Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Frå best til versting

Sjølv om det blir oppretta nye stillingar, er dei norske fengsla underbemanna.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ullersmo fengsel ser ikkje så verst ut frå utsida. Men gjennomtrekken blant dei tilsette er, som i dei aller fleste norske fengsel, stor.

Foto: Tore Meek / AP / NTB

3454
20241004
3454
20241004

Kriminalomsorg

marita@dagogtid.no

Noreg hadde rykte på seg for å ha dei mest humane fengsla i verda. Særleg Halden fengsel var moderne då det opna i 2010, med store uteområde og flotte kultur-, trenings- og utdanningstilbod.

I 2020 var det 318 tilsette i Halden fengsel. I dag er dei, om vi legg til sjukefråværet, rundt 200. Ofte får dei ikkje følgt dei innsette til aktivitetar utanfor bygget dei bur i. Mange får mindre enn fem timar utanfor cella per døgn. Den europeiske torturførebyggingskomiteen (CPT) tilrår minst åtte timar utanfor cella.

Sivilombodet har kritisert drifta og knyter kritikken til «problematisk reduksjon i bemanning».

Sivilombodet har besøkt fleire fengsel, følgt av medium og fagforeiningar som rapporterer om det same: Underbemanning medfører isolasjon og aggresjon. Kulturen har blitt hardare, med fleire psykisk sjuke, fleire rusavhengige, meir narkotika og fleire kulturkonfliktar enn nokon gong. I tillegg har dokumentasjonskrava blitt skjerpa, noko som stel tid. Dei tilsette blir utslitne og seier opp, og få – om nokon – søker på utlyste stillingar.

Romerikes Blad intervjua i sommar tilsette ved Ullersmo. «Spørsmålet er hvor mye belastning og psykiske utfordringer man skal tåle med den lønna vi får», sa ein.

Utdanna fengselsbetjentar har ei startlønn på 443.000 kroner.

Menneskerettsbrot

I fjor gjennomførte Rambøll ei undersøking på oppdrag frå Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI). Det viser seg at 66 prosent av dei tilsette har opplevd at ein innsett har tatt livet av seg eller prøvd å gjere det. 55 prosent har blitt utsette for vald. 67 prosent har opplevd hets eller sjikane.

Det veg opp at mange har eit nært forhold til kollegaene, men 36 prosent av dei som har opplevd vald eller ei alvorleg hending, har ikkje fått oppfølging. Posttraumatisk stress, angst, depresjon og somatiske plagar er utbreidd.

Mange fortel at dei før jobba sosialfagleg, no er dei reduserte til vakter. Dei låser folk ut og inn – særleg inn. I 2023 blei det fatta 545 vedtak om isolasjon. Overdriven isolasjon, nakenvisitering og telefonkontroll har ført til at den norske staten fleire gonger har blitt dømd i menneskerettsdomstolen.

49 nye stillingar

Etter at Rambøll-undersøkinga blei lagd fram, oppretta Kriminalomsorga ei arbeidsgruppe som tilrådde at regjeringa gir 40 millionar kroner i ekstraordinære midlar og utlyser fleire stillingar.

Samtidig har regjeringa vedtatt at dei vil tredoble kapasiteten i ungdomsfengsla, frå 10 plassar i dag til 30 i 2026. Dei vil bruke 2,8 milliardar kroner på å bekjempe kriminalitet. Og ja, 40 millionar kroner «skal gå til å bedre den økonomiske situasjonen» i Kriminalomsorga. 15 fengsel skal få til saman 49 nye tilsette.

Blant anna får Halden fengsel, med plass til 227 innsette, 4 nye stillingar.

Om dei blir utlyste, gjenstår å sjå. Ser vi på stillingsannonsane denne veka, søker Halden fengsel etter 10 betjentar. Ila treng 15, Indre Østfold 15 og Oslo fengsel 8, blant andre.

Norsk institusjon for menneskeretter (NIM) samanfattar stoda slik i årsmeldinga si: «Soningsforholdene i norske fengsler medfører en rekke menneskerettighetsutfordringer (...). Problemene har strukturelle og økonomiske årsaker, i tillegg til mangler ved regelverk og retningslinjer. (...) Dette krever langsiktige tiltak og prioriteringer som går utover det kriminalomsorgen kan løse alene.»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Bjørn Olaf Johannessen er manusforfattar for ei rekkje filmar og TV-seriar. Årets roman er den tredje sidan debuten i 2017.

Foto: Jacob Johannessen Maske

BokMeldingar

Inni er me like, men det er utanpå

Bjørn Olaf Johannessen skriv artig, men mest utanpå om det innvendige.

Odd W. Surén

Stridsvogner øver på å slå attende kinesiske landgangsstyrkar på Penghu-øyane i Taiwansundet.

Foto: Taiwan Military News Agency / Taiwan's Defense Ministry / AP / NTB

UtanriksSamfunn

Starten på ein storkrig?

For tida bur eg i eit fredeleg, demokratisk og velståande land, som risikerer å utløysa den neste storkrigen i verda.

HalvorEifring

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis