JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Med handel som våpen

Krigen i Ukraina har vist korleis økonomiske band kan gjere land sårbare. Kåre Dahl Martinsen ved Forsvarets høgskole åtvarar om kinesiske maktmiddel.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den russiske presidenten Vladimir Putin og den kinesiske presidenten Xi Jinping deler visjonen om ein multipolar verdsorden. Her under ein samtale i Usbekistan i september i fjor.

Sergei Bobylev / AP / NTB

9881
20230106

Bakgrunn

Kåre Dahl Martinsen

Professor ved Institutt for forsvarsstudium, Forsvarets høgskole.

Forskar på tryggingspolitikk.

Aktuell med boka Økonomisk krigføring på Cappelen Damm Akademisk.

Tryggingspolitikk

christiane@dagogtid.no

Boka Økonomisk krigføring, som kom i handelen denne veka, kunne knapt vore meir aktuell. I året som har gått, har heile verda kunna sjå korleis den russiske presidenten Vladimir Putin har nytta gass som våpen. Tyskland hadde over tid gjort seg avhengig av russiske leveransar og stod lagleg til for hogg då Russland invaderte nabolandet i februar i fjor.

Heile verda har også kunna sjå korleis Vesten har samla seg om å strupe russisk økonomi gjennom historisk strenge sanksjonar.

Begge delar kan omtalast som økonomisk krigføring – det vil seie målretta tiltak for å svekkje økonomien i eit anna land så mykje at det påverkar evna landet har til å forsvare seg, anten med økonomiske mottiltak eller med våpen.

Trua på frihandel

Økonomisk krigføring dreier seg i hovudsak om Russland, Kina, USA og EU og er skriven av professor Kåre Dahl Martinsen, som forskar på tryggingspolitikk ved Forsvarets høgskole. Han meiner krigen i Ukraina nettopp viser kor tett forholdet mellom handel og tryggleik er.

Han er langt frå åleine om det. Yara-sjef Svein Tore Holsether sa nyleg til E24 at Europa må gjere seg uavhengig av Russland når det gjeld tilgang på både mat og gjødsel.

Nato-sjef Jens Stoltenberg har den siste tida understreka at Nato-land ikkje må gjere seg avhengige av land som Russland og Kina og dermed sårbare.

Den erkjenninga står langt på veg i motsetnad til tankegangen som lenge har rådd, særleg i Tyskland, men også andre stader: Tanken om at handelen er fri, apolitisk og fredsskapande.

Trossa protestar

Martinsen trur den tyske tankegangen førte landet inn i gassrøyrsamarbeidet med Russland, trass i dei sterke protestane som kom frå fleire amerikanske presidentar og austeuropeiske land.

– Dels gjorde dei det ut frå ei tysk tru på at handel skaper forandring. Dels var handelen så lukrativ og billig for tyskarane at dette var eit argument i seg sjølv, seier Martinsen og held fram:

– Den tidlegare kanslaren Helmut Schmidt sa at «land som handlar med kvarandre, skyt ikkje på kvarandre». Det er jo ei eklatant historisk løgn. Før den andre verdskrigen hadde tyskarane økonomiske band til alle landa dei gjekk til åtak på. Så ingenting tyder på at handel dempar konfliktar dersom den eine parten er aggressiv.

Kritisk til Merkel

Martinsen seier det er ein skurk i boka hans, i tillegg til den openberre skurken Putin, og det er Angela Merkel, som sat som forbundskanslar frå 2005 til 2021, og som han meiner har vorte sterkt overvurdert i norsk medium.

– Er det ikkje mykje etterpåklokskap her? Russland kunne fått ein annan president enn Putin, og det var på ingen måte gjeve at Russland skulle utvikle seg i den retninga vi no har sett?

– Jo, det er mykje etterpåklokskap, og det vil verte mykje sjelegransking og sjølvpisking på vestleg side over at det gjekk som det gjekk. Likevel vil eg seie at Tyskland var grundig åtvara om konsekvensane av gassrøyrleidninga i Austersjøen, seier han og held fram:

– Nord Stream 2 ville ta frå Ukraina transittavgifta, som dei trong for å reformere landet. Så kom EU med eit tilbod om ei hjelpepakke til Ukraina som var nesten like stor som den transittavgifta som ville falle bort. I staden for å tene pengane sjølv skulle dei altså verte avhengige av overføringar frå Brussel. Dei baltiske landa, danskane og svenskane protesterte, men møtte ei lukka dør. Merkel sa at «eit russisk gassmolekyl er eit russisk gassmolekyl, uansett om det kjem via Austersjøen eller via Ukraina», som om det ikkje hadde ein politisk dimensjon. Det hadde det sjølvsagt, men Tyskland ville ikkje vere ved det.

Lo av Trump

Martinsen hugsar godt då den dåverande amerikanske presidenten Donald Trump åtvara Tyskland mot å gjere seg endå meir avhengig av russisk gass med Nord Stream 2, frå talarstolen i FN i 2018.

– Det var ein interessant augeblink og ein av dei sjeldan klare augeblinkane til Trump, for han hadde heilt rett. Men den tyske representanten reagerte med latter. Det var ikkje berre ein hån mot Trump, men også mot Tysklands naboland.

– Samtidig leverte Russland gass til Tyskland nett som planlagt?

– Absolutt. Det var enkelte avvik, men stort sett leverte Russland gassen. Det var jo også i deira interesse, for elles ville Tyskland sett seg om etter andre leverandørar.

Sanksjonar

Men kva med den økonomiske krigføringa Vesten no fører mot Russland? Verkar sanksjonane? Den korte påstanden frå Martinsen er ja.

– Sanksjonane mot Russland rammar ganske hardt fordi Russland er meir avhengig av import enn vi er av russisk energi.

–?Og det sjølv om vi kan lese i boka di at EU-land handla olje, gass og kol frå Russland heilt fram til 1. august i 2022, for meir enn 73 milliardar dollar, som var meir enn EU hadde lova i støtte til Ukraina?

– Ja, men dette er endra no. Den russiske inntekta gjekk ned med 45 prosent i 2022. Implikasjonen for Russland er at landet vert ein underleverandør til Kina. Det har Russland også sett, men kome til at er ein pris dei må betale.

Den 4. februar i fjor, berre veker før invasjonen, presenterte Putin og den kinesiske presidenten Xi Jinping ei venskapspakt i Beijing. Venskapen mellom dei skulle frå no av vere utan grenser, og saman har dei visjonen om ein multipolar verdsorden der USA er vippa ned frå trona som det mektigaste landet i verda.

– Du opnar boka di med scena der Putin og Xi erklærer grenselaus venskap. Kvifor er denne hendinga viktig?

– Fordi dei her set målsetjingane for den økonomiske krigføringa. Ein handelskonflikt dreier seg om marknadsdelar. Økonomisk krigføring dreier seg om å knekkje motstandaren.

Mektig Kina

Kina har skaffa seg ein langt mektigare posisjon enn Russland, som i hovudsak sel energi, mineral og korn. Kina har i dag den nest største økonomien i verda og har ambisjonar om å ta over posisjonen som den største.

I mange år har Kina hatt ein strategi for å gjere seg meir sjølvforsynt og overta leiinga i produksjonen av viktige varer. Til dømes har kinesarane strategisk kjøpt opp mineralselskap i Afrika, og dei har til dømes nær monopol på mineral som sjeldne jordartar og kobolt, som er viktig i produksjonen av grøn energi.

I Økonomisk krigføring kan vi lese at Kina har ført økonomisk krig mot vestlege land i ei årrekkje, ved hjelp av forskingsspionasje, tvungen overføring av teknologi og kunnskap frå samarbeidspartnarar, fiendtlege oppkjøp, skjult subsidiering, hacking og fiendtlege oppkjøp, men at dette lenge gjekk under radaren i EU.

Kina som rival

Martinsen skriv om to ytterpunkt: Det eine er perioden 2010–2013, då eit handlingslamma EU såg på at kinesiske varer vart dumpa på den europeiske marknaden, slik at europeiske produsentar gjekk konkurs.

Det andre ytterpunktet er 2019, då EU peikte på Kina som ein systemisk rival – fire år etter at den dåverande amerikanske presidenten Barack Obama skulda Kina for omfattande hacking av teknologibedrifter, forsking og forsvar.

– Kva skjedde mellom ytterpunkta?

– Ein vart merksam på at Kina sa ein ting og gjorde noko anna. Det var ein målretta politikk bak dei økonomiske åtaka på EU, seier Martinsen.

Den nye merksemda kring den kinesiske framferda førte til strengare direktiv og regelverk i EU. Det gjev enkeltlanda mindre høve til å prioritere økonomisk vinst framfor felleseuropeisk tryggingspolitikk.

– EU-kommisjonen har fått meir makt. Kina møter no eit regelverk som stengjer dei ute, og der politisk press får mindre å seie. Kina kan til dømes ikkje truge Tyskland med å stengje for tysk bileksport eller Frankrike og Italia med å stengje for vineksport. Det er ikkje mogleg å truge EU sentralt på same måte som Berlin eller Paris. Kina har i dag ingen eksplisitte støttespelarar i Europa, med unntak for statsministeren i Ungarn, Viktor Orbán.

– Sårbart Noreg

– Kor sårbare vil du seie at vi er i Noreg?

– Vi er svært sårbare. Vår geostrategiske plassering gjer oss på mange måtar interessante, og Noreg sit på ein del ettertrakta teknologi. Men det som verkeleg gjer oss sårbare, er den manglande merksemda vår, seier han og peiker på ei rekkje eksempel.

Som at selskapet Bergen Engines var nær ved å verte selt til russiske eigarar. Eller at norske styresmakter for nokre år sidan gav eit russiskkontrollert selskap tilgang til store mengder data om den norske havbotnen. Eller at ein utanlandsstudent ved NTNU hadde ein kinesisk rettleiar som er generalmajor i heimlandet.

– Ein kan ikkje vente at næringslivet er merksame når ikkje politikarane er det. Årleg kjem det alvorlege rapportar frå etterretningstenesta. Eg har til gode å finne uttalar frå ein statsråd som i klartekst forklarer kva dette betyr for resten av samfunnet. Då kan ein ikkje vente at nokon roper varsku.

– Kva slags forhold meiner du Noreg bør ha til Kina i dag?

–?Eg såg ein ekspert uttale at Noreg bør utforme ein eigen politikk. Det er langsam harakiri, for Kina har ingen problem med å manipulere små land. Noreg bør alliere seg tettast mogleg med EU i Kina-politikken, og kinesiske investorar bør gjere greie for kvar pengane deira kjem frå, slik dei må i EU. Då er det mange som trekkjer seg, fordi det vil avdekkje at dei er subsidierte. Det dreier seg eigentleg berre om like marknadsvilkår.

– Kina er den nest største økonomien i verda. I kva grad kan ein eigentleg isolere seg frå Kina?

– I større grad enn ein trur. Også fordi Kina med sine sjølvforsyningsplanar er i ferd med å isolere seg. Eg trur ein skal vere varsam med å gjere seg sårbar overfor Kina. Om ein passar seg for det, er det ikkje noko hinder for å samarbeide om handel.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis