JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Ein flaum av kostnader

Kloakk, kommunegjeld, rente, inflasjon, styrtregn og EU er nokre av grunnane til at lovnadene til Erna Solberg blir vanskelege å oppfylle.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Meir styrtregn er ein av fleire grunnar til at kommunane kan få større utgifter i åra som kjem. Biletet er frå Ljabruveien i Oslo 27. august, da uvêret «Hans» feia over Austlandet.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

11098
20230908
11098
20230908

Samfunn

peranders@dagogtid.no

Etter alt å døme kjem Høgre til å bli den store valvinnaren i haust, og partiet kan rekne med å få ordføraren i langt fleire kommunar enn før. Dei komande valvinnarane har fått eit krevjande påbod frå partileiar Erna Solberg. «Dette er Høyres viktigste løfte for privatøkonomien til innbyggerne knyttet til kommunevalget: Nivået på eiendomsskatt, kommunale avgifter og gebyrer skal holdes nede der vi får ordfører, sier Solberg til VG», sa Solberg til VG 1. juni. Ho gjekk langt i retning av å love at skattar og avgifter skulle frysast på 2023-nivået: «Når vi kommer til kommunevalget i 2027, så bør ikke nivået på kommunale skatter, avgifter og gebyrer være høyere enn de er i dag i Høyre-kommuner», sa Solberg. Om ei avgift går opp, skal ei anna reduserast tilsvarande slik at summen ikkje aukar.

Denne lovnaden blir ikkje enkel å halde. Rett nok har norske kommunar inntil nyleg hatt gode dagar: Høg sysselsetjing og meir skatt enn venta frå utbyte har gjeve dei fleste kommunane større skatteinntekter enn budsjettert dei siste åra. I fjor var det berre 14 namn på Robek-lista, den statlege nidstonga som viser kommunar med alvorleg ubalanse i økonomien. Men no blir det langt trongare tider for Kommune-Noreg. Det er det fleire grunnar til, og vi byrjar med alt det som går i vasken.

«Prissjokk»

«Varsler prissjokk på vann og kloakk» var tittelen på ei NRK-sak i oktober i fjor. Det er gammalt nytt at det står dårleg til med vassleidningar, avløpssystem og reinseanlegg i mange kommunar. Somme stader er vassrøyra meir enn 100 år gamle, og etterslepet på vedlikehald er enormt. I tillegg kjem behovet for å oppgradere infrastrukturen for å møte nye krav til vassforsyning og avløp. I 2021 kom ein rapport tinga av bransjeorganisasjonen Norsk Vann. Den tok for seg investeringsbehova til kommunane i vatn og avløp fram til 2040, og kom fram til ein kolossal sum: 330 milliardar kroner, var anslaget.

Kostnadene med vatn og avløp skal dekkjast etter sjølvkostprinsippet: Gebyra skal verken vere større eller mindre enn det tenestene kostar kommunane. Om anslaget frå Norsk Vann held vatn, inneber det i snitt ei dobling av gebyra for vatn og avløp i norske kommunar. I somme regionar kan det bli snakk om ei tredobling. Ein slik prisauke kjem til å svi for mange. I fjor var dei samla gebyra for vatn og avløp for ein gjennomsnittleg bustad i Noreg på 11.000 kroner, syner tal frå Huseiernes Landsforbund. I somme kommunar er gebyra på nesten 25.000 kroner per bustad.

Alle aukar

Den varsla kostnadsauken er alt godt i gang, for oppgraderinga av vassforsyning og avløp har kome langt i mange kommunar. For tida blir det brukt 16–17 milliardar på dette årleg, ifølgje kommunesektorens interesseorganisasjon KS. Dermed stig avgiftene. Da KS laga ei spørjeundersøking i eit utval på 79 kommunar i fjor, svarte alle at dei planla å auke gebyra for vatn og avløp i 2023. 40 prosent av dei spurde kommunane rekna med å auke gebyra med meir enn 20 prosent, resten ville auke dei med mellom 10 og 20 prosent.

Nye krav

Kloakksystem og reinseanlegg er dyrt å byggje i dag, men enda dyrare skal det bli. Snart er det ikkje nok å oppgradere avløpssystema til å møte dagens krav, for lista kjem til å bli heva. EU er i sluttfasen med å revidere avløpsdirektivet sitt, som òg gjeld her i landet gjennom EØS-avtalen, og krava til reinsing blir etter alt å døme mykje strengare. Det er framleis uvisst kor mange unnatak Noreg kan forhandle seg fram til. Dette landet har ein natur, topografi og eit busetnadsmønster svært ulikt EU-landa. Ikkje alle reinsekrav som gjev meining i Nederland og Tyskland, gjev meining i Sogn og Fjordane og Troms. Men kostbart blir det uansett.

Dersom utkastet til nytt direktiv blir ståande, og Noreg ikkje får unnatak, kan den ekstra kostnaden bli kring 100 milliardar for Noregs del, meiner Norsk Vann. Den summen kjem i så fall på toppen av dei nemnde 330 milliardane det kan koste å ruste opp vassforsyning og avløp til dagens standardar.

Meir flaum

Det er ikkje berre det vatnet som renn i røyr, som påfører kommunar og folk flest nye kostnader. Som folk på Austlandet fekk merke da uvêret «Hans» råka Noreg i august, er det dyrt å handtere vatnet oppå jorda òg. Nedbøren i Noreg har auka med 20 prosent sidan 1900 og er venta å auke med kring 10 prosent til mot slutten av hundreåret. Ikkje minst er det venta fleire episodar med styrtregn. Og flaum er dyrt.

Her er ikkje kommunen åleine om ansvaret. Kvar grunneigar skal i utgangspunktet handtere vatn som renn over sin eigen eigedom. Men kommunen er lovpålagd å «legge til rette for helhetlig forvaltning av vannets kretsløp, med nødvendig infrastruktur». Ansvaret for vasshandteringa er til dels uavklart og omstridd – til tider hamnar slike disputtar i rettssalane. Kor mykje overvasshandtering kjem til å koste kommunane i åra framover, veit ingen. Men billeg blir det ikkje.

Sikring

Når det gjeld flaum- og skredsikring, ligg det overordna ansvaret hos Noregs vassdrags- og energidirektorat. NVE meiner det vil koste ein stad mellom 50 og 120 milliardar kroner å sikre alle bygg i Noreg mot skred og flaum på eit vis som oppfyller dagens krav når det skal byggast nytt. Direktoratet får pengar til dette over statsbudsjettet, men staten tek ikkje heile rekninga. Kommunane må nemleg betale ein eigenandel på 20 prosent for slike sikringstiltak, og mange av dei strevar med å finne pengar på budsjetta til å betale sin del. Dermed blir mange tiltak for å sikre mot flaum og skred utsette.

Også på dette feltet er det truleg at utgiftene for kommunane kjem til å auke heller enn minke i åra som kjem.

Pengar kostar

I tillegg til klimaendringane har lokalpolitikarane fått eit meir akutt problem i fanget: Renta skyt som kjent i vêret. Kommunane er styrde av menneske, og oppfører seg ofte nokså likt privatpersonar. Det er freistande å ta opp store lån og ta seg råd seg til litt ekstra når renta er ned mot nullpunktet, slik ho stort sett har vore sidan finanskrisa i 2008. Det har hushalda gjort, og det har kommunane gjort. Til gagns. I 2000 hadde kommunane drygt 100 milliardar kroner i gjeld, syner tal frå Statistisk sentralbyrå. I 2010 hadde gjelda auka til 260 milliardar. I 2020 var gjelda komen opp i 555 milliardar, og no er ho på 677 milliardar. Kommunegjelda har auka langt meir enn driftsinntektene i desse åra.

Lenge gjorde lågrentepolitikken desse låna lette å bere: Sjølv om gjelda voks år for år, auka ikkje kostnadene med å handtere ho. No er det som kjent nye tider. Om låna har blitt nytta til reinseanlegg, sårt tiltrengd oppussing av skular eller til overdådige kulturhus spelar ikkje så stor rolle: Gjelda er der, ho er stor, og ho må betalast. Og det svir i mange kommunar.

Dyre prosentar

Her må vi understreke at kommune-Noreg er mangfaldig. Somme kommunar har langt meir pengar på bok enn dei har gjeld, og ordførarane i desse kommunar har liten grunn til å uroe seg over den stigande renta. I tillegg finst det fleire ulike typar kommunegjeld, og mykje av gjelda er upåverka av at styringsrenta stig. Men om vi berre ser på såkalla renteeksponert gjeld i kommunane, var ho på nesten 250 milliardar kroner i fjor, syner tal frå SSB. Det er nesten dobbelt så mykje som i 2014.

Når gjelda er så stor, bit renteauken hardt i budsjetta rundt i landet. Kvart prosentpoeng høgare rente vil isolert sett påføre kommunesektoren 2,7 milliardar kroner i ekstra utgifter, heiter det i siste kommuneproposisjonen frå regjeringa. Slike tal er litt abstrakte og fortel kanskje ikkje så mykje. Men om vi ser på kva aukande rente inneber på kommunenivå, blir det litt meir konkret.

Gjeldstoppen

Nesten kvar tredje kommune har større gjeld enn brutto driftsinntekter. På gjeldstoppen ligg Berlevåg, med gjeld som svarer til 220 prosent av driftsinntektene – eller 420 000 kroner per innbyggar i kommunen, skreiv Finnmark Dagblad i mars. Store investeringar i skule, basseng og hamneanlegg ligg bak gjeldsauken. I 2021 betalte Berlevåg 12 millionar kroner i renter og avdrag, nærare 10 prosent av driftsbudsjettet. Den prosentdelen blir langt større etter kvart som renta stig.

Ein annan gjeldstyngd kommune er Ørland i Trøndelag. Der var renteutgiftene for kommunen 50 millionar i 2020. I år ligg Ørland an til å betale 82 millionar i renter, og neste år blir kostnadene truleg på 92 millionar, sa kommunedirektør Marit Ervik til Fosna-Folket i juni. For å få budsjettet til å gå opp i år kjem Ørland truleg til å bruke ein fjerdedel av sparepengane i det såkalla disposisjonsfondet.

Pessimisme

Ørland er truleg berre ein av mange kommunar som må knuse sparegrisen i åra som kjem. Den stigande renta – og den sterke prisveksten på alt frå straum til stål – gjer at alle investeringar kommunane har vedteke, kjem til å koste langt meir enn venta. I lys av alt dette, kor realistisk er det å få realisert lovnaden som Erna Solberg kom med i juli?

Om ein skal tru ei rekkje Høgre-politikarar som Aftenposten har intervjua den siste veka: ikkje så veldig. Eirik Lae Solberg, Høgre-leiar i Oslo, slår fast at dei kommunale avgiftene kjem til å auke. Christine Meyer i Bergen seier det same. Høgre-ordførarane i Askvoll, Refsnes, Askøy, Råde, Vestnes og Tvedestrand ser heller ikkje for seg at dei kan halde avgiftene nede. Investeringar i vatn og avløp, stigande rente og løns- og prisvekst gjer at alle reknar med å skru opp satsane.

Stoler på staten

Ein optimistisk Høgre-ordførar er derimot Steinar Bergsland i Tinn kommune, som er i ferd med å oppgradere vatn- og avløpsnettet for nærare ein milliard kroner. 2. juni jubla han i eit intervju med Kommunal rapport over lovnaden frå Solberg. Bergsland tolka det som ein lovnad om at kommunane skulle få hjelp til å dekkje dei store investeringane: «Jeg lener meg på Erna og tror hun og staten vil ta en stor del av kostnadene. Slik jeg forstår det så må jo løftet bety at staten tar en del av kaka», sa Bergsland.

Så langt er det ingen teikn til at det var det Erna Solberg meinte.

Generelle svar

Erna Solberg har så langt ikkje følgt opp utspelet frå juni med ei utdjuping av korleis kommuneøkonomien skal gå opp dersom skattar og avgifter ikkje kan auke. I denne saka er det kommunepolitisk talsperson Mudassar Kapur som svarer for Høgre. Dag og Tid bad om eit intervju med Kapur, som bad om å få spørsmål på e-post. I e-brevet vi fekk attende, var det ingen direkte svar på dei ti spørsmåla Dag og Tid sende. Men Kapur skriv mellom anna dette:

«Høyrestyrte kommuner skal holde summen av kommunale skatter, avgifter og gebyrer nede. Det er summen som teller. I mange kommuner går vi til valg på å fjerne eller redusere eiendomsskatten, og det vil gi et viktig bidrag til å holde nivået nede.»

«Det kan være noen kommuner, blant annet rundt Oslofjorden, som får økte kostnader med å rense fjorden. Noen steder vil en avgift måtte gå opp, men da skal vi snu alle steiner for å sette ned en annen skatt, avgift eller gebyr», skriv Kapur.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis