Dei mest sentrale AfD-politikarane i aust ønskjer seg eit samfunn som er grunnleggjande annleis enn dagens Tyskland. Det programmet AfD i Sachsen-Anhalt stilte til val med, var eit program som ville ha tatt delstaten eit godt stykke i denne andre retninga.

Programmet var for ein stor del ført i pennen av ein politikar som heiter Hans-Thomas Tillschneider. Eg møtte Tillschneider då eg arbeidde med boka Det mørke Tyskland. På dette tidspunktet var Tillschneider nyleg blitt klassifisert som ein høgreekstrem person av den nasjonale tyske tryggingstenesta. Det er ikkje mange einskildpersonar som står oppført på denne lista, så Tillschneider er ein politikar som har blitt lagd merke til. Då eg spurde han om lista, gav han uttrykk for ei haldning som er utbreidd i det miljøet han er ein del av. Det er at tryggingstenesta driv med politisk forfølging av meiningsmotstandarar.

Ser til Ungarn

Då teatret i byen Halle sette opp eit teaterstykke Tillschneider meinte var «upassande», kravde han at byens teatersjef skulle miste jobben og bli erstatta av ein «karakter av typen Attila Vidnyánszky». Vidnyánszky er mannen som vart direktør ved nasjonalteateret i Ungarn etter at landets leiar Viktor Orbán fjerna forgjengaren. Tillschneider og hans likesinna ser Orbáns trinnvise avvikling av det ungarske folkestyret som ein førebiletleg statsmodell.

Dette er eit miljø der mange er ivrige lesarar av Carl Schmitt, som var den leiande rettsteoretikaren i Weimarrepublikken. Det er særleg Schmitts tankar om unntakstilstanden, det at sann suverenitet er å ha makt til å innføre juridisk unntakstilstand og hans karakteristiske ven–fiende-tenking, som er viktig for hans tilhengarar i AfD.

Store problem

Sjølv om ei ny tid er i emning, viser delstatsvalet i Sachsen-Anhalt at noko framleis er ved det gamle. Og det er at når Sachsen-Anhalt blir diskutert på den nasjonale arenaen, så handlar det om problem. Delstaten har den lågaste forventa levealderen i heile Tyskland. 20 prosent av innbyggjarane er fattige.

Dei veljarane som stemte på AfD, er ei gruppe dei aller fleste tyskarar ikkje likar å snakke om. Då eg spurde Hajo Funke om dei, sa han at dette er folk som i si tid vart sosialiserte innanfor rammene til den autoritære staten DDR. Difor er dei meir tilbøyelege enn andre til å stemme på eit autoritært parti. Dette er ein generasjon som har sett samfunn bryte saman, og som har levd gjennom ein økonomisk kollaps. Dei siste 30 åra har dei navigert i eit samfunn der massearbeidsløyse er avløyst av eit arbeidsliv der 32 prosent av arbeidstakarane har jobb i lågtlønssektoren. Innbyggjarane er misfornøgde og meiner resten av landet ser på dei som annanrangs borgarar.

AfD og veljarane deira er så uglesette at det verkar som dei fleste tyskarar helst ikkje vil snakke om dei. Med unntak for ei særs konservativ gruppering innanfor Angela Merkels CDU er det heller ingen av dei parlamentariske partia som vil snakke med AfD.

Marco Wanderlitz, som er ombodsmann for dei austlege delstatane i den tyske regjeringa, har sagt at han ser på dei godt vaksne AfD-veljarar som ein tapt generasjon. No ser det ut til at endå fleire generasjonar er i ferd med å gå tapt. I Sachsen-Anhalt vart AfD det største partiet blant veljarar under 30 år.

Eit parallelt univers

Ein grunn til at folk stemmer på det omstridde partiet, er at dei rett og slett har meldt seg ut av den offentlege samtalen. Ein ny studie frå Otto Brenner Stiftung viser at dei tradisjonsrike (vest-)tyske kvalitetsavisene nesten ikkje blir lesne i aust. Berre 2 prosent av opplaget til Süddeutsche Zeitung blir selt i aust. For Frankfurter Allgemeine Zeitung og nyhendemagasinet Der Spiegel er talet 3,4 prosent.

I aust orienterer innbyggjarane seg gjennom andre kanalar. Stadig fleire ser ut til å bli flittige brukarar av nettmedium der alternative fakta og konspirasjonsteoriar speler ei sentral rolle. Etter at pandemien slo inn, har protestar mot smitteverntiltaka til den tyske regjeringa blitt ei vinnarsak som har trekt endå fleire menneske inn i dette parallelluniverset. AfD jaktar målretta på veljarar i desse gruppene.

Eit varsla nederlag

Det som skjedde i Sachsen-Anhalt, får følgjer for valet i haust. Denne veka har tyske aviser vore fulle av kommentarar som uttrykkjer glede over at AfD snart vil forsvinne frå tysk politikk. Presset mot partiet er stort, og det kjem frå mange kantar. I januar i år vart det kjent at tryggingstenesta ønskjer å overvake heile AfD. Grunnen er at dei trur at den grupperinga som kontrollerer AfD i Sachsen-Anhalt og dei fleste andre austlege delstatane, i realiteten styrer heile partiet.

I fjor auka den politisk motiverte valden i landet kraftig. Terrorangrepet i byen Hanau, der ni personar vart myrda på open gate av ein rasist, var den mest dramatiske hendinga. Men det var ikkje den einaste. I Tyskland er det ei utbreidd haldning at AfD-retorikk har bidratt til valden. Det er ikkje tale om eit ansvar i juridisk forstand.

Det handlar om at ein meiner AfD formidlar haldningar som motiverer valdsmennene til handling. Då Hajo Funke snakka med internasjonal presse denne veka, sa han at «hets mot minoritetar fører til eskalering av vald. Endeleg ser ålmenta samanheng mellom hets og vald. Det taper AfD på».

At partiet får 20 prosent i eit delstatsval i denne situasjonen, er oppsiktsvekkjande. Endå meir oppsiktsvekkjande er det at partiet på landsbasis har vakt rundt 10 prosent dei siste månadene. Det tyder på at dei mest optimistiske analysane om partiets snarlege undergang er baserte på politisk ønsketenking.

Grøne og sperregrensa

Delstaten Sachsen-Anhalt ligg langt utanfor komfortsona til partiet Dei grøne og kanslarkandidaten deira, Annalena Baerbock. Partiet har aldri lukkast godt i denne delstaten. Dei gjorde det heller ikkje no, sjølv med ein historisk medvind på nasjonalt plan.

Det handlar delvis om kultur. Dei grøne er liberale, folk i Sachsen-Anhalt er konservative. Delstaten har også ein kolindustri som skal fasast ut dei neste åra, som følgje av Tysklands ambisiøse klimapolitikk. Nett korleis dette skal skje, er ei politisk nøtt.

Arbeidsplassane i kolindustrien er viktige i ein delstat med svak næringsstruktur. Alle veit at Dei grøne er partiet som vil leggje minst vekt på ønska til den lokale næringslivet og mest vekt på dei nasjonale klimamåla. Partiet hamna difor like over sperregrensa. Men ettersom det var forventa at dei kom til å gjere eit elendig val, er det heller ingen som trur at det vil slå negativt ut for partiet i forbundsdagsvalet.

Eigentleg valvinnar

Den som vann mest i Sachsen-Anhalt, var Armin Laschet og CDU. Laschets parti er prega av regjeringsslitasje og indre stagnasjon etter 16 år med regjeringsmakt. Etter at han vart leiar for CDU, har Laschet snakka mykje om at Tyskland treng fornying. Men det er ikkje mykje med Laschets person som ber bod om forandring.

Han er ein politikar med same temperatur og framtoning som Angela Merkel. Han har ikkje vunne fram på grunn av karismaen sin, men fordi han verkar truverdig og har oppnådd gode resultat over tid. Han følgjer også ein liknande politisk kurs som forgjengaren. Laschet er pragmatisk og sentrumsorientert.

Dei siste månadene har han vore under press frå ei gruppering i sitt eige parti som kallar seg WerteUnion. Dei vil at partiet skal leggje seg tettare opptil AfD. Valskredet i Sachsen-Anhalt gir medvind for CDU på nasjonalt plan. Og vinden blæs akkurat i den retninga Laschet ønskjer å dra partiet. CDU-suksessen i Sachsen-Anhalt kom då partiet orienterte seg eintydig mot sentrum.

Så sjølv om 60 prosent av veljarane ønskjer oppbrot, kan dei ende med å få kontinuitet.

Astrid Sverresdotter Dypvik

Astrid Sverresdotter Dypvik er forfattar og redaktør i Syn og Segn.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det handlar delvis om kultur. Dei grøne er liberale, folk i Sachsen-Anhalt er konservative.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Det er tradisjon for at reisande pyntar opp kupeane sine på Doguekspressen.

ReportasjeFeature

Doguekspressen

ANATOLIA: Sett frå ein togkupé midt inne i landet blir Tyrkia ubegripeleg.

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis