Politikk
Marianne Sunde
mariasu@online.no
Medan Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité førebur kontrollhøyring av Erna Solberg om mogleg inhabilitet, arbeider Økokrim med å finne ut om Solbergs ektemann, Sindre Finnes, skal etterforskast for innsidehandel ut frå den lange lista med aksjehandlar han gjennomførte medan Erna Solberg var statsminister.
Saka om Førdefjorden er ein del av dette komplekset, der toppolitikarar, næringslivsinteresser og den tidlegare statsministerens ektefelle er med i bildet.
– Djupt problematisk
– Uavhengig av om det ligg føre inhabilitet i juridisk forstand, er det djupt problematisk med så tette nettverk mellom folk som tek avgjerder i offentlege organ, familien deira og folk som har store økonomiske interesser i saka, seier Jan Fridthjof Bernt, professor emeritus i offentleg rett ved Universitetet i Bergen, til Dag og Tid.
Deponi i Førdefjorden har vore ei omstridd sak i mange år. Thorhild Widvey hadde sete i styret i Nordic Mining fram til juni 2013, da ho same hausten kom inn i Solberg-regjeringa, som alt i regjeringsplattforma opna for sjødeponi i mineralnæringa.
Sindre Finnes kjøpte i alt 90.500 aksjar i Nordic Mining, 70.000 vart kjøpte mellom valsigeren og offentleggjeringa av Sundvolden-plattforma. Det er uvisst kva tid Finnes kjøpte dei første 20.500 aksjane, kjøpa går ikkje fram av lista med over 3600 aksjehandlar han la fram den 15. september.
Erna Solberg, Thorhild Widvey og ektefellane deira er nære vener. Gjennom den massive mediedekninga dei tre siste vekene om Erna Solbergs moglege inhabilitet og mannen Sindre Finnes’ aksjehandlar, mellom anna i Nordic Mining, har Thorhild Widveys fortid i styret i Nordic Mining blitt gløymd. Ho vart Erna Solbergs kulturminister og kom frå styret i selskapet som heilt sidan 2009 hadde hatt ei viktig sak på agendaen: å få dumpe gruveavfall i Førdefjorden fordi det ville vere den enklaste og billegaste løysinga.
Politisk kjennskap
Thorhild Widvey var nøye vald ut av valkomiteen til styret i Nordic Mining i 2012. I innstillinga til styret oppsummerer valkomiteen den politiske karrieren hennar, at ho har vore sentralstyremedlem i Høgre, og at ho har vore styremedlem i ei rekkje større selskap. Det var også viktig for Nordic Mining at ho hadde kjennskap til korleis ein kunne få gjennomslag i politiske saker.
I innstillinga frå valkomiteen står det: «Komiteen mener at Widveys kompetanse er kompletterende til dagens styre og at hun vil imøtekomme selskapets behov for å ha et styremedlem med kjennskap til politiske prosesser.»
Rettssaka mot staten vart avslutta denne veka, onsdag 4. oktober, etter ti dagar i Oslo tingrett. Naturvernforbundet og Natur og Ungdom har saksøkt staten for å tillate at avfallsmassar frå den planlagde gruvedrifta i Engebøfjellet kan dumpast i Førdefjorden.
Mogleg inhabilitet
Rettssaka fall altså i tid saman med den andre historia som har overskugga det meste dei tre siste vekene, Erna Solbergs moglege inhabilitet og Sindre Finnes’ moglege innsidehandel.
Før dette vart kjent, den 19. august i år, tre veker før kommunevalet, hadde Dagens Næringsliv eit oppslag på førstesida med tittelen «Bakspillerne», med bilde av Erna Solberg, Thorhild Widvey og ektefellane deira, Sindre Finnes og Osvald Bjelland.
Før stortingsvalet i 2013 skal Sindre Finnes ha laga eit notat der han var kritisk til medlemmer i statlege styre og føreslo ei rekkje utskiftingar. Folk med Ap- eller LO-bakgrunn skulle ut. Dette notatet delte han med sentralstyremedlem i Høgre Thorhild Widvey. Året etter, da ho var kulturminister, delte Widvey notatet med ektemannen, som dreiv konsulentselskapet Xynteo og pleidde kontakt med næringslivstoppar og politikarar. Lista inneheldt fleire av ekteparets kontaktar i næringsliv og i politikk. Dagens Næringsliv dokumenterer at notatet er gått mellom Finnes, Widvey og Bjelland.
På spørsmål frå Dagens Næringsliv stadfestar Finnes at dei to ektepara «er venner på privaten».
Hadde ikkje sett liste
Seinare, under Arendalsveka, vart det mange spørsmål rundt dette. Solberg sa ho ikkje har sett notatet, og da Dagens Næringsliv spurde om ho ikkje var interessert i å få tak i det, svara ho:
«Nei, vet du hva, jeg mener at dette er ti år siden, jeg har altså ikke hatt dette med meg i mitt arbeid.»
I partileiardebatten i Arendal sa ho, da ho vart pressa vidare på dette, at det ikkje var klokt å lage lange lister over folk, men understreka at «Sindre er en selvstendig mann».
At Erna Solberg poengterte at Sindre Finnes er ein sjølvstendig mann, og at saka gjekk ti år tilbake i tid og såleis var gammal, skulle kome til å innhente henne etter suksessvalet som Høgre gjorde den 11. september. Gjennom statsministerperioden hennar på åtte år hadde ektefellen handla aksjar over 3600 gongar, noko som gjer at Erna Solberg kan ha vore inhabil i fleire saker.
Avisa Firda oppdaga fort aksjeinvesteringane på 70.000 aksjar som Finnes gjorde i Nordic Mining.
Handel etter valet
Ti år tilbake i tid:
9. september 2013: I stortingsvalet vinn dei borgarlege partia, og det blir fort klart at Høgre skal danne regjering saman med Frp, og at Erna Solberg blir statsminister.
19. september: Finnes kjøper 33.000 aksjar i gruveselskapet Nordic Mining.
3. oktober: Finnes kjøper 37.000 aksjar i gruveselskapet Nordic Mining.
5. oktober: Finnes besøker Sundvolden, der Høgre- og Frp-leiarane er samla for å utarbeide regjeringsplattforma.
7. oktober: Regjeringsplattforma vert lagd fram, og det vert opna for sjødeponi for mineralnæringa.
Sindre Finnes kjøpte til saman 70.000 aksjar i perioden etter stortingsvalet og før regjeringsplattforma vart offentleggjord. I tillegg viser det seg no at Sindre Finnes selde 90.500 Nordic Mining-aksjar i desember same året. Altså har han kjøpt 20.500 aksjar tidlegare. Avkastninga på dei siste 70.000 aksjane, kjøpte i september og oktober 2013, skal ha vore på 176 prosent på under tre månader, opplyser investeringsdirektør Robert Næss i Nordea til Dag og Tid.
– Da vi ikkje veit når Sindre Finnes kjøpte dei 20.500 første aksjane, er det ikkje råd å seie kva fortenesta var på dei, seier Næss.
Innsideinformasjon?
Hadde Finnes innsideinformasjon?
Nei, svarer Erna Solberg. Ho gjev aldri innsideinformasjon, ho diskuterer aldri regjeringssaker med mannen sin.
«Jeg kan garantere at jeg aldri har snakket om Nordic Mining eller gruvedeponi med min mann i den perioden», har Solberg uttalt til Bergens Tidende.
Det var partipolitiske skiljeliner rundt spørsmålet om sjødeponi. Sjølv om det var politiske skiljeliner i saka, og Høgre og Frp ikkje var mot sjødeponi, skaut kursen for Nordic Mining-aksjane likevel i vêret da Sundvolden-plattforma vart lagd fram. Til Bergens Tidende seier Solberg at deponisaka var ein «no brainer». Og ifølgje henne sjølv diskuterte ho det altså ikkje med mannen sin.
Samtalar om politikk
Men diskuterer ikkje Erna Solberg politiske saker av felles interesse med mannen sin?
I 2020 hadde Kapital eit intervju med Finnes:
«– Erna er en sterk talsperson for det private næringsliv og hvor viktig det er for verdiskapning i Norge. Er det ofte samtaler om bedriftsøkonomiske forhold og næringspolitikk rundt middagsbordet?
– Ja, klart at vi snakker om dette både til frokost og middag.
– Lytter hun til dine synspunkter i næringspolitiske spørsmål?
– Det gjør hun.»
Aksjekjøpa i Nordic Mining er blant dei som Økokrim no vurderer å etterforske for innsidehandel. Økokrim har opplyst at dei kjem til å arbeide utover hausten før dei tek stilling til etterforsking. Foreldingsfristen er ti år for innsidehandel. For Nordic Mining-aksjane var fristen tysdag 3. oktober, da datoen for det siste aksjekjøpet i Nordic Mining var 3. oktober 2013.
Sidan desse aksjekjøpa står sentralt i saka, har Dag og Tid spurt Økokrim om dei kom til å ta omsyn til foreldingsfristen. Sjef i Økokrim Pål K. Lønseth svarer Dag og Tid gjennom kommunikasjonsavdelinga 3. oktober, same dag som foreldingsfristen går ut:
– Vi er sjølvsagt merksame på foreldingsfristar. Det er noko vi har i bakhovudet heile tida, utan at eg ynskjer å gå nærare inn på det.
Same dag melde Naturvernforbundet Sindre Finnes til Økokrim for aksekjøpa i Nordic Mining, melder Bergens Tidende om kvelden 3. oktober. Avisa skriv: «I anmeldelsen skriver Naturvernforbundet at aksjekjøpene til Finnes i Nordic Mining ble gjort på et tidspunkt da viktige tillatelser om å åpne for gruvedrift med sjødeponi var under forberedelse. Naturvernforbundet hevder at det er grunn til å tro at Finnes hadde eksklusiv innsideinformasjon om dette.»
Frå styre til regjering
Da regjeringa Solberg overtok, gjekk det under radaren i media at kulturminister Thorhild Widvey hadde sete i styret i Nordic Mining.
Dagbladet oppdaga dette først nesten to år seinare, i mai 2015, ein månad etter at regjeringa Solberg gav Nordic Mining utsleppsløyve til 250 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden. Widveys kommentar den gongen var at ho ikkje hadde aksjar i selskapet.
Venstre-leiar Trine Skei Grande og SVs Heikki Holmås reagerte på opplysninga om tidlegare styreverv i gruveselskapet.
«Det viser hvor tette koblingene er mellom næringsliv som driver en virksomhet som truer miljøinteresser, og dagens regjering», sa stortingsrepresentant Holmås til Dagbladet for åtte år sidan.
Politisk påverknad
Vi stiller spørsmålet til Jan Fridthjof Bernt, professor i offentleg rett, om kva retningslinene er for å gå inn i regjeringa når ein kjem frå styreverv i ei verksemd som er avhengig av politiske vedtak på regjeringsnivå.
– Det er ikkje noko ulovleg i dette, men det speglar eit alvorleg problem i delar av norsk politikk, korleis næringslivsaktørar ser inngang til, og samband med, politiske miljø som eit viktig verkemiddel til kunnskap om og påverknad av politiske prosessar. Det er eit problem vi møter i ei rekkje samanhangar, som karantenereglar for dei som trer ut av politiske verv, lobbyisme og trongen for lobbyregister i departement og på Stortinget, likeins krav om innsyn i kundelister til politikarar som kjem frå rådgivings- og PR-selskap eller advokatfirma, seier han.
– Inhabilitetsreglane vil berre kunne fange opp toppen av dette isfjellet, altså dei klaraste eksempla på eigeninteresser og klare band til private aktørar i næringslivet. Vi må få eit sterkare etisk medvit om farane ved stolskifte frå engasjement for private interesser, noko som gjeld både på vegen inn og når ein forlèt offentlege verv. Og vi må stille krav om at alt rundt dette, er heilt ope, og vi må ha eit kritisk søkjelys på slike rolleskifte og nettverk.
Politikarar og mistanke
– Du sa det ikkje ligg føre inhabilitet i juridisk forstand når det gjeld kontakten mellom Erna Solberg, Thorhild Widvey, ektefellane og næringslivskontaktane deira. Kan du utdjupe kva du meiner når du seier at dette likevel er djupt problematisk?
– Det er openbert problematisk at sentrale politikarar har tette venskapsband med leiande aktørar i det private næringslivet når det vert gjort vedtak som har stor økonomisk betydning for leiing og aksjonærar i verksemder som vedtaka gjeld. Det er berre venskapsforhold som er svært tette og personlege, som kan føre til juridisk inhabilitet.
Han seier at slike nettverk av gode vener som hyppig har kontakt med kvarandre sosialt og profesjonelt, vil uansett vere eigna til å svekkje tilliten til forvaltingsapparatets integritet.
– Det vil lett føre til at det oppstår spørsmål om inhabilitet eller spørsmål om fare for lekkasje av informasjon på grensa til, eller over grensa for, innsideopplysningar etter straffeføresegnene for dette. Dei leiande politikarane våre skal ikkje berre unngå å bli dømde for å ha teke usaklege omsyn, eller for mangelfull skjerming av fortrulege opplysningar, dei bør heller ikkje kome i den situasjonen at dei kan mistenkjast for dette.
Krav til aktsemd
– Korleis vurderer du at Erna Solbergs ektefelle, Sindre Finnes, var svært aktiv på aksjemarknaden dei åtte åra ho var statsminister?
– Dei sentrale spørsmåla vert: Oppfylte Erna Solberg, med sin kjennskap til ektefellens engasjement i aksjemarknaden, dei krava til aktsemd som ein bør stille til ein statsministers skjerming av fortruleg informasjon om marknadssensitive forhold? Og viste ho vidare nok aktsemd for å unngå at ho eller ektefellen hadde personleg økonomisk interesse av avgjerder tekne i regjeringa?
– Korleis vurderer du at Finnes kjøpte 70.000 aksjar i Nordic Mining mellom valsigeren for dei borgarlege partia den 9. september 2013 og den 7. oktober da regjeringsplattforma vart lagd fram?
– Her er det mykje vi ikkje har sikker kunnskap om. Dersom Finnes hadde kjennskap til dei prosessane som var på gang i regjeringa om denne saka, vil dette etter alt å døme vere eit brot på forbodet mot bruk av innsidekunnskap ved aksjehandel. I så fall vil det også kunne bli spørsmål om Solberg kan straffast for uaktsam medverknad til denne.
Dersom Solberg visste om ektefellens engasjement her, vil ho også ha vore inhabil ved regjeringas behandling av denne saka, meiner Bernt.
– Men uavhengig av kva som kjem fram og som kan bevisast om dette, viser denne saka at det var ein klar og vesentleg svikt frå Solbergs side. Ho skulle ha gjort det som var nødvendig for å unngå at slike situasjonar kunne oppstå, når ho visste at ektefellen var engasjert i aksjemarknaden, avsluttar Jan Fridthjof Bernt.