Kor likestilte er vi?
Fleire menn enn kvinner meiner vi er likestilte. Kva er stoda på den norske arbeidsmarknaden?
Fleire kvinner har den siste tida endra namnet sitt til «Arne» på sosiale medium for å synleggjere kjønnsulikskap i toppstillingar i Noreg.
Foto: Erik Johansen / NTB
Samtalen
Mari Teigen
kjønnsforskar
Aktuell
Likestilling
Samtalen
Mari Teigen
kjønnsforskar
Aktuell
Likestilling
jesper@dagogtid.no
Denne veka har det vore kvinnedag, og mange har vore ute for å demonstrere. I Noreg er ein glad i å tenkje at vi er blant dei mest likestilte landa i verda. Samstundes er det forskjellar i kvinner og menns syn på likestillingsutviklinga. I ei undersøking NRK har gjennomført, seier tre av fire menn at nordmenn er likestilte, medan berre to av fem kvinner seier det same.
Mari Teigen er kjønnsforskar og leiar for CORE – Senter for likestillingsforskning.
– Kor langt har likestillinga kome her til lands?
– I Noreg har vi hatt ei kraftig utvikling i retning likestilling sidan 1970-talet. Sysselsettinga blant kvinner har gått frå om lag halvparten til 80 prosent. Samstundes er deltakinga blant menn i omsorgs- og husarbeid gått opp. Tidsbruksundersøkinga syner at kvinner bruker meir tid på arbeidsmarknaden enn før, medan menn gjer meir heime. Samstundes er dei forskjellane som står igjen, mykje vanskelegare å gjere noko med, av di dei handlar om strukturelle barrierar og prioriteringar.
– Kva legg du i det?
– Fleire kvinner enn menn jobbar deltid. Det handlar mykje om at kvinner er sysselsette i yrke med små stillingsbrøkar, som til dømes i helse- og omsorgssektoren eller hotell- og servicebransjen.
– Og så har vi ein kjønnsdelt arbeidsmarknad?
– Før var det eit argument mot det norske systemet at vi hadde så stor kjønnsdeling på arbeidsmarknaden. Mykje av grunnen til det er at norske kvinner i stor grad kom ut på arbeidsmarknaden i ei tid der velferdsstaten var i vekst. Når sysselsettinga blant kvinner vart høgare, steig òg kjønnsdelinga.
– No er vi midt på treet i europeisk samanheng. Kva har skjedd?
– Det er to årsaker. For det første har kvinner i større grad byrja gå inn i mannsdominerte yrke og ikkje omvendt. Grunnen til det er at desse yrka ofte har betre løn og høgare status. Og i dag tar kvinner i større grad høgare utdanning. For det andre har situasjonen i andre land vorte verre. Det har med å gjere at når sysselsettinga stig, aukar kjønnsdelinga på arbeidsmarknaden. I land som Hellas og Spania har det vore tilfellet dei siste åra.
– Ein snakkar ofte om det såkalla glastaket, nemleg at kvinneandelen i toppjobbar er låg. Når fleire kvinner tek høgare utdanning, vil jo det endre seg av seg sjølv?
– Så lett er det ikkje. Til dømes er det stor forskjell på privat og offentleg sektor. Det offentlege har etter kvart fått ein høg kvinnedel i leiande stillingar. Det har vore færre kvinner med utdanning innan til dømes ingeniørfag, medan kvinneandelen har auka kraftig på økonomiutdanningane. Om ein ser på ambisjonsnivået, er det like høgt blant kvinner og menn med høgare utdanning. Éi forklaring er at kvinner ofte er gifte med ein med same utdanningsnivå eller høgare, medan menn ofte finn partnarar med lågare utdanning enn dei har sjølv. Kvinner er like motiverte for å gjere karriere, men i praksis er det ofte dei som må ta seg av omsorgsarbeidet.
– Men fleire og fleire menn tek til dømes foreldrepermisjon?
– Ja, men det er framleis forskjellar mellom menn når det gjelder både hus- og omsorgsarbeid i familien. Særleg blant menn med høg utdanning og høg kulturell kapital har deltakinga auka mykje, medan det er større forskjellar mellom kvinner og menn blant dei med høg økonomisk kapital og arbeidarklassebakgrunn.
– Viss du skal sjå likestilling ut ifrå eit mannleg perspektiv, kva er dei største utfordringane?
– Den positive sida ved likestillingsutviklinga er at kvinnerørsla har bidrege til meir kvinneleg fridom. Altså at det finst ein heil del forskjellige måtar å vere kvinne på. Det same er ikkje nødvendigvis tilfellet for menn. Når ei kvinne går inn i eit mannsdominert yrke, vert ho heia på. Sånn er det ikkje for gutane.
– Vi burde heie meir på gutane?
– Likestilling handlar om å auke fridomen til kvar enkelt av oss. Kjønnsrollene burde ikkje halde oss tilbake i å leve det livet vi vil leve.
– Kva rolle speler politikk i å endre haldningane?
– Velferdsstatlege ordningar endrar haldningane til likestilling i praksis. Barnehagereforma er det beste dømet på det. Kontantstøtta går meir og meir over til å verte ei ventestøtte, medan ein ventar på barnehageplass. Då folk ikkje hadde det barnehagetilbod, var det fleire som tenkte at det var betre for barna å vere heime.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Likestilling handlar om å auke fridommen til kvar enkelt av oss.
Fleire artiklar
Foto: Terje Pedersen / NTB
Tendensiøs statistikk om senfølger
Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.