JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Ein ukultur i regjeringskontora

Hemmeleghaldet ved Statsministerens kontor (SMK) av dokument om aksjehandlane til Sindre Finnes er berre toppen av eit isfjell som handlar om ein ukultur i fleire departement

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ingen av dei som var involverte i aksjesakene til Sindre Finnes ved SMK, har vilja svare på kvifor dokumenta i saka ikkje vart journalførte. Det gjev grunnlag for fleire spørsmål, meiner Vidar Ystad.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

9076
20231215
9076
20231215

KOMMENTAR

vidar@dagogtid.no

Ein gjennomgang av nokre mediesaker frå dei siste 30 åra viser at regjeringskontora har ein «allsidig praksis» når det gjeld å hindre innsyn i strid med offentleglov, arkivinstruks og journalføringsplikt. Slike brot gjer det umogeleg å føre oppsyn med verksemda i forvaltninga medan Stortinget har kravd det motsette.

Praksisen tyder på at handlingane i stor grad er politisk motiverte, dikterte av taktiske vurderingar. Det er eit ope spørsmål i kva grad handlingane er styrte og dikterte av politikarane eller embetsverket handlar sjølvstendig ut frå ein tanke om kva som tener politikarane eller departementet.

«Brevsaka»

Dei ferske avsløringane til E24 om lovbrota ved SMK i Solberg/Finnes-saka er på ingen måte eineståande for praksisen ved dette kontoret. I 1992 avslørte Bergens Tidende at kontoret unnlét å journalføre brev frå konsernsjefen i Uni Storebrand, Jan Erik Langangen, om planane han hadde for å raide den svenske forsikringsgiganten Skandia.

Det var stabssjefen til Gro Harlem Brundtland, Bjørn Skogstad Aamo, som handterte brevet og sytte for at det ikkje vart journalført korkje ved SMK eller i Finansdepartementet, som han gav ein kopi av brevet.

«Brevsaka» fekk etterspel og kritikk frå Sivilombodsmannen.

Hemmeleg journal

I 1993 kunne Bergens Tidende avsløre at fleire departement opererte med to postjournalar, ein offentleg journal og ein som var ukjend og ikkje tilgjengeleg. Den siste inneheldt post stila til den politiske leiinga. Konsekvensen var at tusenvis av brev og dokument årleg ikkje kom i den offentlege postjournalen og fall såleis utanfor alt innsyn og kontroll.

«Svært betenkeleg og i strid med regelverket», uttala riksarkivar John Herstad den gongen.

Justisdepartementet var eitt av departementa som heldt seg med ein slik praksis. Departementsråden den gongen, Leif Eldring, uttala at han ikkje var klar over at «politikarjournalen» ikkje hadde vore tilgjengeleg for publikum og presse.

Saka fekk etterspel i Stortinget etter at det kom for ein dag at nesten alle departementa hadde hatt den same praksisen. Resultatet vart at departementa måtte slutte med den tidlegare journalpraksisen.

EU-dokumenta

I 1994 avslørte Norsk Skoleblad at Utanriksdepartementet i mai same år hadde pålagt alle departementa å unndra alle EU-dokument frå offentleg innsyn. Opplysningane om rundskrivet kom fram under behandlinga av ein klage Skolebladet hadde fremja til Sivilombodsmannen over å ha blitt nekta dokumentinnsyn i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet.

Kort tid før folkerøystinga i november 1994 kunne Bergens Tidende også avsløre at fleire departement, med fullt overlegg og i strid med regelverket, hadde utsett journalføring av mange dokument som galdt EU-forhandlingane.

Gro var stjerna på EU-laget i 1994, men i Stortinget vart ho svar skuldig på spørsmål om samrøre mellom Arbeidarpartiet og departementskontora før valkampen i 1995.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

I september 1994 vart det også kjent at Utanriksdepartementet (UD) alt i mai 1993 hadde bede Justisdepartementet lage ei «kokebok» i hemmeleghald til bruk for å halde hemmeleg dokument om EU-forhandlingane. Siktemålet var å finne smotthol i offentleglova som kunne nyttast for å unndra dokument frå innsyn.

Men i dette tilfellet manna Justisdepartementets lovavdeling seg opp. På punkt etter punkt avviste lovavdelinga tankegangen frå UD.

«Indrepolitisk grunn»

Etter at dette vart kjent, fekk Bergens Tidende tilgang til notat frå rettsavdelinga i UD som viste at denne avdelinga hadde åtvara UD mot det hemmeleghaldet departementet la opp til. Avdelinga hadde kome til at det måtte vere indrepolitiske grunnar, ikkje juridiske argument, som kunne grunngje hemmeleghald av dei posisjonspapira regjeringa hadde presentert. Posisjonspapira var nemleg overleverte til EU.

Rettsavdelinga uttala at så vidt ho visste, hadde EU ikkje noko imot at posisjonspapira vart offentleggjorde. Avdelinga såg ikkje at offentleggjering ville skade norske interesser. Derimot såg ikkje rettsavdelinga bort frå at ei offentleggjering ville skade regjeringa og stortingsfleirtalet internt.

Rettsavdelinga peika vidare på at føremålet med offentleglova nettopp er å sikre opinionen – og med det også opposisjonen – innsyn i verksemda i forvaltninga, også for å kunne utøve kritikk.

Denne saka illustrerer på ein framifrå måte kva haldningar som i stort gjer seg gjeldande i spørsmål om innsyn i kontroversielle saker.

Valkamp-dokument

I 1995 avslørte Bergens Tidende samrøre mellom Arbeidarpartiet og departementskontora i opplegg for valkampen i 1995. Partikontoret sende brev til SMK og bad om å få oversyn over saker som var under arbeid i departementa. Føremålet var å nytte materialet i valkampen. SMK sende brevet vidare til alle departementa.

Brevet vart ikkje journalført korkje som inngåande eller utgåande dokument ved SMK. Etter pålegg frå SMK var det heller ingen av departementa, med unntak av Kommunaldepartementet, som journalførte dokumentet. Heller ikkje svarbreva vart journalførte.

Departementsråden (nå regjeringsråden) ved SMK måtte sidan stå fram og vedgå at alle dokumenta skulle vore journalførte, og at ein hadde gjort seg skuldig i lovbrot. Saka fekk også etterspel i Stortinget. Men statsminister Gro Harlem Brundtland greidde ikkje, trass i fem spørsmål i Stortinget, å gje noka forklaring på kvifor dokumenta ikkje var journalførte.

Meir hemmeleghald

I 2008 fekk vi nye døme på hemmeleghaldskulturen ved SMK. I samband med bankkrisa vart det kjent at konsernsjefen i DnB, Rune Bjerke, hadde hatt samtalar med statssekretær Karl Eirik Schjøtt-Pedersen ved SMK om saka. Schjøtt-Pedersen laga notat om samtalane. Dette notatet bad fleire redaksjonar om innsyn i, men fekk avslag.

Nokre redaksjonar klaga omgåande avslaget inn for Sivilombodsmannen, medan andre lét seg freiste til å klage til Kongen i statsråd. Resultatet var at SMK, i staden for å la klageprosessen hjå Sivilombodsmannen gå sin gang, sytte for å hastebehandle saka i statsråd, slik at ein sette ein effektiv stoppar for Sivilombodsmannen. Sivilombodsmannen kan nemleg ikkje behandle saker som har vore i statsråd.

SMK-aktivisme

I 2009 fekk vi fleire døme på «embetsmannsaktivisme» frå SMK. Sivilombodsmannen hadde til behandling ein innsynsklage mot Olje- og energidepartementet. Departementet gjekk då til det skritt å nekte å utlevere dokument til Sivilombodsmannen. Ombodsmannen vende seg då til SMK, men SMK ville heller ikkje medverke til å gje ombodsmannen det han bad om. Ombodsmannen såg seg då nøydd til å sende ei særskild melding til Stortinget om saka for å varsle at han vart hindra i å gjere jobben sin.

Parallelt med dette vart den parlamentariske leiaren i Senterpartiet, Rune Skjælaaen, intervjua om saka i Bergens Tidende. Han retta krass kritikk mot partifellen, olje- og energiminister Terje Riis-Johansen, for å ha hindra ombodsmannen i arbeidet.

Seinare fortalde Skjælaaen at den nest øvste embetsmannen ved SMK hadde teke opp saka med han og sagt til Skjælaaen at «eg syns du har sagt nok om den saka». Skjælaaen reagerte sterkt og oppfatta det som eit forsøk på å styre han som politikar.

Etter dette kom det ei forklaring frå SMK som Skjælaaen stempla som «blank løgn».

Saka fekk eit etterspel i Stortinget, der ein samrøystes kontrollkomité retta krass kritikk mot olje- og energiministeren. Komiteen gjekk også inn for, i tråd med tilrådinga frå Sivilombodsmannen, å oppheve ein lovparagraf som regjeringa hadde brukt for å nekte Sivilombodsmannen innsyn.

Solberg/Finnes-saka

Ingen av dei som var involverte i aksjesakene til Sindre Finnes ved SMK, har vilja svare på kvifor dokumenta i saka ikkje vart journalførte. Det gjev grunnlag for fleire spørsmål:

1. Kvifor vil dei ikkje svare?

2. Var dette noko som var avtala med Erna Solberg, eller var ho berre innforstått med dette?

3. Eller gjekk dei bak ryggen på Solberg og gjorde dette utan at Solberg var klar over det?

4. Kva var motivet for å unnlate journalføring – i strid med lova, noko dei to toppjuristane sjølve må ha vore klar over.

5. Var dette ein etablert praksis ved SMK?

6. Når vart denne praksisen i så fall innført, og kva var bakgrunnen?

SMK har opplyst at dei i dag ikkje har funne nokon skriftleg instruksjon om at slike dokument ikkje skulle journalførast. Men dette er tema som kanskje berre var lufta munnleg?

Dagens regjeringsråd, Anne Nafstad Lyftingsmo, har heller ikkje sitt på det tørre. Ho lét vere å journalføre ei brevveksling med Sindre Finnes om styreverv han ville ta på seg. «Gløymde å journalføre», ifylgje SMK.

Denne saka ligg nå i kontrollkomiteen på Stortinget.

Dei manglande svara kan tvinge fram bruk av paragraf 75 h i Grunnlova for å kome til botnar i saka. Den paragrafen gjev Stortinget rett til å pålegge «kven som helst» å møte og gje forklaring.

Summen av lovbrot i desse sakene viser at tida er overmoden for å innføre straffesanksjonar mot den som bryt offentleglova. Det er kanskje det som må til for at lova skal bli teken på alvor.

Vidar Ystad er journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis