Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Kuvending i UD – vedgår dokumentmangel

Utanriksdepartementet har i årevis nekta for at dei manglar dokument om Oslo-prosessen. Nå snur departementet og vedgår overfor Dag og Tid at dei manglar dokument i arkiva.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Terje Rød-Larsen sat på det han omtala som eit «omfattande privatarkiv» frå forhandlingane om Oslo-avtalen. Men det ville han ikkje levere korkje til UD eller til Riksarkivet i Noreg.

Foto: Tor Richardsen / NTB

3567
20250110
3567
20250110

Politikk

vidar@dagogtid.no

Dokumenta skulle vore i arkivet, seier UD etter pågang frå Dag og Tid.

– Fleire av desse dokumenta har historisk verdi og burde vore ein del av statens arkiv. Utanriksdepartementet har gjort fleire forsøk på å få desse dokumenta overført til departementet sine arkiv, men har ikkje lukkast. Det er beklageleg, uttalar pressetalsperson Ane Elise Jørem i UD til Dag og Tid.

UD avslår derimot å svare på spørsmål om når og kvifor ein har endra konklusjonen frå at ein ikkje manglar til at ein manglar dokument. Jørem opplyser at UD har etterlyst dokument og fått nokre, men ikkje alle dokumenta.

Lang prosess

Administrativ avdeling i UD sende alt i 2006 skriftlege førespurnadar til aktørane om dokumenta. I 2013 var det møte mellom UD og Ivar Fonnes som då var riksarkivar. Møtet kom i stand etter oppslag i Dag og Tid i august 2012, der forvaltningsrettseksperten Jan Fridthjof Bernt gjekk i rette med UDs standpunkt om at Terje Rød-Larsen kunne sitje med eit «privatarkiv» som han nekta å levere frå seg.

Bernt peika på at Rød-Larsen hadde opptredd som tenestemann for Noreg under forhandlingane.

Dag og Tid har nå fått tilgang til dokumentasjon som viser kva som vidare skjedde. I juni 2018 sende Arkivverket ein «uformell» e-post til Terje Rød-Larsen «(for) å undersøke mulighetene og avklare hva som skal til for at du vil vurdere å avlevere hele, eller deler av dine private arkiver til Arkivverket i Norge. Det er særlig dokumentene knyttet til prosessen som ledet frem til Osloavtalen jeg ønsker å diskutere». Slik heiter det i e-posten frå ein avdelingsdirektør i Arkivverket.

I e-posten viser Arkivverket vidare til at dei har som samfunnsoppdrag å vareta viktig dokumentasjon som viser norsk samfunnsutvikling.

«Til tross for at du avviste det som et alternativ å overlevere dine arkiver til Riksarkivaren i 2006 håper jeg du er villig til å revurdere din oppfatning», heiter det vidare i brevet, som var datert 1. juni 2018.

Arkivverket fekk ikkje noko svar og sende ei påminning til Rød-Larsen 21. august same året. 27. august svarar Rød-Larsen:

«Beklager for sent svar, har vært borte fra kontoret i sommer og så mailen din først nå. Som du sikkert vet hadde jeg noen lange og ubehagelige runder om dette temaet flere år tilbake. Jeg tilkjennegjorde til Riksarkivet mitt syn på saken og har ikke endret standpunkt siden den gang. Hvis jeg i fremtiden skulle revurdere mitt standpunkt ville det bli gjort etter at jeg har avsluttet mitt arbeid med internasjonal fred og forsoning. Vennlig hilsen Terje».

«Være på banen»

Internt konkluderte Arkivverket slik i august 2018:

«Åpningen ligger i det han sier om å revurdere når han avslutter sitt virke. Vi får være på banen da.»

Men Arkivverket er ikkje «på banen» og har ikkje fylgt opp sin eigen konklusjon.

«Me har etter dette ikkje fått nye opplysningar som har gjort at situasjonen har endra seg. Me reknar det derfor ikkje som fruktbart med nye initiativ fra vår side no», skriv områdedirektør i Arkivverket nå til Dag og Tid.

Det er nå meir enn fire år sidan Terje Rød-Larsen måtte gå frå direktørjobben i International Peace Institute (IPI).

Avgangen markerte også punktum for «arbeid med internasjonal fred og forsoning» frå Rød-Larsen si side.

Arkivverket vil ikkje seie noko om kva tid dei kan tenkje seg å fylgje opp arkivsaka overfor Rød-Larsen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

Nicole Kidman spelar Romy, som ser ut til å ha full kontroll over eit perfekt liv, men som blir utfordra av praktikanten Samuel (Harris Dickinson).

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Farleg begjær

Nicole Kidman er perfekt i utforskinga av makt og seksualitet i Babygirl.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis