JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Frå fornorsking til forsoning

Rapporten om fornorskinga small i bordet førre torsdag. Korleis gå frå sanning til forsoning? Tre talspersonar frå dei nasjonale minoritetane kjem med forslag.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Avduking av eit kunstverk ved Dagfinn  Høybråten og kommisjonsmedlem Liv Inger Somby då Sannings- og forsoningskom­misjonen overleverte rapporten sin  til Stortinget.

Foto: Hanna Johre / NTB

10868
20230609

Sannings- og forsoningskommisjonen

Oppnemnd av Stortinget i 2018 etter initiativ frå SV

Leidd av Dagfinn Høybråten (KrF)

Skulle lage ei historisk kartlegging av norsk politikk overfor samar, kvenar, norskfinnar og skogfinnar

Skulle undersøkje verknadene av fornorskingspolitikken og foreslå tiltak som bidreg til forsoning

Leverte rapporten Sannhet og forsoning til Stortinget førre torsdag

No skal Stortinget handsame tilrådingane frå rapporten.

Samfunn

peranders@dagogtid.no

Sist veke la Sannings- og forsoningskommisjonen fram resultatet av fem års arbeid, da rapporten på 658 sider vart presentert for Stortinget. Innhaldet i Sannhet og forsoning blir kalla eit knallhardt oppgjer med fornorskinga som samar, kvenar og skogfinnar har blitt utsette for. Men dette skal berre vere byrjinga på ein prosess. Kva vegar kan føre frå rapporten til den forsoninga tittelen lovar?

«Jeg er takknemlig for de som har turt å bryte stillheten og fortelle disse historiene, det er et stort steg og nødvendig for fremtiden», sa sametingspresident Silje Karine Muotka til NRK under framlegginga av rapporten førre torsdag. Noko av forsoningsarbeidet er meint å liggje i sjølve dokumentasjonen av urett som er gjord mot nasjonale minoritetar i Noreg. Men kor langt rekk eigentleg den effekten? Dag og Tid bad sametingspresidenten om å utdjupe.

Sams versjon

–?Eg håpar rapporten er sterk nok til at han står seg, at han blir ein stad å gå til for alle som vil få vite sanninga om fornorskinga, seier Muotka.

– I den daglege debatten kan det dukke opp påstandar om at fornorskinga ikkje eigentleg skjedde, eller ein får høyre at «fornorskinga ikkje var så ille, alle hadde det ille». No håpar eg dette blir den offisielle skildringa av ein mørk del av historia vår. Om målet er forsoning, må vi byrje med historia om det som har skjedd.

–?Kan dokumentasjon av overgrep og maktmisbruk ha ein motsett effekt for somme? Kan det motverke forsoning og rippe opp i gamle sår?

–?Eg håpar ikkje det. Forsoning er ikkje noko ein kan tvinge folk til. Det må vere vilje til stades for alle som skal forsonast. Men skal vi kome dit, trur eg vi må ta inn over oss smerta som ligg i historia.

Tillit

– I rapporten heiter det: «Et forsonet samfunn er preget av at hele befolkningen har høy grad av tillit til andre mennesker og høy grad av tillit til samfunnsinstitusjonene.» Det er ikkje så lett å leve opp til i ei tid med polarisering og mykje mistillit?

–?Eg ser òg tendensen til polarisering på mange område. Slik sett kjem rapporten på eit krevjande tidspunkt. Mange samar har dessutan erfaringar som gjer at dei ikkje har så stor tillit til storsamfunnet. Handteringa av høgsterettsdommen i Fosen-saka er eit døme. Og når mange slit med å få samisk språkopplæring i skulen som opplæringslova seier at dei har rett på, er det heller ikkje noko som byggjer tillit.

–?I kva grad hjelper det med offentlege orsakingar frå staten? Rapporten trekkjer fram kong Haralds tale ved opninga av Sametinget i 1997 som ei sterk forsoningshandling og eit oppgjer med fornorskingspolitikken.

–?Slike orsakingar kan vere viktige. Men orda må ha noko å seie. Tomme orsakingar tener heller til å bryte ned tilliten, og mange samar har erfaringar med tomme ord.

–?Elle Nystad i ungdomsorganisasjonen til Norske samers riksforbund har sagt at arealinngrep på beiteland, som vindturbinane på Fosen, er ei form for moderne fornorsking. Er det eit syn du deler?

–?Slike arealinngrep er eit åtak på det materielle grunnlaget for kulturøvinga til reindriftssamane, på noko vi treng for å halde oppe kulturen vår. Så ja, eg er samd i at slike arealinngrep kan innebere ei form for fornorsking, seier Muotka.

–?Har rapporten frå kommisjonen direkte relevans for Fosen-saka, slik du ser det?

–?Eg håpar i alle fall han bidreg til aktualisering av saka og kan bidra til ei betre løysing.

Flyttsameskulen i Karasjok i 1950-åra. På internatet fekk flyttsameborna norsk kost med eit visst innslag av samekost: kokt reinkjøt og buljong.

Foto: Sverre A. Børretzen / Aktuell / NTB

Ikkje offer

I eit innlegg i Nordlys denne veka kritiserte tidlegare SV-politikar Olav Gunnar Ballo rapporten for å «videreføre fortellingen om at deler av befolkningen er nærmest evigvarende ofre».

– Kva tenkjer du om den kritikken?

– Det er eit kjent synspunkt at «samane må kome seg ut av offerrolla». Men mange av historiene som folk har delt i rapporten, fortel om viljen til å halde ut trass i mykje motgang, seier Muotka.

Ho siterer frå rapporten, der det står at samar, kvenar og skogfinnar klarer å setje ord på det som er tapt, og utviklar strategiar «for å møte vanskeligheter og fortsette arbeidet med å skape et godt liv».

– Dette er like mykje historier om overleving som historier om overgrep. Og når du ser dei kraftfulle samiske ungdomane som har demonstrert i Oslo i vår, er det vanskeleg å sjå på dei som offer.

– Men kan det likevel vere uheldige biverknader dersom ei folkegruppe får offerstatus?

–?Eg trur ikkje det er fare for det. No er det viktig at vi alle får ei felles forteljing om fornorskinga, som gjev oss eit godt utgangspunkt for vidare diskusjon. For meg handlar ikkje det samiske om å vere offer, men om det som bind oss saman og er viktig for oss.

– Skeivt

Kai Petter Johansen, leiar for Norske kveners forbund, er ikkje like nøgd som Muotka med måten rapporten fortel historia om fornorskinga på.

–?Eg har ikkje lese heile rapporten enno, men har merka meg at det manglar mykje i framstilinga av den kvenske historia. Ho er prega av mangelfullt kjeldegrunnlag og lite kunnskap.

I rapporten har historia om fornorskinga overfor samane fått langt meir plass. Johansen meiner dette heng saman med ubalansen i tiltaka for å styrkje høvesvis samisk og kvensk kultur dei siste tiåra.

– I rapporten er det òg ei erkjenninga av ei slik skeivheit, og at denne bør rettast opp.

–?Heng dette saman med at samane har status som urfolk, medan kvenar ikkje har det?

–?Ja, pluss at det var vore fleire markante saker knytte til samiske rettar, som striden om Alta-utbygginga, som òg fekk merksemd internasjonalt. Det har ikkje vore liknande saker knytte til kvenane. Det er òg langt fleire samar enn kvenar som har blitt medvitne om eigen identitet og kultur dei siste 30–40 åra.

Silje Karine Muotka, sametingspresident, Kai Petter Johansen, leiar i Norske kveners forbund og Rune Hernes Bjerke, leiar i Skogfinnenes forening.

Språktap

– Ein kan hevde at alle i Noreg har mista den kulturen slekta deira kom frå. Ingen i dag lever slik folk gjorde for 200 år sidan. Men språktapet som kvenar og andre minoritetar har opplevd, er noko anna?

–?Ja, og det er sorga over språktapet dei fleste kvenar snakkar om når dei snakkar om fornorskinga. Språket er svært vanskeleg å ta attende. Men det er òg andre kulturelle element som har forsvunne eller blitt usynleggjorde.

–?Er det mykje agg eller mistillit til storsamfunnet blant kvenane?

–?Nei, det vil eg ikkje seie. Når det gjeld politiske tiltak for kvenar, har ikkje folk så høge voner til styresmaktene. Men vi lever i same samfunn, og eg har ikkje inntrykk av at kvenar har særskild mistru til storsamfunnet.

–?Kva slag forsoning er det norske kvenar treng, slik du ser det?

–?Først og fremst må samfunnet forstå omfanget av fornorskingspolitikken. Det som har skjedd, vedrører oss alle, ikkje berre minoritetane. Så trengst det raske tiltak for å styrkje det kvenske språket, og der har rapporten mange gode forslag, mellom anna heilskaplege utdanningsløp på kvensk, frå barnehage til vaksenopplæring. Å få nok lærarressursar er svært viktig.

– Er det mogleg å verkeleg kompensere språktapet når eit språk har slutta å gå i arv?

– Ein kan gjere mykje. I dag er det mange med kvensk bakgrunn som vel å lære seg språket i vaksen alder. Somme svartmålar og hevdar at det ikkje finst kvenske språkbrukarar lenger, men det er feil. No blir det fødd barn inn i kvensktalande familiar att, noko som ikkje skjedde for 15 år sidan.

Språkskifte

For skogfinnane, den tredje gruppa som rapporten tek for seg, er språktapet enda større. Denne gruppa er etterkomarar av finnar som slo seg ned i austlandske skogar frå 1600-talet av, og språket deira gjekk sterkt attende alt på slutten av 1800-talet, dels på grunn av fornorskingspolitikken. «For skogfinner er språkskiftet allerede gjennomført, ettersom det ikke lenger finnes finskspråklige skogfinner som har lært finsk hjemme», heiter det i Sannhet og forsoning.

– Vi skal ikkje overdrive kor mykje ein kan få til med språket, seier Rune Hernes Bjerke, styreleiar i Skogfinneforeningen.

– Skogfinsk kjem ikkje attende som talespråk. Men vi kan få i gang eit vitskapleg arbeid med språket, og ein kan starte med revitalisering på eit rituelt nivå. Ein må prøve å berge det som bergast kan.

Synlege

Nytteverdien i rapporten ligg ikkje minst i å vise majoritetsbefolkninga at vi har nasjonale minoritetar i Noreg, meiner Bjerke.

–?Dei nasjonale minoritetane har vore eit lite kjent omgrep, og dårleg ivaretekne av styresmaktene. I tillegg er rapporten ein augeopnar fordi han syner kor målretta dei statlege tiltaka for fornorsking var. Det var ein vilja politikk å assimilere skogfinnar, samar og kvenar inn i majoritetsbefolkninga.

I dag er det uvisst kor mange som identifiserer seg som skogfinnar. Skogfinneforeningen har mellom 200 og 250 medlemer, fortel Bjerke.

– Om vi tek utgangspunkt i dei som etablerte seg i Noreg på 1600-talet, er det kanskje ein halv million nordmenn som har skogfinneblod i seg. Men for somme er det berre snakk om ein tipptipptippoldefar. Og for mange har det vore skam knytt til det å stamme frå skogfinnar.

– Ved framlegginga av rapporten sa du til NRK: «Det er på tide å gjøre opp for seg». Kva kan det innebere?

– Det inneber ei erkjenning og ei orsaking for den systematiske fornorskinga, som da kongen var på Sametinget i 1997 og orsaka på vegner av staten. Og det må innebere at ein set inn ressursar for å formidle historia og kulturen til skogfinnane.

Ubalanse

Det er alt klart vedteke å byggje eit skogfinsk museum i Grue. I tillegg inneheld Sannhet og forsoning fleire forslag til tiltak som skal spreie kunnskap om skogfinnehistoria.

Bjerke synest tiltaka er lovande, men meiner skogfinnane er langt bak samane på dette feltet.

– Urfolkstatusen har medverka til at samane ligg langt framfor oss når det gjeld å få fram slik kunnskap, seier han.

Denne ubalansen har òg vore diskutert i Sannings- og forsoningskommisjonen. På nettsida til Skogfinneforeningen er eit sitat frå dissensen til jussprofessor Aslak Syse i kommisjonen trekt fram: «Den sterke fokuseringen på det samiske perspektivet har (…) ført til at skogfinnenes og kvenenes skjebne er kommet mer i bakgrunnen», står det i sitatet.

–?Kvifor valde de å trekkje fram dette?

– Det er ei ganske iaugefallande utsegn frå Syse, og attkjenneleg. Men eg vil ikkje at samar, kvenar og skogfinnar skal konkurrere. Vi bør stå skulder ved skulder, ikkje gå i strupen på kvarandre om kven som skal få tiltakskronene, seier Bjerke.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis